mandag 26. mai 2008

Så sinnsjukt konge at det var like fint vèr i dag som i går. Verkeleg. Ja, det synes eg faktisk, utan å overdrive. NEI! Eg hatar det. Og i dette deilige veret måtte eg sjølvsagt setje meg inn fordi konsentasjonen som i utgangasunktet var dårleg, vart dobbelt så dårleg utandørs med trampoline-hoppande småkidz, hyggelege naboar og koseOliver som eg elskar. På kjøkenet som var min nye puggebase, vart eg plutseleg nyfiken på alt snikksnacks som var gøymd i skapet. Ellers tenkte eg over ting som ikkje var saklege i forhold til prøva eller noko anna, for såvidt.

No er eg i grunnen berre sint. Eg er kjempesint. For det fyrste har eg ikkje oversikt over prøva i det heile. For det andre har vi alt for mykje å gjere på skulen. For det tredje har eg i det siste hatt ein tendens til å komme på kant med folk i heimbyen. Dette er jo sjølvsagt supert. I allefall når det er nokon av dine næraste.

No er det alt for langt på natt for meg. Eg trur ikkje eg for sove, men eg får give it a shot. Shalom.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Gjekk de bra? :o
No e eg her igjen.. :p

Silkeschwarzen sa...

Konge!

Nja, eg har ei god kjensle, trass sinte dagar i forkant. No er eg halvvegs i køyret. Gledar meg til du skal det same. hihi.<3

Valkyrje sa...

Håpar alt ordnar seg for det, skulemessig etc. :)

Silkeschwarzen sa...

Takk, takk :) No er alt tipp topp att. Eg er aldri langsint.