søndag 9. mars 2008

Fryd og gammen og mamma.

Det er helg. Alt er fredeleg. Huset er varmt. Oliver er søt. Mamma er her. Perfekt. Denne helga er eg i min heimby, Florø. Atmosfæren er etter mi meining avslappa, alle er nøgde og alle er sjølvsagt mette på god mat. I går ettermiddag ankom eg Florø med buss, og pappa kom og henta meg med sitt "nye" glis. Eg fekk køyre! Heile familien skulle rett til Oyrolav i bursdagsselskap. Roy Olav og familien er "vennefamilien" til mamma, pappa og Elisabeth. Då eg og Daniel entra døra var det liksom: "neimen, e ungdommane med, òg? Det va no... kjekt". Deretter var det litt fram og tilbake om det var ved barne- eller vaksenbordet vi høyrde heime. Vi endte opp med dei vaksne, og fekk kaffi, ikkje solo.

I dag har eg hatt ein kjekk dag på min fjerde heim, Rema. Eg fekk for fyrste gong i mitt liv selge alkohol. Dette er stort for meg, og noko eg har venta på i nesten to år. Sist gong eg var på Rema, var datoen 2. februar. Noko som vil sei (for deg som ikkje veit det); dagen før dagen. Om du skjønar. Ekte nedtur. Men i dag...: YES! Alt gjekk smud.

Etter jobb laga eg og pappa nachospizza. Pizzaen var nett kome ut av ovnen, og mens den kjølte seg ned litt, såg vi slutten av Borettslaget. Då det var ferdig fekk vi plutseleg litt angst for at pizzaen hadde vorte kald. Vi orga og stressa for å "rekke" pizzaen, og midt opp i heile kaoset klarte Elisabeth og søle eit glas solbærsaft utover bordet. I stadenfor å springe etter noko å tørke det opp med, slik som vanlege homosapiens ville gjort, fekk ho eit lite utbrot: "SÅ IDIOTISK"! Dette minte meg litt om yoghurtepisoden eg hadde tre år tilbake:

Eg kjem heim, trøytt og sliten m/ heteslag frå ein heseblesande sykkeltur opp botnaholten. Eg sit ned ved kjøkenbordet, og vil gjerne kjøle meg ned med noko. Eg opnar kjøleskåpdøra og legg auga på ein uopna yoghurtboks (, der den plastikktingen øverst ikkje er teke av enda). Eg tenkjer "AH", og legg den kalde plastflata mot panna. Dette må eg innrømme kjendes svært komfortabelt, heilt fram til augneblunken der eg merkar at eg er full av yoghurt. Eg skrik ut "FAENSKAP", samstundes som eg vert svært overraska over ordvalet mitt.

Faenskap er eit ord eg forbind med FSK-gutta i nedre rang, som brukar det i fotballsamanhengar som når Eikefjorden skårar mål mot Florø. Parallellen til Eli-historia var utbrotet, men poenget i den var slutten. Som dukka opp eit år etterpå...

Etter å ha tørka siste skvetten melonyoghurt av t-skjorta, byrja eg og tenkje over kva slags idiot som kunne finne på og opne plastikktingen, men ikkje ta den heilt av. Eg kunne liksom ikkje forestille meg at det var nokon i familien som hadde gjort det. Faren min er jo sveitsar for crying out loud! Eg fortalte sjølvsagt om hendinga til Hilde, med stor forarging i stemma. Dette viste seg i ettertid å vere eit lite smart trekk av meg, ettersom ho var syndaren, og ikkje torde å seie noko til meg. Dette fekk eg altså ikkje vite om før eit hundeliv seinare.

No sit eg på Bed&Breakfastrommet mitt i heimen min og har det berre slapp. I morgon skal eg slappe enda meir av. Ahm. Livet er herleg. Den vil eg forresten sjå igjen snart.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg spiste faktisk ei skei av den youghurten! Men ville ikkje si det, for det var jo i grunnen litt frekkt. Foressten så var det skogsbæryoughurt!