lørdag 31. mai 2008

Rot, Foto og Silke.

No har eg og min kjære sambuar, Geir nettopp vore nede på senteret med kjeks og saft. Det seier kanskje seg sjølv at dette vart frukosten. Nam. Ballerina. Eg må forresten sei meg nøgd med utstillinga. Planen min om dingeldangelbilete gjekk i oppfylling, og eg har faktisk fått ros. Kjempekjekt!

Som de kanskje ser, har eg skifta bloggnamn til Silkeschwarzen. Dette av to grunnar:
1) Christine er litt for allment og keisamt.
2) Min andre kjære sambuar, Blingvild kallar meg Silkeschwarzen i ny og ne. Og eg likar det. (For de utanomforståande som ikkje skjønar noko, er Schwarz etternamnet mitt. Difor kallenamnet)

No skal eg rydde rommet mitt. Det har faktisk aldri sett verre ut:



Og ute er det fint vèr. Er det ikkje flott?

3 kommentarer:

Valkyrje sa...

Det er kjempeflott!
Eg burde ha gjort litt rydding sjølv, men det får vente til i morgon fordi i dag har eg rett og slett ikkje tid.

Silkeschwarzen sa...

Ja, der er godt å få det unnagjort. Det er kjempedeilig med tid. Det har eg ikkje hatt på tre veker.

Anonym sa...

This is a nice blog. I like it!