fredag 29. februar 2008

Detox og sånn.

No er det på tide med litt oppdatering av min halvdaude blogg. Den er like halvdaud som eg er no, på slutten av min detoxperiode. Uff og æsj. Eg er drittlei frukt og grønsaker. Kva kjem til å skje når eg har gjort meg ferdig med denne triste delen av livet mitt? Får eg eit samanbrot og må ete alle melke-, kjøt- og krydderprodukt i heile verda til eg døyr? Håpar det. For no lengtar eg som ein Ingvild etter Sopranos. Og eg veit ikkje kva du meiner, men eg trur det er gale. I naborommet (kjøkenet) sit Geir og les til prøve, OG et pizza. Tykkjer det er litt urettferdig. Han kom faktisk bort til meg med eit gloheitt stykke og trykte det under mi no svært sensitiv-for-deilig-mat-nase. Tosk. Heldigvis er fredag siste dagen, og eg skal unne meg mormor si betasuppe m/salt på kvelden etterfulgt av eit visstnok morosamt teater. Sjølvsagt blir det morosamt. Det er jo Stadlandet for crying out loud. I same slengen får eg òg teke nokre nye bilete til mi "under oppdatering"-heimeside: Ditlef-Maria-Huset. Eg vil helst ikkje lage ei lenke til denne sida før den er heilt ferdig -på nytt. For no er den eigentleg berre stygg. Men men. Det kjem seg, for ein tru.

No nettopp kom Lina krypande inn knirkedøra mi, og ville ha meg med på "Ut i vår hage"-fest. Eg sa nja og men atte... Men vart til slutt så blenda av det søte, vesle vesenet at det ikkje var råd å halde ut. Heldigvis kan eg holde meg på matta utan raudvin, fordi EG E PÅ DETOX. blah.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det e så gøy å lese blog!! Men det va kjekkare på dialekt! Då høra eg stemma di! KOZ!