fredag 8. februar 2008

Lathans

Eg er no offisielt ein lathans! Eg utset alt som kan utsetjast, og skippar alt som kan skippast. Denne veka har eg:
  • ikkje byrja på rapporten (som skal inn i morgon).
  • sett litt for mykje "Desperate housewifes". Eg må jo sjå episodane eg ikkje har sett før den nye sesongen har premiere neste tysdag!
  • vore mykje hjå Mona, noko som har resultert i kosing/utsetting i stadenfor rydding og lekser.
  • ikkje ete snop (on the bright side, liksom. Berre sånn btw).
No er det eit nytt semester, og på tide med ein ny innsats. Både i skulevegen og husahaldninga. Motivasjonen og disiplinen eg hadde i haust er heilt borte, og rapporten eg framleis ikkje har rørt, får meg til å gjere alt anna.

No sit eg på mitt deilige, men støvete soverom, med Magnet på øyrene for å overdøyve superhøg trancemusikk frå Ingvild sitt soverom. Ho har besøk av Andreas. Lurar på kva dei prøvar å overdøyve. Heldigvis er det ikkje berre eg som ikkje har byrja på den hersens rapporten.

Hippiekostymet til helga heng på veggen og klar til bruk. På laurdag brakar det nemlig laust på min vesle hybel. 30 stk festlege vener kjem på hippiefeiringa av mitt attande år. Det vert kjempekjekt! Daniel, min bror og AnnLehen kjem òg. I morgon skal eg kanskje til Førde for å møte dei. Pluss mamma då. Ho skal dit på ferie med pappa, som flyg der. Vi skal ete noko godt saman, sidan eg ikkje skal heim på over ein månad. Mamma tykkjer det er litt drygt. Eg òg eigentleg. Men vil ein ha hippiefest, reise til Italia og få med seg Kaizers, er ein naudd å gjere nokre ofringar.

Æsj! No kom eg på at vi skulle lese eit Bjørneboe essay til i morgon. Norsk. Med Margot. Eg får vel gjer det då.

1 kommentar:

Ingvalid sa...

Vi overdøyvde nada ;)