søndag 30. mars 2008

Til Mariell

lørdag 29. mars 2008

No er vi komen til laurdag. Allereie. Denne veka har gått kjempefort. Eg kan eigentleg ikkje heilt hugse kva vi har gjort. Ikkje stort trur eg. Sånn skulemessig altså. No sit eg til sengs med dataen på fanget og høyrer Disney soundtracks. For augenblinken er det Poccahontas som fyll den stille hybelen: "Hea-Hea-JappindeheheA", medan eg lastar ned ein manglande episode L Word. Deilig slakkedag. Eg har nett spelt mario på 123.spill. Der har eg ikkje vore sidan barneskulen, då vi hadde ein kassedata ståande bakerst i klasserommet. Det var eit morosamt gjensyn.

Eg skulle eiegentleg skrive om bursdagen til Sonja, men eg orkar ikkje. Ikkje fordi det ikkje var kjekt, for det var det. Veldig. Men eg orkar liksom ikkje å skrive slikt eit handlingsreferat akkurat no.

Eg gler meg sånn til måndag. Då skal eg i praksis. Eg skal vere utplassert i ei grafisk desgin bedrift som heiter Ramsøy Design, og der skal eg vere i tre veker. I går sendte eg ein "bekreftingmail" til dei, for å få stadfesta at dei ikkje hadde gløymd meg. Dei virkar så kjekke!
Mailen eg fekk att går slik:

Hei Christine!
Me ser og fram til du kjem på mondag, det vert spennande.
Ryng meg når du er i nærleiken, eller på ryngjeklokka til kontoret.

Ha ei god helg!


Hihi!! I perioden skal eg bu hjå fadderen min, Bodil og familien hennar. Det trur eg blir veldig koseleg. Bodil og mamma gjekk på Firda saman, og var BestFriendz4EverLzm. Diverre har dei ikkje helde kontakten så veldig dei siste åra (10 åra?), så eg har liksom ikkje fått sjansen til å verte skikkeleg kjend med verken ho eller dei andre. Men vi har det alltid veldig kjekt når vi ein gong i århundret møtast då, så eg trur dette skal gå knirkefritt og finfint.

No skal Geir spise frokost. Så skal vi se Scrubs sammen. Så skal vi få med Ingvalidiumet og rydde rekehybelen.

torsdag 27. mars 2008

Trøyttleik (?)

No har eg site i fleirfaldege timar til sengs berre på grunn av den dumme prøva vi har i morgon. Eg har sjølvsagt ikkje lese dei resterande kapittela i "Ut og stjæle hester", som òg er til i morgon, for ikkje å nemne engelskleksa.  Gruff, for eit liv. On the bright side har det vore sol heile veka (tysdag+onsdag), og det gjer meg godt. Håpar det vert fint i morgon òg, for då har eg ingenting eg skulle ha gjort, bortsett frå å få byte vakta mi på Rema kommande laurdag. Interessert? Det er ei gullgruve, eg seier det berre. Men eg har diverre meir lyst å få med meg bursdagen til Sonja. Det blir ein potensiell (sidan eg berre kanskje kjem. buhu) superkjekk kveld. 
Etter desse langdryge timane med intens pugging. La eg meg ned på den kvite senga mi og høyrte på Bob Dylan. Med inspirasjon frå Geir, visstnok. Eg høyrte han gjennom veggen og vart sjalu. Måtte herme liksom. Uansett; det var ikkje mitt poeng. Poenget var, at etter eit par avslappa minutt, vart eg likevel litt nyfiken, og måtte hale fram macen min. Berre for moroskuld, gjekk eg inn på Photobooth, og fann fort ut kvifor veslesystera mi hadde vore så gira på å få låne den i påska. Ein liten smugkikk frå galleriet får du her:





Takk, og god natt.

mandag 24. mars 2008

nam, påske.

Eg kunne hatt ferie minst ei veke til. Det er så fantastisk deilig å ikkje ha nokon skulerelaterte ting å måtte tenkje på, at eg trur eg snart kreperer. Påska har vore heilt perfekt. Eg har vore litt her, og litt der. Og natt til laurdag overnatta Furesøskenborna i hytta på Fure etter ein felles, tradisjonell påskelunsj med resten av slekta. Hytta er svært koseleg utstyrt med turnus og open peis. Noko straum eler varmtvatn fins der ikkje. Men det er litt av sjarmen. Sjølv om eg glatt må innrømme at det å gå på utedo, kanskje ikkje er det kjekkast eg veit. I alle fall ikkje i minusgrader.

No har eg atter ein gong ein aleineheimefest samans med Oliver. Han er ein filosofisk katt, skal de vite. Fann han nettopp nede i vindaugskarmen, medan han i det stille filosofert utover dei tjukke snøflaka som komdalande ned.

I dag kom my mama heim frå Stadt. Daniel er hjå ein Eirik og Elisabeth og pappa er i Sveits i begravelse til Oldemor Elisabeth. Eg og mamma måka heile innkøyrselen som var heilt gjensnødd. Det var ingen enkel sak, men the two powerful ladies managed. Etterpå laga eg snøhole i haugen vi hadde laga. Mamma solte seg i solstolen ved siden av -i en sovepose. Etterpå rydda eg rommet mitt, og reiste til Sandane. Gjorde det samme der. Kjempedeilig å være tilbake. No er eg faktisk klar til skulestart!

mandag 17. mars 2008

Påskekrim

Eg sit på kjøkenet i min eigen heim. Klokka er halv eitt, og rundt meg er det fullstendig ro. I alle fall til eg vert forskremt av ein viss Darth Vader lyd frå vaskerommet, sju meter frå kjøkenbordet. Eg snur meg, og ser ein breiskuldra mannssiluett halveges bortgøymd av dørkarmen. Eg skal til og skrike, men tenkjer at eg ikkje vil skremme Oliver, min kjære katt. Då eg for andre gong ser etter, oppdagar eg at det berre er ei av dei titals uniformskjortene til pappa, som er hengt opp i gardinstanga. Lyden anar eg ikkje kvar kom i frå, however. Men men. Eg er aleine, men ikkje husredd. Vanlegvis. Ikkje no heller, for den del, når eg utan drama løyste siluettmysteriet. Dessutan ligg bror min, Daniel under spisebordet på stova. Han sovna der medan han leika med ein elektrisk kosebjørn. Han er seksten bai de wei.

No er påska i full gang. Eller ikkje sjølve påska, men palmehelga. Og det er jo greit. Eg skal nyte all fridomen og tida til å slappe av og berre ta vare på meg sjølv. Hilde kom heim på fredags kveld, og vi har vore med kvarandre kvar dag sida. Deilig. I løpet av tida, har eg på ein eller anna klart å overraske ho med mine kokkekunstar, som eigentleg ikkje er noko anna enn billege kopiar. Bortsett frå spaghettien. Den er faktisk min. Og eg seier det igjen (, Ingvild) eg er god på sausar.

No har eg dei siste femten minutta sett på videoblaggar. Kvaliteten på dei forkjellege innslaga er veldig variert. Men det var morosamt å sjå på video i stadenfor bilete og tekst, sjølv om det òg er kjekt.

onsdag 12. mars 2008

norsk heildags og framtidsplanar.

Herrrlig. No er eg ferdig med dette semesterets heildagsprøve i norsk. Eg fekk det som eg ville og kunne velje novelletolking som opppgåve. Konge! Sjølv om eg ikkje fekk nok tid til å skrive ned alle dei kule tankane mine kring novella, må eg innrømme at dette er den beste norskheildagsprøva eg har hatt. Mitt vanlege mønster går slik:
1. kjem relativt fort i gang. Mange idear i byrjinga.
2. i elleve-tolv tida får eg hjerneteppe -> skrivesperre -> panikk. Gir nesten opp håpet og vil grine.
3. det går ganske greit att, og eg blir ferdig litt før tida, men lite nøgd.

I dag gjekk det slik:
1. SKRIVE FOR FULT I 5 TIMAR!
2. 13.40 = innlevering. Får krampe i handa men vert ferdig. NØGD.

Ah. Det er mars og vår. Eg trur eg må låne meg "Pan", så eg kan lese den i påska. Snart er det nemleg påskeferie, og snart er det praksis. Og snart etter det att er det Dokumentarfilmfestival i Volda. Deretter er det mai med alle dei kjekke dagane. Så kjem juni og snart skuleslutt. Jippi YO. Livet er ein dans på roser, spør du meg. I alle fall fram til neste år.

tirsdag 11. mars 2008

Ein måndag.

No er det snart slutt på denne vekas måndag. Eg har hatt ein fin dag, så eg skal ikkje klage. Det har vore fint vér, og alle rundt om kring vert blide. Geir vert effektiv og kreativ i tillegg, seier han. Det syntes eg var kult, for då vaska han så mykje opp etter seg, og då er hybelen fin og rein. I går returnerte eg til Sandane klokka åtte om kvelden. Eg hadde med meg kusina mi, Inger, som gjerne vil bu her neste år. Ho fekk seg ein liten omvisning på hybelen til Janne, Kristine og Hilde og tykte den var svært koseleg. Det tykkjer eg òg. Trur det blir stas og ha litt slekt i hus.

I dag var siste gongen med teorikurs. Det visste eg ikkje før Asgeir sa det før vi gjekk. Eg visste heller ikkje at vi skulle ha ei lateprøve. Eg og Sonja var tydelegvis dei einaste, noko som eigentleg ikkje forundrar meg, i og med vi er herr og fru distrè. Eg kunne cirkus halvparten av spørsmåla. Resten tippa eg på. Det er litt for dårleg. Men det gav meg i allefall motivasjon til å øve. Trudde eg. Då eg kom heim skulle eg eigentleg sette meg ned og lese for fult. Men så var det så støvete på rommet mitt, at eg rett og slett tok og vaska litt. I same slengen sorterte eg alle ark som låg laust og i skrivebøker. Reinska ut alt stoff og ustoff, satte noko av det i permar og resten kasta eg. Eg kunne eigentleg ønske ein kunne resirkulere papir til tre igjen. Det hadde vore koseligare, og samvitet mitt hadde ikkje fått ein knekk kvar gong eg kasta ein haug kladdeark (og andre ark).

Må berre til slutt fortelje ei lita solskinnshistorie frå i går; Geir skulle drikke O´Boy av det store bolleglaset vårt, og klarte å knuse eit lite hol mitt på sida av glaset medan han rørte med skeia. Planten Gro, som Ingvild ved eitt uhell mista i golvet under litt uberska dansing på hippiefesten, har no stått utan potte i fleire veker. Geir har tetta det lille holet i glaset med eit tøystykke av ein ofra boksershorts og planta Gro ned i glaset. Kjempesøtt!

Gro.

søndag 9. mars 2008

Fryd og gammen og mamma.

Det er helg. Alt er fredeleg. Huset er varmt. Oliver er søt. Mamma er her. Perfekt. Denne helga er eg i min heimby, Florø. Atmosfæren er etter mi meining avslappa, alle er nøgde og alle er sjølvsagt mette på god mat. I går ettermiddag ankom eg Florø med buss, og pappa kom og henta meg med sitt "nye" glis. Eg fekk køyre! Heile familien skulle rett til Oyrolav i bursdagsselskap. Roy Olav og familien er "vennefamilien" til mamma, pappa og Elisabeth. Då eg og Daniel entra døra var det liksom: "neimen, e ungdommane med, òg? Det va no... kjekt". Deretter var det litt fram og tilbake om det var ved barne- eller vaksenbordet vi høyrde heime. Vi endte opp med dei vaksne, og fekk kaffi, ikkje solo.

I dag har eg hatt ein kjekk dag på min fjerde heim, Rema. Eg fekk for fyrste gong i mitt liv selge alkohol. Dette er stort for meg, og noko eg har venta på i nesten to år. Sist gong eg var på Rema, var datoen 2. februar. Noko som vil sei (for deg som ikkje veit det); dagen før dagen. Om du skjønar. Ekte nedtur. Men i dag...: YES! Alt gjekk smud.

Etter jobb laga eg og pappa nachospizza. Pizzaen var nett kome ut av ovnen, og mens den kjølte seg ned litt, såg vi slutten av Borettslaget. Då det var ferdig fekk vi plutseleg litt angst for at pizzaen hadde vorte kald. Vi orga og stressa for å "rekke" pizzaen, og midt opp i heile kaoset klarte Elisabeth og søle eit glas solbærsaft utover bordet. I stadenfor å springe etter noko å tørke det opp med, slik som vanlege homosapiens ville gjort, fekk ho eit lite utbrot: "SÅ IDIOTISK"! Dette minte meg litt om yoghurtepisoden eg hadde tre år tilbake:

Eg kjem heim, trøytt og sliten m/ heteslag frå ein heseblesande sykkeltur opp botnaholten. Eg sit ned ved kjøkenbordet, og vil gjerne kjøle meg ned med noko. Eg opnar kjøleskåpdøra og legg auga på ein uopna yoghurtboks (, der den plastikktingen øverst ikkje er teke av enda). Eg tenkjer "AH", og legg den kalde plastflata mot panna. Dette må eg innrømme kjendes svært komfortabelt, heilt fram til augneblunken der eg merkar at eg er full av yoghurt. Eg skrik ut "FAENSKAP", samstundes som eg vert svært overraska over ordvalet mitt.

Faenskap er eit ord eg forbind med FSK-gutta i nedre rang, som brukar det i fotballsamanhengar som når Eikefjorden skårar mål mot Florø. Parallellen til Eli-historia var utbrotet, men poenget i den var slutten. Som dukka opp eit år etterpå...

Etter å ha tørka siste skvetten melonyoghurt av t-skjorta, byrja eg og tenkje over kva slags idiot som kunne finne på og opne plastikktingen, men ikkje ta den heilt av. Eg kunne liksom ikkje forestille meg at det var nokon i familien som hadde gjort det. Faren min er jo sveitsar for crying out loud! Eg fortalte sjølvsagt om hendinga til Hilde, med stor forarging i stemma. Dette viste seg i ettertid å vere eit lite smart trekk av meg, ettersom ho var syndaren, og ikkje torde å seie noko til meg. Dette fekk eg altså ikkje vite om før eit hundeliv seinare.

No sit eg på Bed&Breakfastrommet mitt i heimen min og har det berre slapp. I morgon skal eg slappe enda meir av. Ahm. Livet er herleg. Den vil eg forresten sjå igjen snart.

torsdag 6. mars 2008

Nei, har du sett.

For inntil eit par dagar sidan trudde eg våren var i gang for fult. Ikkje meir snø, ikkje meir kulde, og mykje meir sol og varme. I går tidlig vakna eg til ei kvit verd. Eg måtte kave meg gjennom høge brøytekantar av teit snø og myse med augene for ikkje å bli heilt snøblind. (Ja, eg veit det skjer på ein heilt anna måte på ekte.) Eg gruar meg til all snøen smeltar igjen. Då kjem det sikkert ei tsunamibølga av overflødig vatn frå snøtida. Hurgh.

Ellers kan eg informere alle og ein kvar om at eg hadde køyretime i dag. På Eid. Det var lærerikt, snøfullt og irriterande. Med sistnemde siktar eg til dei fire telefonsamtalane læreren min svarte på på rad, medan eg køyrde i sentrum og skulle passe meg for alt mogeleg. Fytti grisen så distraherande. Etterpå kom han med: ”Eg gjorde det bevisst for å få deg til å lære og køyre sjølvstendig.” Kiss my natural schwarz ass. Han nevnte ikkje det med ”bevisst telefonsvaring” før eg brakte det på bane då han dynka meg med kritikk for køyringa mi. Eg blei ganske sur, skal eg innrømme, og det skjer ikkje ofte i den samanheng!

I heile dag har eg vore ei real apeslenge og daffa rundt på hybelen min. Etter skulen var eg heilt utmatta, og måtte rett heim for å få meg seng og føde. Kvelden i går vart litt sein, i og med at eg var fast bestemt (opphengt) i å lese ferdig den siste Harry Potter boka. Kjempespanande, dog klisjèslutten eg hadde frykta litt for, dukka opp in the end, after all. Heldigvis kan eg no utan distrakjsonar lese boka vi har i norsk: "Ut og stjæle hester" av Per Petterson. Den er utruleg bra hittil. Full fokus no.

Uansett. Tilbake til min forbigåtte dag. Eg laga meg først av alt ein funky middag eg fekk servert i italia, med squash, tunfisk og hermetiske tomatar. Sjølv la eg til fullkornsnudlar, som forresten var svært tasty. I stadenfor ein middagslur etter maten, måtte eg sjølvsagt plage Geir til døde. Han blir aldri sint, noko som gjer det morsommare for meg, og kjipare for han. Eg slutta og mase då eg fekk Milky Way, og han lasta ned PacMan til Xboxen sin. Resten av ettermiddagen gjekk stort sett i L Word episodar, som i løpet av dei siste nettene har lasta seg ned på macen. Sjølv om Elin og Sonja e way ahead of meg, skal eg nok ta dei igjen. Berre vent til påska. Då blir det maraton i tømmerkottet mitt på Stadt.


I dag skulle eg:
  • rydde rommet
  • vaske rommet
  • lage squashmiddag
  • gjere engelsklekse
  • lese to kapittel i "Ut og stjæle hester"
  • gå på step
  • skrive Italia-rapport
  • slappe litt av
  • sjå 1 episode av The L Word

I dag har eg:

  • laga squashmiddag
  • slappa masse av
  • droppa steppen
  • sett 4 episoda av The L Word
  • lest to kapittel i "Ut og stjele hester" (faktisk)
  • sett på engelskleksa