onsdag 12. mars 2008

norsk heildags og framtidsplanar.

Herrrlig. No er eg ferdig med dette semesterets heildagsprøve i norsk. Eg fekk det som eg ville og kunne velje novelletolking som opppgåve. Konge! Sjølv om eg ikkje fekk nok tid til å skrive ned alle dei kule tankane mine kring novella, må eg innrømme at dette er den beste norskheildagsprøva eg har hatt. Mitt vanlege mønster går slik:
1. kjem relativt fort i gang. Mange idear i byrjinga.
2. i elleve-tolv tida får eg hjerneteppe -> skrivesperre -> panikk. Gir nesten opp håpet og vil grine.
3. det går ganske greit att, og eg blir ferdig litt før tida, men lite nøgd.

I dag gjekk det slik:
1. SKRIVE FOR FULT I 5 TIMAR!
2. 13.40 = innlevering. Får krampe i handa men vert ferdig. NØGD.

Ah. Det er mars og vår. Eg trur eg må låne meg "Pan", så eg kan lese den i påska. Snart er det nemleg påskeferie, og snart er det praksis. Og snart etter det att er det Dokumentarfilmfestival i Volda. Deretter er det mai med alle dei kjekke dagane. Så kjem juni og snart skuleslutt. Jippi YO. Livet er ein dans på roser, spør du meg. I alle fall fram til neste år.

Ingen kommentarer: