fredag 29. februar 2008

Detox og sånn.

No er det på tide med litt oppdatering av min halvdaude blogg. Den er like halvdaud som eg er no, på slutten av min detoxperiode. Uff og æsj. Eg er drittlei frukt og grønsaker. Kva kjem til å skje når eg har gjort meg ferdig med denne triste delen av livet mitt? Får eg eit samanbrot og må ete alle melke-, kjøt- og krydderprodukt i heile verda til eg døyr? Håpar det. For no lengtar eg som ein Ingvild etter Sopranos. Og eg veit ikkje kva du meiner, men eg trur det er gale. I naborommet (kjøkenet) sit Geir og les til prøve, OG et pizza. Tykkjer det er litt urettferdig. Han kom faktisk bort til meg med eit gloheitt stykke og trykte det under mi no svært sensitiv-for-deilig-mat-nase. Tosk. Heldigvis er fredag siste dagen, og eg skal unne meg mormor si betasuppe m/salt på kvelden etterfulgt av eit visstnok morosamt teater. Sjølvsagt blir det morosamt. Det er jo Stadlandet for crying out loud. I same slengen får eg òg teke nokre nye bilete til mi "under oppdatering"-heimeside: Ditlef-Maria-Huset. Eg vil helst ikkje lage ei lenke til denne sida før den er heilt ferdig -på nytt. For no er den eigentleg berre stygg. Men men. Det kjem seg, for ein tru.

No nettopp kom Lina krypande inn knirkedøra mi, og ville ha meg med på "Ut i vår hage"-fest. Eg sa nja og men atte... Men vart til slutt så blenda av det søte, vesle vesenet at det ikkje var råd å halde ut. Heldigvis kan eg holde meg på matta utan raudvin, fordi EG E PÅ DETOX. blah.

fredag 8. februar 2008

Lathans

Eg er no offisielt ein lathans! Eg utset alt som kan utsetjast, og skippar alt som kan skippast. Denne veka har eg:
  • ikkje byrja på rapporten (som skal inn i morgon).
  • sett litt for mykje "Desperate housewifes". Eg må jo sjå episodane eg ikkje har sett før den nye sesongen har premiere neste tysdag!
  • vore mykje hjå Mona, noko som har resultert i kosing/utsetting i stadenfor rydding og lekser.
  • ikkje ete snop (on the bright side, liksom. Berre sånn btw).
No er det eit nytt semester, og på tide med ein ny innsats. Både i skulevegen og husahaldninga. Motivasjonen og disiplinen eg hadde i haust er heilt borte, og rapporten eg framleis ikkje har rørt, får meg til å gjere alt anna.

No sit eg på mitt deilige, men støvete soverom, med Magnet på øyrene for å overdøyve superhøg trancemusikk frå Ingvild sitt soverom. Ho har besøk av Andreas. Lurar på kva dei prøvar å overdøyve. Heldigvis er det ikkje berre eg som ikkje har byrja på den hersens rapporten.

Hippiekostymet til helga heng på veggen og klar til bruk. På laurdag brakar det nemlig laust på min vesle hybel. 30 stk festlege vener kjem på hippiefeiringa av mitt attande år. Det vert kjempekjekt! Daniel, min bror og AnnLehen kjem òg. I morgon skal eg kanskje til Førde for å møte dei. Pluss mamma då. Ho skal dit på ferie med pappa, som flyg der. Vi skal ete noko godt saman, sidan eg ikkje skal heim på over ein månad. Mamma tykkjer det er litt drygt. Eg òg eigentleg. Men vil ein ha hippiefest, reise til Italia og få med seg Kaizers, er ein naudd å gjere nokre ofringar.

Æsj! No kom eg på at vi skulle lese eit Bjørneboe essay til i morgon. Norsk. Med Margot. Eg får vel gjer det då.

mandag 4. februar 2008

Kjempemessig!

Dagen vart faktisk mykje betre enn venta. Frokost på senga med champagne, berlinerbolle og ein klump herleg familie. Gåvene var dessutan overraskande store. Eg trudde heilt ærleg ikkje eg skulle få noko i det heile, sidan mine kjære foreldre betalar førarkortet, og vegen dit for meg. Av mamma og pappa fekk eg tur til London. Kjempesøtt. Eg og mamma skal ta oss ei langhelg med musikalar og loppemarknad among british gentlemen.

Til brunsj kom tante og onklar. Men plutseleg vart det mange fleire enn planlagt, og det var kjempekjekt! Nokre var blitt stuck i Florø grunna vèret, medan andre rett og slett kom som ei overrasking.

Ut på ettermiddagen gjekk Schwarz´ på Tomasine for å ete middag. Nam. Deretter tok eg bussen tilbake til Sandane, og fekk bursdagsklem og Oreokjeks med dei innfødde i huset. Geir hadde dessutan vaska kjøkenet til det glitra.


No er eg lukkeleg og ikkje irritabel. God natt

søndag 3. februar 2008

Overgangsalder?

Irritabel, eller berre kjempetrøtt? Eg veit ikkje. Ting har vore litt opp og ned, fram og tilbake dei siste dagane. Dårlige filmprosjekt og turbulent grupperbeid er nok til at eg blir lite kjekk og ha med og gjer. Dagane har gått frå å vere kjempekjekke til å vere kjempeteite. Eg har vore både glad i og kjempeprovosert på enkelte over svært korte tidsrom. Likevel følar eg eg har hatt eit nokså solid grunnlag for det. Andre er kanskje ueinige.

Svevnen er òg noko som går litt i berg og dalbane hjå meg for tida. Ei natt får eg sove, andre ikkje. No er det helg, og eg er i Florø for å jobbe og verte vaksen. Må berre få poengtere at eg faktisk (i dette nu) offisielt er atten år. Om det kjennast rart? Nei, ikkje i det heile. Eg er framleis Christine, har ein grøn koffert eg har gløymd og ein katt som heiter Oliver. Det einaste som har forandra seg er det bakerste talet av år eg har levd. Kanskje det nettopp er det som er svaret på diverse irritasjonar og svevnmanglar. Eg er kome i overgangsalderen. Eg prøvar å omsetje meg frå å vere born til å verte vaksen. Men endar opp med å skape ein dårleg aura rundt meg.

Intimfeiringa av bursdagen min vart kanskje ikkje heilt som venta. Eg var i utgangspunktet supertrøtt etter ein Remadag med: "Nei, eg kan diverre ikkje scanne øla sjølv, eg blir nemleg ikkje atten før i morgon". Gjestane var dessutan litt (for) blanda drops, noko som glatt resulterte i ei gedigen informasjonskløft. Og då meiner eg ei kløft på kryss og tvers. Hadde nok litt for høge forventningar.

Eg har forresten over lengre tid vore litt småirritert (overraska?) over alle forventningane folk har hatt til at eg skal "gå ut" og rule ein pub fem over tolv, når vaksenlivet endeleg tek til. Eg har roleg forklart at "nei, eg skal nok berre ha ein roleg kveld, og at eg heller skal feire meir neste helg på Sandane". "Men du blir jo atten", er som regel come backen. Helle dusten, tenkjer eg då. Eg skal jo vere vaksen resten av livet, kvifor starte det med det same når eg har ein mykje kjekkare kveld i vente i min eigentlege krets? Dessutan; av dei eg framleis er saman med frå Florø er det ingen som er atten, så hm... på pub aleine? Neitakk.

Eg er klar over at dette var eit særs deprimerande og sikkert irriterande innlegg, men slik er det altså. Atten -ikkje kult med det same. Får håpe det kjem seg. Det gjer det nok, forresten. For i morgon tidleg, (om litt) vil eg i det fjerne høyre: "hurra for deg som fyller ditt år..." og mi herlige familie kjem med frokost og gåver på senga til meg. Eg har alltid vore vekkskjemd med kjærleik og trivialitetar. Slik er det, og slik blir det. Til frukost kjem tante og onklar. Mamma arrangerar sjølvsagt. No skal eg lese eit par sider Harry Potter, og sjå om eg søv betre som vaksen.