mandag 19. mai 2008

No milk today, all the money spent on trelim

Enda ein måndag har entra kalenderen, og eg er budd på ei veke utan like. Heilårsmappa eg burde byrja på ein gong i forrige veke, har eg altså (overraskande nok) ikkje teke i hende. Dette er sjølvsagt kjipt, i og med at eg på denne måten ikkje vil ha eit liv dei neste fire dagane. Ikkje somn heller, for den del. Og er det noko eg verkeleg treng no, så er det nettopp det. Dagar langt tilbake i forrige veke, har vore sterkt prega av rangling og lite seng, og behovet mitt har samla seg opp til ein stor somnklump, som ikkje kan utløysast. Augeloka mine byrjar å flimre når eg sit i ro eit par sekundar. Not cool.

Eit anna bekymringsverdig tema er økonomien min. Følar den berre dalar og dalar. Eg loggar meg inn på nettbanken min, og ser berre raudt. Med det meiner eg alle dei utgåande summane som poppar opp i trynet på meg. Berre i dag har eg brukt mange hundre kroner på ting som legetime, (enda ein) hostesaft og trelim (må lime skapet mitt). I tillegg må eg betale husleiga mi på 2000 kr om eit par dagar. Livet er jamen ikkje lett. Tenk om eg hadde vore rik. Det hadde vore Qlt (ref. SMS-boka).

I dag har eg vore svært effektiv, og har snart oppretta ei ny Ditlef-Maria heimeside. Det er ein del av årsmappa. Difor effektiviteten. No må eg lage resten av galleriet. Herman´s Hermit får meg til å jobbe i fortare.

P.s. Eg fekk 5 på mediatentamen!! Joho.

1 kommentar:

Anonym sa...

i'm ba-aack.