søndag 3. februar 2008

Overgangsalder?

Irritabel, eller berre kjempetrøtt? Eg veit ikkje. Ting har vore litt opp og ned, fram og tilbake dei siste dagane. Dårlige filmprosjekt og turbulent grupperbeid er nok til at eg blir lite kjekk og ha med og gjer. Dagane har gått frå å vere kjempekjekke til å vere kjempeteite. Eg har vore både glad i og kjempeprovosert på enkelte over svært korte tidsrom. Likevel følar eg eg har hatt eit nokså solid grunnlag for det. Andre er kanskje ueinige.

Svevnen er òg noko som går litt i berg og dalbane hjå meg for tida. Ei natt får eg sove, andre ikkje. No er det helg, og eg er i Florø for å jobbe og verte vaksen. Må berre få poengtere at eg faktisk (i dette nu) offisielt er atten år. Om det kjennast rart? Nei, ikkje i det heile. Eg er framleis Christine, har ein grøn koffert eg har gløymd og ein katt som heiter Oliver. Det einaste som har forandra seg er det bakerste talet av år eg har levd. Kanskje det nettopp er det som er svaret på diverse irritasjonar og svevnmanglar. Eg er kome i overgangsalderen. Eg prøvar å omsetje meg frå å vere born til å verte vaksen. Men endar opp med å skape ein dårleg aura rundt meg.

Intimfeiringa av bursdagen min vart kanskje ikkje heilt som venta. Eg var i utgangspunktet supertrøtt etter ein Remadag med: "Nei, eg kan diverre ikkje scanne øla sjølv, eg blir nemleg ikkje atten før i morgon". Gjestane var dessutan litt (for) blanda drops, noko som glatt resulterte i ei gedigen informasjonskløft. Og då meiner eg ei kløft på kryss og tvers. Hadde nok litt for høge forventningar.

Eg har forresten over lengre tid vore litt småirritert (overraska?) over alle forventningane folk har hatt til at eg skal "gå ut" og rule ein pub fem over tolv, når vaksenlivet endeleg tek til. Eg har roleg forklart at "nei, eg skal nok berre ha ein roleg kveld, og at eg heller skal feire meir neste helg på Sandane". "Men du blir jo atten", er som regel come backen. Helle dusten, tenkjer eg då. Eg skal jo vere vaksen resten av livet, kvifor starte det med det same når eg har ein mykje kjekkare kveld i vente i min eigentlege krets? Dessutan; av dei eg framleis er saman med frå Florø er det ingen som er atten, så hm... på pub aleine? Neitakk.

Eg er klar over at dette var eit særs deprimerande og sikkert irriterande innlegg, men slik er det altså. Atten -ikkje kult med det same. Får håpe det kjem seg. Det gjer det nok, forresten. For i morgon tidleg, (om litt) vil eg i det fjerne høyre: "hurra for deg som fyller ditt år..." og mi herlige familie kjem med frokost og gåver på senga til meg. Eg har alltid vore vekkskjemd med kjærleik og trivialitetar. Slik er det, og slik blir det. Til frukost kjem tante og onklar. Mamma arrangerar sjølvsagt. No skal eg lese eit par sider Harry Potter, og sjå om eg søv betre som vaksen.

Ingen kommentarer: