onsdag 30. april 2008

Dåli

Ja, eg har ikkje vore særleg til bloggar i det siste. Det har vore så mykje kjekt, og så mykje og gjere, at eg rett og slett ikkje har funne tid til å blogge. Heller ikkje til å rydde rommet mitt. Det ser for tida ut som ei ungkarsbrakke frå 90-talet. Lite tøft.

For å oppsummere forrige(, herlege) veke:
  • SOL
  • Grilling
  • Kosing
  • Glattkøyring
  • Bergen
I morgon, eller rettare sagt, om nokre timar seinare i dag, skal eg ha samfunnsfagprøve. Det kjipe va at eg ikkje fekk vite om den hersens prøva før ca. i dag. No gjenstår det og sjå kor mykje kunnskap som har fått plass "oppi der" denne gongen. Eg har ikkje for store forventingar. Vi får sjå. Vi får sjå.

No gler eg meg berre til skulen er ferdig for dagen, slik at eg kan ta med meg mine herlighetar til Florø, så dei kan få sjå min vene heim, og reise til Førde med mine andre herlighetar. Det vert kjekS.

fredag 18. april 2008

Host hark nys

Forkjølinga har gått opp eit nivå, og eg befinn meg no i host, hark, nys + vond hals perioden. Utruleg ubehageleg. Og eg hatar å vere på jobb med hosting. Då meinar eg Remajobb. Jaja, det er no ikkje så kjekt å vere på webdesignjobb helelr, for den del. Tingen er berre at når eg fyrst byrjar å hoste, tar det eit hundeliv før det stansar att. Og på Rema, med utolmodige sunnfjordingar på rad og rekke("ring på ny kasse dååå"), tykkjer eg dette er bortimot ukult.

Jajajajaa. No er det tre minutt til eg er done for the day her på Ramzey. Eg og pappa skal på Fretex (eg ville, han sa ja), så ete noko godt, så køyre, så sjå på billegsofa til hybla. Veret er heilt fantastisk, og no (to min seinare) byrjar eg og pakke sammen.

torsdag 17. april 2008

Samandrag. Om du gidd liksom.

Eg orkar ikkje skrive heilt ut akkurat no. Eller seinare for den del. Eg skriv i kodar/stikkord og håpar folk forstår. Det er ikkje særleg djupe saker, men verdt å nemnast. Here goes:

Fredag:
Heim-Florø m/ båt. Sur betjent, utsolgt for ungdomskort -Min feil. plis.
Heim til Elisabeth -babsitter for the weekend.

Laurdag:
Jobb på Rema=ok. Simon har fått lapp, og køyrde heim. Eg+Eli+Taco+Poccahontas+jordbær=sant. Nattetur på Brandsøyåsen med veslesyster. Kjempekoseleg, mørkt og litt skummelt. Til sengs 23.30 -impregnert over meg sjølve.

Sundag:
Eg+Eli+Taco+Bambi+jordbær=sant til frukost. Herleg. Sykkeltur, bake bollar og lage kort. Pappa heime halv ni. Fin helg, fin pappa.

Måndag:
Båt til Bergen m/ hyggeleg ansatt +ungdomskort. Til Ramzey kl tolv. Får italiensk is med boss og har det berre kjekt. Kjem heim til fin familie. Eivind (pappa) har bursdag=kake og førtiåringbesøk. Ingvild (syster) og eg går to timar lang tur utan å heilt vite kvar. Kjempekjekt.

Tysdag:
Lite produktiv jobbdag. Litt lei + lite og gjere. Saknar skule + Sandanevener. Kjem heim til fin familie. Bodil (mamma) har bursdag=eg lagar grønsakpai til heile familien med tre pakkar paideig (!!). Frustis m/ Ingvild og Mathilde. Kjempespanande episode. åiåi.

Onsdag:
Vaknar med kjempevond hals. Ramzey=kjempeproduktiv dag. Gjer meg heilt ferdig med ulveklistremerker, som alltid har vore eit pirkeprosjekt. Lært mykje Indesign. Vidareutvikla BOMS med communityfunkjson. Bestilt Roskildebillett og er overlykkeleg. Etter jobb=Stian=kos+kaffi+Burger King+vindusshoppe. Kjempegodt og sjå att.

Kjem heim med planar om fjelltur m/ Ingvild og Mathilde, kakao og grillings. Men er fornuftig og blir heime grunna vond hals og stort bli-liggande-sjuk-potensiale. Skal jobbe laurdag=kan ikkje vere sjuk. Fiksar alle rekningar og har framleis pengar. Livet er herleg.

I morgon skal eg vere med pappa som har standby i Bergen. Eg skal til og med kanskje køyre litt bil. Skummelt. Seinare skal eg sjå på sofa til hybel og gå på kino med Ingvild. Litt trist at det snart er gått tre veker, men eg kjenner òg at det skal bli kjempegodt å komme att til fagre gloppen. De er elska av meg.

lørdag 12. april 2008

friday friday friday

Åiåi! Ei arbeidsveke har allereie passert utan ein gong å seie i frå! Ute skin sola, og her inne sit eg og får svett til å svette. Du skjønar kanskje kva eg meinar om du ser på biletet til venstre. Saken er nemleg slik at treningskjeden ”Svett og blid” skal skifte namn til ”sprek og blid”, og vil markere dette ved å lage ein animasjon til heimesida. Ramsøy Design har fått dette oppdraget. Og eg har under dei att fått i oppdrag å lage eit fyrsteutkast til skissene til animasjonen som skal lagast. Den vert etterpå sendt til ein DAN i Australia som skal lage den i Flash. Han er proPro.

Eg har hatt ei herleg veke. Eg må berre ha sagt det. Det er vel kanskje difor den har gått så uendeleg fort. På jobb går det no strålande. Eg har mykje å gjere, og har eit veldig allsidig og variert arbeid og jobbe med. Alt i frå å setje opp romplanar til messer Ramsøy har laga veggdesign til, til heimesider for born med Downs syndrom i Hordaland. Eg har det kjempekjekt. Dessutan har eg det svært koseleg med mine to Ramsøy kollegar. I går fekk eg is av dei. Koz.

På onsdag hadde eg først møte med BOMS, for å høyre om dei likte designet på heimesida. Dette var eg svært spent på, og vart sjølvsagt kjempeletta då ho utbraut: ”Wow”. Hoh, pust ut. ”Eg trodde det kom til å bli heilt bommers, men det her e jo heilt perfekt.” Eg vart så glad. Det einaste negative var det gule rundt bussen. Ho foreslo ei jordklode i stadenfor. Dette har eg fiksa no.

Seinare gjekk eg, Ingvild og Mathilde tur. Ingvild skulle etterkvart på volleyballtrening, så eg og Mathilde gjekk vidare opp på Eidsvågfjellet without. Då vi var komne opp på toppen, ringde Marte og ville vere med. Så vi gjekk ned, henta ho, og gjekk opp att. Då eg fyrst høyrde vi skulle på tur, tenkte eg det var slik ein ”around the block”-tur på asfalt. Ikkje ein fjelltur med gjørmestiar. Så eg kom no gånde med Converse-skoa og ulljakka mi. For å understreke kor upassande antrekket var, kan eg fortelje at eg hadde bark i navlen og snurklesko då eg kom heim att. Men det var no verdt det. Gnagsåra òg. For det var ein kjempefin tur med solnedgong i skyteppe over Bergen by. Nudeli.

I går besøkte eg Hilde i Norheimsund. Det var kjempekoselig, og alle var berre hæppihæppi. Eg fekk verkeleg sansen for internatlivet. Det verkar så kjempekoseleg og sosialt. Samstundes tenkjer eg at det fins visse fellestrekk for hybellivet eg har. Så eg klagar ikkje. Berre beundrar.

No fekk eg nettopp ein til is med sjef. Herlig! Alle er i fredagsmodus og gjer litt som ein vil. Nokon sit på skype, nokon skriv blogg (høh?) og nokon tyt i telefon.

Snart tar eg båten heim att til fagre Florø. Eg skal passe Elisabeth i helga, fordi alle er vekkreist. Det synes eg er greit. Då får eg ein ekstra slant pengar, og kan kanskje skippe jobbhelga eg har så lyst å tilbringe i Bergen for å feire IngvildRoomie. Jihu.

Ein halvtime igjen no...

tirsdag 8. april 2008

Web, yep!

No er det måndag att, og eg har hatt ein fin dag på jobb. Eg har faktisk hatt den beste dagen hittil i praksisperioden. Tida gjekk kjempefort, og eg fekk lage heimeside til verdens kulaste "forening". Forkortinga er BOMS, og står for "Bergen Omreisende MusikkSirkus". Kult? Det blir betre: sirkuset køyrer rundt i ein buss frå 50-talet og sel økologiske matvarer i tillegg til spreiinga av musikk. Eg har lært meg Webyep og sett meg inn i Rapidweaver. Det er eit program som eigentleg hadde eigna seg mykje betre for oss, som berre får tre veker webdesign i året. Konge. Ein liten smakebit av BOMSsida:


søndag 6. april 2008


Florø er ein herleg plass. Denne helga har eg verkeleg funne roa. I dag gjekk familien på Brandsøyåsen, og fann ut undervegs at vi heilt hadde gløymd loppemarknaden vi hadde planlagt å gå på. Om vi skulle rekke det, måtte vi gå ned den andre vegen -mot Brandsøya. Ein stk familie Schwett ankom marknaden utan sminke, fulle av granbar og med uvaska hår. Men det hindra oss ikkje i å troppe opp og beundre det herlege, gamle skrapet som var strødd utover gymsalen i Brandsøy skule. Mamma fann den mørkebrune, veteranskjenken ho hadde drøymd om, og hadde kjøpt den på flekken, hadde det ikkje vore for mangel av mål. I morgon legg ho nok inn bud, skal de sjå.

No sit eg på kjøkenet med sveitsarsjokolade, melk og Madrugada. Ahm...

lørdag 5. april 2008

Thomas.

Også; nett litt helgekos:

FURE Værbitt

Sånn halvegs på impuls reiste eg i dag (fredag) til Florø. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å bli att i Bergen i helga, men sidan pappa skulle køyre, og eg likevel ikkje hadde nokon planar, kunne eg liksågodt vere med. No har eg vore på utstillinga til onkel Per, og den var heilt fantastisk. Eg elskar verka hans. Dei er utrulege. Utan å overdrive liksom. Eg var kjempestolt, og han fekk solgt over halvparten av (eg kan ikkje sei bileta) kunstverka. Vi kjøpte eitt. Då var eg nøgd. Etterpå fekk heile slekta komme på VIP-fest heime hjå Fure-Grøtting familien, der suppe, vin, song og volum stod på menyen. Dei utanforståande som var til stades, kan eg tenkje meg følte seg litt brydde, når mamma og dei tre systrene byrja og "ÅJE". Dei som kjenner mor mi, kan like godt få vite at ho er yngst, og at galskapen doblar seg for kvar syster som er eldre. Der er altså tre av dei. Kan du tenkje deg?
Morosam episode frå kvelden:

  • På utstillinga: litt småmurring frå den store folkemengda som beundra dei fine "bileta". Plutseleg høyrer ein "HAHAHEE", og det er sjølvsagt ingen andre enn Bente sin trillande latter som fyller heile salen. Mannen, Rune gøymer seg når han ser to viftande bein stikke ut i frå folkeklynga. Bente fortel i etterkant: "Nei, det hadde sæi sånn, at ho Irene og han Lars(?) skolle ha kappløp mot dæ bilde dei begge ville ha. For den som fyst sat raudt klistermerke på, fekk det. So dei sprang som noken hesta mot det, og trur ikkje du at æi sto rett framfor bildet dei storma i mot?! Dei kom på kvar si side av mæi, og dulta like mykje begge to. Æi berre for rundt og landa rett på rompa! Også berre låg æi der, som den SVISKA!"

onsdag 2. april 2008

Børgen (med rulle-R).

No har då min periode som praktikant starta. I tre veker framover skal eg vere utplassert i Ramsøy Design -eit grafisk design byrå, som ligg rett ved Torgallmenningen. Veldig praktisk. Etter ynskje frå Sonja skal eg skrive litt om korleis opphaldet mitt har vore til no.

Den fyrste dagen på jobb, må eg innrømme eg vart litt overvelda. Eg fekk oppgåver i program eg aldri hadde høyrt om før, og dei to andre på kontoret snakka eit webspråk som var gresk for meg. Eg spurte uskuldeg om det var Dreamweaver dei brukte som nettpubliseringsprogram, og fekk i svar at dei brukte både det og Rapidweaver, og tusen andre eg ikkje hugsar (sjølvsagt). Så... fyrstedagen vart eg litt slått ut. Det må eg berre ha sagt.

Dag 2, derimot, vart mykje betre. Eg fekk ein agenda som var mykje meir tileigna mine mediekompetansar, og eg jobba jamt og trutt 09.00-16.00. Eg laga blant anna ein ny logo for eit firma i same bygget. Riktig nok ikkje ein ny logo. Tingen var nemleg den, at firmaet hadde myst logoen i eps-format, og sat igjen med ein lågpoppløyst JPEG-fil. Eg vart sete på saka, og måtte teikne den på nytt Illustrator. Mareritt? Ja, om ein ikkje kan programmet, slik tilfellet var for min del. Min kjære boss viste meg defor ei TIP TOP side med alle tutorialane ein treng for å meistre samtlege CS3 program i Adobe pakken. Ver so GO´.

Den "nye" logoen. Den er ikkje særleg kul, men...: eg har teikna den, -i Illustrator!

I dag (onsdag) var det ein heilt vanleg dag. Følte eg i alle fall. Det var jo berre tredje dagen, så eg kan jo ikkje heilt definere ein ”vanleg dag” enda. AnywayZ. Fekk eitt nytt sett oppgåver. Mesteparten var vidarearbeid frå dagen i forkant. Mitt største prosjekt hittil i praksisperioden min, har vore FFU (Fellesaksjonen For Ulv). Heftige saker. Her har eg laga klistermerker, fargepalett, og banner til den nye heimesida. Om du vitjar den gamle, kan du lett skjøne kvifor dei vil ha ny. På klistermerka skal det stå diverse slagord frå patriotforeniniga. Nokre døme er:
  • Ja, til ulv!
  • Leve ulven!
  • Ja, til rovdyr i norsk natur!


Det tar jo heilt av. Men det er no heilt greit form min del. For så vidt. Det er eigentleg morsomt å lage klistermerke.


Ellers kan eg meddele at eg offisielt har vorte innvia i min vertssøsters kveldsklubb. Noko eg tykkjer er kjempekoseleg. Dei to veninnene som er like gamle som meg, er supersøte, og eg trur dette blir tre kjekke veker.

Kveldzklubben. Eg får være med i "the inner circle", og det er kult.



No er eg trøytt, og augene svir. Det kjennes faktisk ut som om nokon har putta ekstra salte Ritzkjeks under augeloka på meg. Berre på pur. For noken typa. TØFFE typa.