søndag 25. mai 2008

Stripping, "lesing", og jobbing.

Ein laurdag er til ende, og eg kjenner den ikkje var fylt med "dag", om du skjønar kva eg meiner. Det har liksom ikkje gått ein dag for meg enda. Eg tenkjer no at eg skal leggje meg, og i morgon er det laurdag. Då er det ikkje kult at det er sundag. For eg har faktisk ikkje byrja å øve på prøva (den GIGA prøva) vi skal ha på måndag i mediekommunikasjon. Og ja, eg er klar over at alle hadde planar om å lese heile helga (inkludert meg), og eg hatar at eg ikkje har fått gjort det enda. Til mitt forsvar jobba eg frå 12.00 til 20.30 i dag. Eg var ein helgen og byta vakt med min kjære fetter, Endre fordi han skulle få besøk av kjærasten sin. Eg tykte eg heller måtte vere romantisk, framfor anti, så eg sa sjølvsagt ja, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å, som sagt, lese. (ja, eg veit eg er snill).

Eg trur dessutan mamma heller vil ha meg som heimeverande kosedyr, framfor suksessfull kvinne. Pappa òg, forresten. Dei bestikk meg, slik at eg faktisk ikkje kan lese! "Men Christinee? Vi har leigd Varg Veum, og kjøpt snop og laga pizza og sånn. Du kan jo lese litt ittepå, eller?" Jada, det skjedde. No skriv eg blogg istadenfor. Dei vil til og med ha meg med på øyvandring i morgon. Og ja, det freistar enormt. Ah, men... trist nok, så skal, og må eg faktisk lese i heile morgon, sidan eg ikkje har byrja før. Typisk meg. Men sånn er det altså blitt. No skal det ikkje skrivast meir om det. Då blir eg berre sint.

Eg kan heller fortelje om min sære/interessante/morosame draum eg hadde natt til i dag. Eg drøymde nemleg at eg skulle vere med skulen til veslesystera mi i ei framsyning dei tidlegare har hatt, men i fantasien si verd, skulle setjast opp att. Framsyninga heiter Sirkus Torvmyrano, og seier seg sjølv at dette var ei sirkusframsyning. Heile barnehagen, små- og storskulen deltok, og no i denne nye framsyninga skulle altså eg vere med. Men eg var verken akrobat, sjonglør eler klovn. Eg skulle strippe. Kan du tenkje deg? Saman med barneskulen. Og som musikk til denne vesle seansen, skulle altså ein liten gut frå småtrinnet spele hardingfele -på einhjulsykkel. Eg forstår ikkje korleis det går an. Skulle gjerne ringt min amerikanske, draumetydande grandunkel Arthur, i Sveits og spurt kva dette tyder. Eg er nyfiken som ein fiken. Det verste var eigentleg at eg trudde på heile strippesirkuset då eg vakna opp i dag tidleg. Eg byrja heilt på alvor å tenkje ut moglege løysningar for jobbinga, slik at fekk rekke begge deler. Hoh, eg er glad ikkje alt eg tenkjer/drøymer skjer i røynda.

Som avsluttande ord, vil eg gjerne seie at eg kunne ønske eg ikkje jobba eller hadde prøve å lese til i dag. Det var så fint vêr. Og eg hadde lyst å spytte på dei som kom inn på Rema med shorts og solkremduft. Æsj! Men kva gjer ein vel ikkje for pengar?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Farting
To dream that you are farting, suggests that you are being passive aggressive. You need to express your feelings in a more direct manner.

Circus
to dream that you are just at the circus, denotes that you are being misunderstood in some way. You are giving off the wrong impression to others.

To dream that there is chaos at the circus, signifies that your life is out of control.

Stripping
To dream that you are stripping, indicates repression of your personal and physical desires. You are yearning for greater self-expression.

Takk, det var alt for i dag. Eg saknar deg(!). Og glerudar meg til prøve. Det er heavy shit, lukke til med lesinga.

Valkyrje sa...

Lukke til med prøvelesing!

Og det var ein fascinerande draum du hadde. :)

Silkeschwarzen sa...

Hjartesmil: Takk takk. Flott at alle draumane mine tyder på så mykje positivt :p

Poirot: Takk for det :) Draumar er interessante. I natt drøymde eg enda ein sprø ting. Kanskje hjartesmil kan analysere den for meg òg?