torsdag 12. juni 2008

Livet er for godt -aha.

Ja, det regnar, og ja det er kaldt. Men det hindrar ikkje meg i å ha eit godt liv. I går fekk vi vite at vi ikkje kjem opp i munnleg -uansett. Vi vert rett og slett ikkje trekte. Uendeleg deilig. På denne måten vert det sjølvsagt berre sløving på skulen. Eller... ganske mykje i alle fall. Vi har heldigvis fått gjort unna ein god del med årets Q-filmfestival (november 2008). Eg vart festivalsjef, og Blingvild har rolla som nestsjef og er mi høgre hand. Det er flott for meg å ha ho. Eg gler meg kjempekjempe til å jobbe meir med prosjektet og er overtydd om at i år vert historias beste Q-film.

Neste helg er det Glopperock her på Sandane. Eg oppfordrar kvar ei sjel å kome. For det er ikkje småplukk vi har henta til oss i år. Neida, BIG BANG og MADRUGADA skal spele for det glade følk. Og eg gler meg. Eg har verken sett Madrugada eller Big Bang live før, så det vert nok ei fantastisk oppleving. For å spare meg nokre hundre kroner, har eg sagt meg villeg til å hjelpe til (stå i kiosk) på fredag, slik at eg på laurdag får gratis inngang på dei store konsertane. Om nokon andre er interesserte i noko liknande, er Glopperock takksame for all hjelp dei kan få både fredag og laurdag. Og om nokon kunne tenkje seg å kome, har vi ei flott kjøkenseng å tilby her på hybla.

I morgon er eigentleg siste dag på skulen for oss i 2. klasse media. Eg skal heim til mor og far. Vi skal ete reker, kose og synge. Eg gler meg. No saknar eg dei veldig. Resten av Florø òg.

8 kommentarer:

Valkyrje sa...

Eg vil ikkje opp i munnleg. :( (Får vite på måndag. *eekEekEEK*)

Anonym sa...

Håhå, får håpe vi møtes i glade Danmark da, har alltid ønsket å prøve meg som skalla :)
Hvilke band gleder du deg mest til å se der?

Har ikke sett Madrugada live, men jeg kan forsikre deg om at BigBang gir deg en opplevelse du aldri glemmer. De er rå på scenen!

Silkeschwarzen sa...

Høm? Måndag? Er ikkje de ferdige på skulen på onsdag? :) Vi hadde siste trekkdag i dag.

Valkyrje sa...

Trekkdag: måndag. Om me kjem opp er eksamensdag onsdag og siste skuledag torsdag. =/

Silkeschwarzen sa...

Æsj, keisamt. Men du får no ha lukke til likevel :) Eg kryssar fingrar for at du ikkje kjem opp.

Valkyrje sa...

Takk for det. :)
Om me ikkje kjem opp, får me fri og så skal me ha klasseavslutting på onsdag og skuleavslutting på torsdagen. Lærarane har tradisjon med å syngje. Det er like morosamt kvar gong. :P

Silkeschwarzen sa...

Åå, så kjekt! Skulle ønskje lærarane våre sang òg. :)

Valkyrje sa...

It's quite amusing. :D Spesielt sidan alle medialærarane gøymer seg bak høgtalarane slik at dei ikkje treng vere med og syngje. Eller i det minste slik at folk ikkje ser dei. :P