tirsdag 11. mars 2008

Ein måndag.

No er det snart slutt på denne vekas måndag. Eg har hatt ein fin dag, så eg skal ikkje klage. Det har vore fint vér, og alle rundt om kring vert blide. Geir vert effektiv og kreativ i tillegg, seier han. Det syntes eg var kult, for då vaska han så mykje opp etter seg, og då er hybelen fin og rein. I går returnerte eg til Sandane klokka åtte om kvelden. Eg hadde med meg kusina mi, Inger, som gjerne vil bu her neste år. Ho fekk seg ein liten omvisning på hybelen til Janne, Kristine og Hilde og tykte den var svært koseleg. Det tykkjer eg òg. Trur det blir stas og ha litt slekt i hus.

I dag var siste gongen med teorikurs. Det visste eg ikkje før Asgeir sa det før vi gjekk. Eg visste heller ikkje at vi skulle ha ei lateprøve. Eg og Sonja var tydelegvis dei einaste, noko som eigentleg ikkje forundrar meg, i og med vi er herr og fru distrè. Eg kunne cirkus halvparten av spørsmåla. Resten tippa eg på. Det er litt for dårleg. Men det gav meg i allefall motivasjon til å øve. Trudde eg. Då eg kom heim skulle eg eigentleg sette meg ned og lese for fult. Men så var det så støvete på rommet mitt, at eg rett og slett tok og vaska litt. I same slengen sorterte eg alle ark som låg laust og i skrivebøker. Reinska ut alt stoff og ustoff, satte noko av det i permar og resten kasta eg. Eg kunne eigentleg ønske ein kunne resirkulere papir til tre igjen. Det hadde vore koseligare, og samvitet mitt hadde ikkje fått ein knekk kvar gong eg kasta ein haug kladdeark (og andre ark).

Må berre til slutt fortelje ei lita solskinnshistorie frå i går; Geir skulle drikke O´Boy av det store bolleglaset vårt, og klarte å knuse eit lite hol mitt på sida av glaset medan han rørte med skeia. Planten Gro, som Ingvild ved eitt uhell mista i golvet under litt uberska dansing på hippiefesten, har no stått utan potte i fleire veker. Geir har tetta det lille holet i glaset med eit tøystykke av ein ofra boksershorts og planta Gro ned i glaset. Kjempesøtt!

Gro.

1 kommentar:

Gråsona sa...

Haha fekk ho namnet Gro etter forgjengaren hennar Gro som døydde i filmen, men planta i hagen mitt, g stod opp den tredje dagen?