torsdag 26. juni 2008

kort oppsum. trøtt lzm. gidd ik mer lzm.

4 dagar i florø: prison break, regn, kosevenna, tannlege (4 hol -> måtte booke to nye timar for å få totalrenovasjon. blæ), pizza hos tante, sol, pakking til roski, prison break, sakn-meldingar til resten av familien som er i det sveitsiske land; sveits (med 30 varmegrader, ost og fjell), klimpring på klaveret, mat av ingenting, prison break, altfor kosesjuk oliver (katt) = flott (flått, fløtt) all over.

med andre ord: chill dagar med mykje stress.

koz klemz gid og sånn.

lørdag 21. juni 2008

Kèp, hamburger og tøffe typa

Sommarferien har endeleg tatt til for fult, og i dag er det faktisk laurdag. Dei siste dagane har eg heile tida tenkt at det anten er sundag eller laurdag, og at skulen kvar augneblink skal sprette opp i trynet på meg. det har den foreløpig ikkje gjort, og eg byrjar å tenkje: "kanskje den faktisk ikkje gjer det før om åtte veker?" Og det er jo i bunn og grunn sant. Så ChriZ: FACE THE TRUTH.

På onsdag feira Fredrik gebursdagen sin, og valde å selebrere med ein kèpfest. Eg kledde meg ut som Kép i eigen person, og vil seie eg lukkast. Elles hadde vi litt av kvart: RidderKép, RaddisKép, SølvKép, HårKép etc. Ein liten kjip ting som diverre skjedde var at eg myste fotokameraet mitt, og finn det ikkje att. Om nokon, mot all formodning skulle tatt det med seg, pliz gi det tilbake. TaCk. Då kan eg poste litt kèpbilete. Dei var nemleg morosame.

I går kveld tilbrakte eg og besøkande Oda frå Florø, heile kvelden på Glopperockområdet i hamburgerteltet. Vi selde hamburgarar så det fauk etter. Klokka to kom vi heim til rein hybel fettluktande som vi var. Likevel var det verdt det, for vi fekk billettar til dagen i dag, som faktisk betyr alt i verda. Kvart på åtte er Big Bang på scena, og eg er ja-men òg klar. Det vert ikkje verre av at etterfølgaren er Madrugada. Jippi.

Roskilde nærmar seg med stormskritt, og eg og Fredrik er godt i gang med planlegginga. Vi skal vere teltbudz, og har vald å kalle teltet vårt for "tøffe typa". Ved sida av tittelen har Fredrik teikna vår oppfatning av ein "tøff type". Vi vurderar sjølvsagt òg å gå rundt heile festivalveka med ei dongerijakke over skuldra + skinnskjegg, men det kan kanskje verte litt travelt. Så vi vurderar å ikkje gjer det òg.



Om nokon vil besøke campen vår, kallar vi oss "Spenene". Kom kom!

onsdag 18. juni 2008

Mamma er spesiell

Vår kjære lokalavis Firdaposten, har i heile mi Florøiske levetid pryda innsida av postkassa. Det har ikkje gått ein dag (tysdag, torsdag og laurdag for å vere presis) at vi ikkje har hatt henne i hende. Vi har sjølvsagt òg betalt alle rekningar som den gode abonnenten vi er. Likevel får mi kjære mor stadig vekk henvendingar frå søte avisansette som vil verve ho som abonnent. På måndag fekk mamma eit brev i posten, som etter mi meining tok kaka. Det var sjølvsagt frå lokalavisa, underteikna av redaktøren med eit aldri så lite bilete av han poppande opp frå høgre hjørne. Brevet hadde overskrifta: "Du er spesiell". Mor mi er spesiell på mange måtar ho, ingen tvil om det. Det er til dømes få ansette i blindeforbundet (i hennar tid der) som ville teke med seg ein blind mann for å køyre bil (stort ønskje). Men det var ikkje heilt det brevet sikta mot. Mamma var spesiell fordi ho ikkje abonnerte på Firdaposten. Etter å gong på gong berre har ledd av det og sagt: "Eg skjønna ikkje at det e mulig", tok vi no saken i eigne hender, og skreiv eit brev tilbake. Hoho, eg og mor hadde det morosamt kan de tru:

søndag 15. juni 2008

PIKNIK

Hadde livet vore ein piknik, hadde eg vore uavbrutt lukkeleg. Mat, godisfolk, koz og klemz, og sjølvsagt sol, maur og lydar. Same frå kvar. Piknik kan ein forresten gjennomføre overalt. Har ein dei tidlegare nevnte elementa er ein sikra ei hyggjeleg stund om ein befinn seg i ein skog, grøftekant eller rasteplass.

Klokka halv ni har eg noko kjekst å sjå fram til: PIKNIK. I dag har eg lagt sjela i forarbeidet og laga eit parasolltelt. Akkurat no sit eg her mutters aleine, og nyt dei flagrande teppa som heng ned frå parasollen akkompagnert av Lykke Li. Herleg. Sola er framleis litt varm. I alle fall no når eg tok på meg tjukkesokkar. Om snart kjem deilige florøfolk, og gulrotkaka frå mamma står klar til bruk oppe på kjøkenet.


torsdag 12. juni 2008

Livet er for godt -aha.

Ja, det regnar, og ja det er kaldt. Men det hindrar ikkje meg i å ha eit godt liv. I går fekk vi vite at vi ikkje kjem opp i munnleg -uansett. Vi vert rett og slett ikkje trekte. Uendeleg deilig. På denne måten vert det sjølvsagt berre sløving på skulen. Eller... ganske mykje i alle fall. Vi har heldigvis fått gjort unna ein god del med årets Q-filmfestival (november 2008). Eg vart festivalsjef, og Blingvild har rolla som nestsjef og er mi høgre hand. Det er flott for meg å ha ho. Eg gler meg kjempekjempe til å jobbe meir med prosjektet og er overtydd om at i år vert historias beste Q-film.

Neste helg er det Glopperock her på Sandane. Eg oppfordrar kvar ei sjel å kome. For det er ikkje småplukk vi har henta til oss i år. Neida, BIG BANG og MADRUGADA skal spele for det glade følk. Og eg gler meg. Eg har verken sett Madrugada eller Big Bang live før, så det vert nok ei fantastisk oppleving. For å spare meg nokre hundre kroner, har eg sagt meg villeg til å hjelpe til (stå i kiosk) på fredag, slik at eg på laurdag får gratis inngang på dei store konsertane. Om nokon andre er interesserte i noko liknande, er Glopperock takksame for all hjelp dei kan få både fredag og laurdag. Og om nokon kunne tenkje seg å kome, har vi ei flott kjøkenseng å tilby her på hybla.

I morgon er eigentleg siste dag på skulen for oss i 2. klasse media. Eg skal heim til mor og far. Vi skal ete reker, kose og synge. Eg gler meg. No saknar eg dei veldig. Resten av Florø òg.

onsdag 11. juni 2008

EksamensKØYR

Då var både eksamen, "by"køyring og langkøyring forbi. Eksamen gjekk vel rimeleg greit. Ikkje det beste eg har gjort grafisk sett, men karakteren var fin, og då er eg nøgd inn til vidare. Eg er berre glad eg er heilt finito. Om dei utspekulerte ovanpå skulle finne på å trekke oss opp i munnleg, er eg den fyrste å ete frå den forgifta leverposteien i kjøleskåpet. No kan eg faktisk ikkje skulere meir. Kroppen seier stopp, sinnet seier stopp, og til og med munnen min seier stopp.

Køyring i Førde (noko som neppe kan definerast som bykøyring), var eigentleg svært kjekt. Lyskryss, rundkøyringar og andre fasilitetar var vanskelegare sagt enn gjort. Og det frå ein så-som-så-sjåfør med vingleratt og for høg fart. Til Ålesund på langkøyring gjekk det òg ganske greitt. Mona si stilling som kartlesar kan heller diskuterast. Og omvendt, forsåvidt.

Som ei innskyting før eg atter ein gong legg meg (for seint), legg eg ut bilete av brosjyra som var ein del av eksamensoppgåva. Fargen er eigentleg lik på alle sider. Printeren var berre vrang. Det er den mørkaste raudfargen som tel:



Gute Schlacht.

søndag 8. juni 2008

Film ++

Eg vakna i nitida, slik eg alltid gjer når eg helst vil sove lenge, og fann eine kompisen til Andreas snorkande på kjøkenet. Sjølv om vi har ei rimeleg god kjøkenseng til disposisjon, valde godaste Mario sjølvsagt å leggje seg i ein halvpløsete gummibåt. Eg oversåg det glatt og overdøyvde snorkinga med min biblioteklånte film: "Så om i himmelen". I to timar og ti minutt var eg klistra til skjermen, medan den nydelege filmen rulla. Akk, er berre alt eg har å sei. Den var så fin. Og Gabriellas song var enda finare enn eg hadde høyrt. Kos-, grin-, og musikkoppfyllande anbefaling. Sjå den om du ikkje har sett den, og om du har; sjå den igjen!

Etter filmen gjekk eg bort til Sonja. Eg fekk is til frukost. ihi. Vi såg ein film til. Like greit når eg fyrst var i gong. "What happens in Vegas", var det no som pryda skjermen. Ikkje heilt optimal, men betre enn venta. Tittelen og coveret avslørar vel eigentleg det meste.

Etter Sonja stakk eg heim att for å bu meg til eksamen. (Ja, du las rett.) Sensor vart nemleg sjuk på fredag, så den munnlege delen vart sjølvsagt flytta til måndag. Og eg som hadde budd meg på ei utan-skule-i-det-heile-helg. Heilagsundag kjem visst aldri tilbake. Om eg er skikkeleg heldig, kjem eg vel opp til munnleg neste veke, slik at eg må bruke neste sundag til skule -igjen.

Klokka ni gikk eg bort til Heffe. Gjett kva vi gjorde. Nei, ikkje det. Vi såg FILM. Jehei. Blue Streak. Eg elskar den. Vart litt blank i augene då eg kjende melankolien stige i meg. Ingen andre enn meg og min bror bjørnen, Daniel har høyrt om den. Også hadde Heffe den. Konge! Eg hadde gifta meg med Martin Lawrence om eg kunne.

No skal eg krype til køys. I morgon tidleg skal eg på "bykøyring" i Førde. Staz.

lørdag 7. juni 2008

Helg er ei av mine favoritting. Det er avslappande, godt og gjer nesten alle om til dei såkalla slaskane. Klokka er halv eitt, og eg ligg framleis til sengs. Med macen min på fanget og Bob Marley trommande frå naborommet, er eg i overraskande godt humør. I kveld blir det seinfeiring av Blingvild sin bursdag frå april og naboHanna sin bursdag frå i går. Det er slett ingen dum idè, når ein ser ut av vindauget og blir blenda av ei 25 varmegradene som gjer alle så godt. 40 gjestar har takka ja på facebook, og elles kjem det vel en del random peepz dei ikkje har rekna med. Det blir festleg. Kjærasten til bursdagsroomien min, Andreas, har kjøpt seg gummibåt og laga eit sjørøvarflagg han kan ha att med. Ganske søtt, tykkjer eg.

Eitt minus med dagen er:
Alley McBeal sesong to vart nettopp ferdig nedlasta, og eg jubla heilt til eg fann ut at den var på spansk. (eg skriv det med lita skrift, sidan det ikkje er så farleg likevel, når ein har ei kjekk bursdagsfeiring å sjå fram til)




torsdag 5. juni 2008

Eksamenspjatt

Ja de, då er det endeleg eksamenstid for oss på medielina. Dagen i dag har gått til førebuing, der råmateriale som bilete og tekst har vorte innhenta. I morgon skal eg redigere saker og ting og ende opp med to sluttprodukt: ein plakat og ei brosjyre. Tema var reklamekampanje, og eg (+ to andre med same oppgåva), skal reklamere for det flotte tilbodet "Trygt heim for 50 kr" eller noko sånt. Vi får berre klisjèoppgåver. Sist gong skulle eg lage ein TV-reportasje om "open skule"her frå Firda. Alle oppgåvene har sjølvsagt "ungdom" som målgruppe. Litt keisamt, men like greitt. Så slepp vi å tenkje så grundig over akkurat det.

Som eit p.s. må eg berre legge ved eit ganske dagsbeskrivande bilete av meg. Polarbrød har hatt hovudrolla på denne søte torsdag. Eg har snart ete tolv...

onsdag 4. juni 2008

Bananolje og bingo

Everything is great! Dagen i dag har vore så avslappande ein dag kan bli. Vi henta ned att bileta våre frå utstillinga på senteret, og skulle no henge dei opp på skulen. Det var litt enklare sagt enn gjort med mine bilete, som skal sjåast tosidig, hengande ned frå ei grein. Med andre ord vart eg ståande sjanglande to meter oppe i lufta i ei gardintrapp for å surre greina, eller eigentleg fiskesnøret, rundt ei lampe. Også midt i gangen då... Folk kjem til å gå rett i dei. Om dei er litt distré. Slik som meg...

Etter skulen gjekk eg og Blingvild ned på brygga for å steike oss. Sonja kom etterkvart og laga enda betre stemning med iPodhøgtalera og sololje frå USA. Den lukta banan. Og eg ville helst ete den framfor å smøre meg inn med den. Nedturen kom då eigaren av brygga kom og kasta oss vekk. Njaja... kasta og kasta, han sa i alle fall vi måtte ta oss ei pause. Han skulle nemleg fikse brygga. Han hadde eit brekkjarn i handa, så vi var kvikt påkledde og bortevekk. Vi kjem att imorgon.

Eg kan òg meddele at eg i løpet av denne dagen for fyrste gong spelte radiobingo. Det var kjemmorosamt, og Sonja vann faktisk 300 kr. Eg var to ruter frå å få gullrekke (7000 kr). Det kunne eg hatt mykje glede av! hoho.

I morgon er det førebuingsdag til tverrfagleg mediumeksamen. Eg grugledar meg. Det gjekk så fint på tentamen, at eg ikkje har særleg med nervar att i kroppen. Enda, visstnok. Det vert spanande å sjå kva tema eg trekk. Sist var det film. Det har eg ikkje noko i mot å få igjen.

tirsdag 3. juni 2008

Lukke på jord

I dag er eg berre lukkeleg. Vi er ferdig med den siste prøva frå månaden som kan samanliknast med skjærsilden. I går (sundag) var eg så lei, eg trudde eg skulle visne. Når vart heilagsundag gjort om til lesesundag? Er det ikkje meininga at helg skal vere helg? Med null motivasjon i kroppen, (tvert i mot kjeks) er det ikkje så lett å lese om økonomisk og kulturell globalisering uansett. Dei to kapittela vi skulle ha prøve i, byrja eg ikkje å lese på før klokka var halv ett om natta. I tillegg klarte eg sjølvsagt å forsvove meg til skulen. Himmelsk! Men eg rakk prøva då, heldigvis... Eg klarar ikkje å tenke karakterar lenger. Kanskje etter sommarferien, men no er eg klar for eit nytt, fint liv i mange lysår framover.

I dag har eg berre slappa av, spelt volleyball, sola meg og bada (!!). Det var årets fyrste i fjorden, og det var deilig! Eg trur Sonja fotograferte:

Eg har nettopp sett verdens fyrste episode av Alley McBeal med mine to, kjære sambuarar, og alt er fint. No høyrer eg introen til Toto sin "Africa" på ny og ny og ny. Mariell introduserte meg for denne songen, og eg likar eigentleg berre introen og alle mellomspela som er av same slag som introen. Veit ikkje kva det minnar om, men ...ahh.