Viser innlegg med etiketten Florø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Florø. Vis alle innlegg

søndag 13. juli 2008

Die Stadt

...eller tvert i mot. Eg har no vore på bygda Stadt sida onsdag kveld. Dette har eg opplevd:

  • lærekøyring
  • strandkos
  • god mat
  • forkyling
  • besøk av Hilde, Helge og Mathilde = kjeks
  • planar om surfing, men heime grunna forkyling, medan besøk surfar
  • mini-roadtrip med besøket
  • Fure
  • krangla + blitt ven att med mama.

I morgon ber det heimatt til Florø, der Daniel og sin sveits-kompis, Jonas befinn seg. På tysdag er eg remakjerring på fulltid og ut veka. Diverre fekk eg dei aller kjipaste vaktene: 15.00-22.15, noko som betyr null sosialt samkvem. Då blir det i tilfelle om natta, sidan alle jobbar frå ni til tre eller noko... Men men, ja ja. Eg er uansett ganske frisk til sinns, og gler meg til å kunne tjene litt gryn i og med at eg er rakablakk etter Roskilde.

koz.

søndag 15. juni 2008

PIKNIK

Hadde livet vore ein piknik, hadde eg vore uavbrutt lukkeleg. Mat, godisfolk, koz og klemz, og sjølvsagt sol, maur og lydar. Same frå kvar. Piknik kan ein forresten gjennomføre overalt. Har ein dei tidlegare nevnte elementa er ein sikra ei hyggjeleg stund om ein befinn seg i ein skog, grøftekant eller rasteplass.

Klokka halv ni har eg noko kjekst å sjå fram til: PIKNIK. I dag har eg lagt sjela i forarbeidet og laga eit parasolltelt. Akkurat no sit eg her mutters aleine, og nyt dei flagrande teppa som heng ned frå parasollen akkompagnert av Lykke Li. Herleg. Sola er framleis litt varm. I alle fall no når eg tok på meg tjukkesokkar. Om snart kjem deilige florøfolk, og gulrotkaka frå mamma står klar til bruk oppe på kjøkenet.


mandag 26. mai 2008

Så sinnsjukt konge at det var like fint vèr i dag som i går. Verkeleg. Ja, det synes eg faktisk, utan å overdrive. NEI! Eg hatar det. Og i dette deilige veret måtte eg sjølvsagt setje meg inn fordi konsentasjonen som i utgangasunktet var dårleg, vart dobbelt så dårleg utandørs med trampoline-hoppande småkidz, hyggelege naboar og koseOliver som eg elskar. På kjøkenet som var min nye puggebase, vart eg plutseleg nyfiken på alt snikksnacks som var gøymd i skapet. Ellers tenkte eg over ting som ikkje var saklege i forhold til prøva eller noko anna, for såvidt.

No er eg i grunnen berre sint. Eg er kjempesint. For det fyrste har eg ikkje oversikt over prøva i det heile. For det andre har vi alt for mykje å gjere på skulen. For det tredje har eg i det siste hatt ein tendens til å komme på kant med folk i heimbyen. Dette er jo sjølvsagt supert. I allefall når det er nokon av dine næraste.

No er det alt for langt på natt for meg. Eg trur ikkje eg for sove, men eg får give it a shot. Shalom.

søndag 25. mai 2008

Stripping, "lesing", og jobbing.

Ein laurdag er til ende, og eg kjenner den ikkje var fylt med "dag", om du skjønar kva eg meiner. Det har liksom ikkje gått ein dag for meg enda. Eg tenkjer no at eg skal leggje meg, og i morgon er det laurdag. Då er det ikkje kult at det er sundag. For eg har faktisk ikkje byrja å øve på prøva (den GIGA prøva) vi skal ha på måndag i mediekommunikasjon. Og ja, eg er klar over at alle hadde planar om å lese heile helga (inkludert meg), og eg hatar at eg ikkje har fått gjort det enda. Til mitt forsvar jobba eg frå 12.00 til 20.30 i dag. Eg var ein helgen og byta vakt med min kjære fetter, Endre fordi han skulle få besøk av kjærasten sin. Eg tykte eg heller måtte vere romantisk, framfor anti, så eg sa sjølvsagt ja, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å, som sagt, lese. (ja, eg veit eg er snill).

Eg trur dessutan mamma heller vil ha meg som heimeverande kosedyr, framfor suksessfull kvinne. Pappa òg, forresten. Dei bestikk meg, slik at eg faktisk ikkje kan lese! "Men Christinee? Vi har leigd Varg Veum, og kjøpt snop og laga pizza og sånn. Du kan jo lese litt ittepå, eller?" Jada, det skjedde. No skriv eg blogg istadenfor. Dei vil til og med ha meg med på øyvandring i morgon. Og ja, det freistar enormt. Ah, men... trist nok, så skal, og må eg faktisk lese i heile morgon, sidan eg ikkje har byrja før. Typisk meg. Men sånn er det altså blitt. No skal det ikkje skrivast meir om det. Då blir eg berre sint.

Eg kan heller fortelje om min sære/interessante/morosame draum eg hadde natt til i dag. Eg drøymde nemleg at eg skulle vere med skulen til veslesystera mi i ei framsyning dei tidlegare har hatt, men i fantasien si verd, skulle setjast opp att. Framsyninga heiter Sirkus Torvmyrano, og seier seg sjølv at dette var ei sirkusframsyning. Heile barnehagen, små- og storskulen deltok, og no i denne nye framsyninga skulle altså eg vere med. Men eg var verken akrobat, sjonglør eler klovn. Eg skulle strippe. Kan du tenkje deg? Saman med barneskulen. Og som musikk til denne vesle seansen, skulle altså ein liten gut frå småtrinnet spele hardingfele -på einhjulsykkel. Eg forstår ikkje korleis det går an. Skulle gjerne ringt min amerikanske, draumetydande grandunkel Arthur, i Sveits og spurt kva dette tyder. Eg er nyfiken som ein fiken. Det verste var eigentleg at eg trudde på heile strippesirkuset då eg vakna opp i dag tidleg. Eg byrja heilt på alvor å tenkje ut moglege løysningar for jobbinga, slik at fekk rekke begge deler. Hoh, eg er glad ikkje alt eg tenkjer/drøymer skjer i røynda.

Som avsluttande ord, vil eg gjerne seie at eg kunne ønske eg ikkje jobba eller hadde prøve å lese til i dag. Det var så fint vêr. Og eg hadde lyst å spytte på dei som kom inn på Rema med shorts og solkremduft. Æsj! Men kva gjer ein vel ikkje for pengar?

søndag 11. mai 2008

Forsvinn!

I snart ein månad har eg vandra omkring som ein slimsnegle med hostetiks, og mest sansynleg smitta halve Sandane og Florø med forkjølinga mi. Ekstra kjipt er det no når fineværet endeleg har gjort sin entrè, og ein gjerne vil sitje ute lettkledd rundt grillen med softis i eine handa og solkrem i hi. Den kalde brisen som kjennes deilig der og då, tenkjer ein kanskje ikkje skapar ein trivselhage for bakteriane i halsen. Ein jubel bryt laus, og dei formeira seg nesten like mykje som Sogn og Fjordingane gjer i løpet av ein vår (ja, eg leste statistikk i eit magasin).

No ligg eg her trygt og godt i mi eiga seng i Florø, og er klar for å sjå ein episode Sex and the city før eg tilkallar Herr Blund. Etter å ha prata med mamzèn i telefon (dei er på Stadt), har eg no gjort alt ho har sagt eg skal gjer. "Dæ du gjer æ å henge ei eddikfille ved siden av senga. Det hjalp alltid då du va lita. So finne du dæi en varmepose med kokande vatn som du legge på bringa. Noke du òg kan gjer e å legge den store, grøne puta onde overmadrassa, so du ligge litt opp med haude´, ogso legge du dæi med en einaste gong (sovn æ den beste medisinen)."

No ventar Carrie på meg. God natt.

onsdag 30. april 2008

Dåli

Ja, eg har ikkje vore særleg til bloggar i det siste. Det har vore så mykje kjekt, og så mykje og gjere, at eg rett og slett ikkje har funne tid til å blogge. Heller ikkje til å rydde rommet mitt. Det ser for tida ut som ei ungkarsbrakke frå 90-talet. Lite tøft.

For å oppsummere forrige(, herlege) veke:
  • SOL
  • Grilling
  • Kosing
  • Glattkøyring
  • Bergen
I morgon, eller rettare sagt, om nokre timar seinare i dag, skal eg ha samfunnsfagprøve. Det kjipe va at eg ikkje fekk vite om den hersens prøva før ca. i dag. No gjenstår det og sjå kor mykje kunnskap som har fått plass "oppi der" denne gongen. Eg har ikkje for store forventingar. Vi får sjå. Vi får sjå.

No gler eg meg berre til skulen er ferdig for dagen, slik at eg kan ta med meg mine herlighetar til Florø, så dei kan få sjå min vene heim, og reise til Førde med mine andre herlighetar. Det vert kjekS.

torsdag 17. april 2008

Samandrag. Om du gidd liksom.

Eg orkar ikkje skrive heilt ut akkurat no. Eller seinare for den del. Eg skriv i kodar/stikkord og håpar folk forstår. Det er ikkje særleg djupe saker, men verdt å nemnast. Here goes:

Fredag:
Heim-Florø m/ båt. Sur betjent, utsolgt for ungdomskort -Min feil. plis.
Heim til Elisabeth -babsitter for the weekend.

Laurdag:
Jobb på Rema=ok. Simon har fått lapp, og køyrde heim. Eg+Eli+Taco+Poccahontas+jordbær=sant. Nattetur på Brandsøyåsen med veslesyster. Kjempekoseleg, mørkt og litt skummelt. Til sengs 23.30 -impregnert over meg sjølve.

Sundag:
Eg+Eli+Taco+Bambi+jordbær=sant til frukost. Herleg. Sykkeltur, bake bollar og lage kort. Pappa heime halv ni. Fin helg, fin pappa.

Måndag:
Båt til Bergen m/ hyggeleg ansatt +ungdomskort. Til Ramzey kl tolv. Får italiensk is med boss og har det berre kjekt. Kjem heim til fin familie. Eivind (pappa) har bursdag=kake og førtiåringbesøk. Ingvild (syster) og eg går to timar lang tur utan å heilt vite kvar. Kjempekjekt.

Tysdag:
Lite produktiv jobbdag. Litt lei + lite og gjere. Saknar skule + Sandanevener. Kjem heim til fin familie. Bodil (mamma) har bursdag=eg lagar grønsakpai til heile familien med tre pakkar paideig (!!). Frustis m/ Ingvild og Mathilde. Kjempespanande episode. åiåi.

Onsdag:
Vaknar med kjempevond hals. Ramzey=kjempeproduktiv dag. Gjer meg heilt ferdig med ulveklistremerker, som alltid har vore eit pirkeprosjekt. Lært mykje Indesign. Vidareutvikla BOMS med communityfunkjson. Bestilt Roskildebillett og er overlykkeleg. Etter jobb=Stian=kos+kaffi+Burger King+vindusshoppe. Kjempegodt og sjå att.

Kjem heim med planar om fjelltur m/ Ingvild og Mathilde, kakao og grillings. Men er fornuftig og blir heime grunna vond hals og stort bli-liggande-sjuk-potensiale. Skal jobbe laurdag=kan ikkje vere sjuk. Fiksar alle rekningar og har framleis pengar. Livet er herleg.

I morgon skal eg vere med pappa som har standby i Bergen. Eg skal til og med kanskje køyre litt bil. Skummelt. Seinare skal eg sjå på sofa til hybel og gå på kino med Ingvild. Litt trist at det snart er gått tre veker, men eg kjenner òg at det skal bli kjempegodt å komme att til fagre gloppen. De er elska av meg.

lørdag 12. april 2008

friday friday friday

Åiåi! Ei arbeidsveke har allereie passert utan ein gong å seie i frå! Ute skin sola, og her inne sit eg og får svett til å svette. Du skjønar kanskje kva eg meinar om du ser på biletet til venstre. Saken er nemleg slik at treningskjeden ”Svett og blid” skal skifte namn til ”sprek og blid”, og vil markere dette ved å lage ein animasjon til heimesida. Ramsøy Design har fått dette oppdraget. Og eg har under dei att fått i oppdrag å lage eit fyrsteutkast til skissene til animasjonen som skal lagast. Den vert etterpå sendt til ein DAN i Australia som skal lage den i Flash. Han er proPro.

Eg har hatt ei herleg veke. Eg må berre ha sagt det. Det er vel kanskje difor den har gått så uendeleg fort. På jobb går det no strålande. Eg har mykje å gjere, og har eit veldig allsidig og variert arbeid og jobbe med. Alt i frå å setje opp romplanar til messer Ramsøy har laga veggdesign til, til heimesider for born med Downs syndrom i Hordaland. Eg har det kjempekjekt. Dessutan har eg det svært koseleg med mine to Ramsøy kollegar. I går fekk eg is av dei. Koz.

På onsdag hadde eg først møte med BOMS, for å høyre om dei likte designet på heimesida. Dette var eg svært spent på, og vart sjølvsagt kjempeletta då ho utbraut: ”Wow”. Hoh, pust ut. ”Eg trodde det kom til å bli heilt bommers, men det her e jo heilt perfekt.” Eg vart så glad. Det einaste negative var det gule rundt bussen. Ho foreslo ei jordklode i stadenfor. Dette har eg fiksa no.

Seinare gjekk eg, Ingvild og Mathilde tur. Ingvild skulle etterkvart på volleyballtrening, så eg og Mathilde gjekk vidare opp på Eidsvågfjellet without. Då vi var komne opp på toppen, ringde Marte og ville vere med. Så vi gjekk ned, henta ho, og gjekk opp att. Då eg fyrst høyrde vi skulle på tur, tenkte eg det var slik ein ”around the block”-tur på asfalt. Ikkje ein fjelltur med gjørmestiar. Så eg kom no gånde med Converse-skoa og ulljakka mi. For å understreke kor upassande antrekket var, kan eg fortelje at eg hadde bark i navlen og snurklesko då eg kom heim att. Men det var no verdt det. Gnagsåra òg. For det var ein kjempefin tur med solnedgong i skyteppe over Bergen by. Nudeli.

I går besøkte eg Hilde i Norheimsund. Det var kjempekoselig, og alle var berre hæppihæppi. Eg fekk verkeleg sansen for internatlivet. Det verkar så kjempekoseleg og sosialt. Samstundes tenkjer eg at det fins visse fellestrekk for hybellivet eg har. Så eg klagar ikkje. Berre beundrar.

No fekk eg nettopp ein til is med sjef. Herlig! Alle er i fredagsmodus og gjer litt som ein vil. Nokon sit på skype, nokon skriv blogg (høh?) og nokon tyt i telefon.

Snart tar eg båten heim att til fagre Florø. Eg skal passe Elisabeth i helga, fordi alle er vekkreist. Det synes eg er greit. Då får eg ein ekstra slant pengar, og kan kanskje skippe jobbhelga eg har så lyst å tilbringe i Bergen for å feire IngvildRoomie. Jihu.

Ein halvtime igjen no...

søndag 6. april 2008


Florø er ein herleg plass. Denne helga har eg verkeleg funne roa. I dag gjekk familien på Brandsøyåsen, og fann ut undervegs at vi heilt hadde gløymd loppemarknaden vi hadde planlagt å gå på. Om vi skulle rekke det, måtte vi gå ned den andre vegen -mot Brandsøya. Ein stk familie Schwett ankom marknaden utan sminke, fulle av granbar og med uvaska hår. Men det hindra oss ikkje i å troppe opp og beundre det herlege, gamle skrapet som var strødd utover gymsalen i Brandsøy skule. Mamma fann den mørkebrune, veteranskjenken ho hadde drøymd om, og hadde kjøpt den på flekken, hadde det ikkje vore for mangel av mål. I morgon legg ho nok inn bud, skal de sjå.

No sit eg på kjøkenet med sveitsarsjokolade, melk og Madrugada. Ahm...

lørdag 5. april 2008

FURE Værbitt

Sånn halvegs på impuls reiste eg i dag (fredag) til Florø. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å bli att i Bergen i helga, men sidan pappa skulle køyre, og eg likevel ikkje hadde nokon planar, kunne eg liksågodt vere med. No har eg vore på utstillinga til onkel Per, og den var heilt fantastisk. Eg elskar verka hans. Dei er utrulege. Utan å overdrive liksom. Eg var kjempestolt, og han fekk solgt over halvparten av (eg kan ikkje sei bileta) kunstverka. Vi kjøpte eitt. Då var eg nøgd. Etterpå fekk heile slekta komme på VIP-fest heime hjå Fure-Grøtting familien, der suppe, vin, song og volum stod på menyen. Dei utanforståande som var til stades, kan eg tenkje meg følte seg litt brydde, når mamma og dei tre systrene byrja og "ÅJE". Dei som kjenner mor mi, kan like godt få vite at ho er yngst, og at galskapen doblar seg for kvar syster som er eldre. Der er altså tre av dei. Kan du tenkje deg?
Morosam episode frå kvelden:

  • På utstillinga: litt småmurring frå den store folkemengda som beundra dei fine "bileta". Plutseleg høyrer ein "HAHAHEE", og det er sjølvsagt ingen andre enn Bente sin trillande latter som fyller heile salen. Mannen, Rune gøymer seg når han ser to viftande bein stikke ut i frå folkeklynga. Bente fortel i etterkant: "Nei, det hadde sæi sånn, at ho Irene og han Lars(?) skolle ha kappløp mot dæ bilde dei begge ville ha. For den som fyst sat raudt klistermerke på, fekk det. So dei sprang som noken hesta mot det, og trur ikkje du at æi sto rett framfor bildet dei storma i mot?! Dei kom på kvar si side av mæi, og dulta like mykje begge to. Æi berre for rundt og landa rett på rompa! Også berre låg æi der, som den SVISKA!"

mandag 24. mars 2008

nam, påske.

Eg kunne hatt ferie minst ei veke til. Det er så fantastisk deilig å ikkje ha nokon skulerelaterte ting å måtte tenkje på, at eg trur eg snart kreperer. Påska har vore heilt perfekt. Eg har vore litt her, og litt der. Og natt til laurdag overnatta Furesøskenborna i hytta på Fure etter ein felles, tradisjonell påskelunsj med resten av slekta. Hytta er svært koseleg utstyrt med turnus og open peis. Noko straum eler varmtvatn fins der ikkje. Men det er litt av sjarmen. Sjølv om eg glatt må innrømme at det å gå på utedo, kanskje ikkje er det kjekkast eg veit. I alle fall ikkje i minusgrader.

No har eg atter ein gong ein aleineheimefest samans med Oliver. Han er ein filosofisk katt, skal de vite. Fann han nettopp nede i vindaugskarmen, medan han i det stille filosofert utover dei tjukke snøflaka som komdalande ned.

I dag kom my mama heim frå Stadt. Daniel er hjå ein Eirik og Elisabeth og pappa er i Sveits i begravelse til Oldemor Elisabeth. Eg og mamma måka heile innkøyrselen som var heilt gjensnødd. Det var ingen enkel sak, men the two powerful ladies managed. Etterpå laga eg snøhole i haugen vi hadde laga. Mamma solte seg i solstolen ved siden av -i en sovepose. Etterpå rydda eg rommet mitt, og reiste til Sandane. Gjorde det samme der. Kjempedeilig å være tilbake. No er eg faktisk klar til skulestart!

søndag 9. mars 2008

Fryd og gammen og mamma.

Det er helg. Alt er fredeleg. Huset er varmt. Oliver er søt. Mamma er her. Perfekt. Denne helga er eg i min heimby, Florø. Atmosfæren er etter mi meining avslappa, alle er nøgde og alle er sjølvsagt mette på god mat. I går ettermiddag ankom eg Florø med buss, og pappa kom og henta meg med sitt "nye" glis. Eg fekk køyre! Heile familien skulle rett til Oyrolav i bursdagsselskap. Roy Olav og familien er "vennefamilien" til mamma, pappa og Elisabeth. Då eg og Daniel entra døra var det liksom: "neimen, e ungdommane med, òg? Det va no... kjekt". Deretter var det litt fram og tilbake om det var ved barne- eller vaksenbordet vi høyrde heime. Vi endte opp med dei vaksne, og fekk kaffi, ikkje solo.

I dag har eg hatt ein kjekk dag på min fjerde heim, Rema. Eg fekk for fyrste gong i mitt liv selge alkohol. Dette er stort for meg, og noko eg har venta på i nesten to år. Sist gong eg var på Rema, var datoen 2. februar. Noko som vil sei (for deg som ikkje veit det); dagen før dagen. Om du skjønar. Ekte nedtur. Men i dag...: YES! Alt gjekk smud.

Etter jobb laga eg og pappa nachospizza. Pizzaen var nett kome ut av ovnen, og mens den kjølte seg ned litt, såg vi slutten av Borettslaget. Då det var ferdig fekk vi plutseleg litt angst for at pizzaen hadde vorte kald. Vi orga og stressa for å "rekke" pizzaen, og midt opp i heile kaoset klarte Elisabeth og søle eit glas solbærsaft utover bordet. I stadenfor å springe etter noko å tørke det opp med, slik som vanlege homosapiens ville gjort, fekk ho eit lite utbrot: "SÅ IDIOTISK"! Dette minte meg litt om yoghurtepisoden eg hadde tre år tilbake:

Eg kjem heim, trøytt og sliten m/ heteslag frå ein heseblesande sykkeltur opp botnaholten. Eg sit ned ved kjøkenbordet, og vil gjerne kjøle meg ned med noko. Eg opnar kjøleskåpdøra og legg auga på ein uopna yoghurtboks (, der den plastikktingen øverst ikkje er teke av enda). Eg tenkjer "AH", og legg den kalde plastflata mot panna. Dette må eg innrømme kjendes svært komfortabelt, heilt fram til augneblunken der eg merkar at eg er full av yoghurt. Eg skrik ut "FAENSKAP", samstundes som eg vert svært overraska over ordvalet mitt.

Faenskap er eit ord eg forbind med FSK-gutta i nedre rang, som brukar det i fotballsamanhengar som når Eikefjorden skårar mål mot Florø. Parallellen til Eli-historia var utbrotet, men poenget i den var slutten. Som dukka opp eit år etterpå...

Etter å ha tørka siste skvetten melonyoghurt av t-skjorta, byrja eg og tenkje over kva slags idiot som kunne finne på og opne plastikktingen, men ikkje ta den heilt av. Eg kunne liksom ikkje forestille meg at det var nokon i familien som hadde gjort det. Faren min er jo sveitsar for crying out loud! Eg fortalte sjølvsagt om hendinga til Hilde, med stor forarging i stemma. Dette viste seg i ettertid å vere eit lite smart trekk av meg, ettersom ho var syndaren, og ikkje torde å seie noko til meg. Dette fekk eg altså ikkje vite om før eit hundeliv seinare.

No sit eg på Bed&Breakfastrommet mitt i heimen min og har det berre slapp. I morgon skal eg slappe enda meir av. Ahm. Livet er herleg. Den vil eg forresten sjå igjen snart.

søndag 3. februar 2008

Overgangsalder?

Irritabel, eller berre kjempetrøtt? Eg veit ikkje. Ting har vore litt opp og ned, fram og tilbake dei siste dagane. Dårlige filmprosjekt og turbulent grupperbeid er nok til at eg blir lite kjekk og ha med og gjer. Dagane har gått frå å vere kjempekjekke til å vere kjempeteite. Eg har vore både glad i og kjempeprovosert på enkelte over svært korte tidsrom. Likevel følar eg eg har hatt eit nokså solid grunnlag for det. Andre er kanskje ueinige.

Svevnen er òg noko som går litt i berg og dalbane hjå meg for tida. Ei natt får eg sove, andre ikkje. No er det helg, og eg er i Florø for å jobbe og verte vaksen. Må berre få poengtere at eg faktisk (i dette nu) offisielt er atten år. Om det kjennast rart? Nei, ikkje i det heile. Eg er framleis Christine, har ein grøn koffert eg har gløymd og ein katt som heiter Oliver. Det einaste som har forandra seg er det bakerste talet av år eg har levd. Kanskje det nettopp er det som er svaret på diverse irritasjonar og svevnmanglar. Eg er kome i overgangsalderen. Eg prøvar å omsetje meg frå å vere born til å verte vaksen. Men endar opp med å skape ein dårleg aura rundt meg.

Intimfeiringa av bursdagen min vart kanskje ikkje heilt som venta. Eg var i utgangspunktet supertrøtt etter ein Remadag med: "Nei, eg kan diverre ikkje scanne øla sjølv, eg blir nemleg ikkje atten før i morgon". Gjestane var dessutan litt (for) blanda drops, noko som glatt resulterte i ei gedigen informasjonskløft. Og då meiner eg ei kløft på kryss og tvers. Hadde nok litt for høge forventningar.

Eg har forresten over lengre tid vore litt småirritert (overraska?) over alle forventningane folk har hatt til at eg skal "gå ut" og rule ein pub fem over tolv, når vaksenlivet endeleg tek til. Eg har roleg forklart at "nei, eg skal nok berre ha ein roleg kveld, og at eg heller skal feire meir neste helg på Sandane". "Men du blir jo atten", er som regel come backen. Helle dusten, tenkjer eg då. Eg skal jo vere vaksen resten av livet, kvifor starte det med det same når eg har ein mykje kjekkare kveld i vente i min eigentlege krets? Dessutan; av dei eg framleis er saman med frå Florø er det ingen som er atten, så hm... på pub aleine? Neitakk.

Eg er klar over at dette var eit særs deprimerande og sikkert irriterande innlegg, men slik er det altså. Atten -ikkje kult med det same. Får håpe det kjem seg. Det gjer det nok, forresten. For i morgon tidleg, (om litt) vil eg i det fjerne høyre: "hurra for deg som fyller ditt år..." og mi herlige familie kjem med frokost og gåver på senga til meg. Eg har alltid vore vekkskjemd med kjærleik og trivialitetar. Slik er det, og slik blir det. Til frukost kjem tante og onklar. Mamma arrangerar sjølvsagt. No skal eg lese eit par sider Harry Potter, og sjå om eg søv betre som vaksen.

onsdag 19. desember 2007

snikk snakk

Etter lite søvn, og fem tima intens jobbing e eg no endelig ferdig med tentamen. Det e så herlig, at eg ikkje har ord. Alt gikk ikkje som planlagt, though. Plansjen som egentlig skulle være ståande, laga eg selvfølgelig liggande, og når den skulle eksporterast til pdf-fomat, forsvant teksten min. Men eg gjorde no hverfall mitt beste, og det e jo det som e viktigast. Right?

I kveld e det først nissefest, og deretter avslutning med hybelhuset. I morra komme pappa og henta meg klokka to, sånn at eg får med meg julekonsert og juleball med florøværingane. Eg gleda meg kjempemasse. Eg savna heile Florø veldig masse no, og eg kjenne at det skal bli deilig med juleferie. Masse deilig mat, herlig slekt, selskap der eg kan bruke kjolane mine og skjønne venna eg ikkje har sett på evigheta. mm.

Tror eg gjør det kort for denne gang, og slutta av her. No stikke eg heim og slappa av litt.

lørdag 1. desember 2007

Hjem kjære hjem

Fytti rakkeren, det va godt å komme heim. Mamma stod klar med lasagnen, og Elsabeth klemte meg så lenge at eg måtte be ho slippe. Oliver malte ekstra masse (eg e sikker på det!). Etter middag hadde Elisabeth, mamma og eg jentekveld (oh yeah) med julekakebaking og beat for beat på TV`en. Eg blei kvalm av for masse deig (born), men skyldte den vekk med kaffi (vaksen). Nytt på Nytt va like morsomt som alltid. Og eg holde fast på, no som før, at Jon Almaas e kjempepen!

Det e så godt å være heime! Kan ikkje få sagt det nok! Tenk å være i ett stort, varmt hus med masse god, dyr mat! Ih. I morra e det Rema. Eg grugleda meg. Hata å sitte i kassa når eg hosta. Ser ut som en dust. "kvit-HOST-tering?" Men eg gleda meg til lunsj med mine kjekke kollega (vaksen), og alle de morsomme kundane eg kan baksnakke med de etterpå.

koz klemz gid

lørdag 3. november 2007

NRK og sånn

No veit eg det e lenge sida eg har skreve. Grunnen e lita tid og mest av alt giddalaushet. Eg har i det siste utvikla en særs lat stil som ikkje passa seg i det heile tatt. E eg tørst, går eg i kantina for å kjøpe meg en kopp kakao i stedenfor å bare dra drikkeflaska mi opp av sekken. (Men så e den kakaoen uvirkelig god. Ikkje min feil). Eg har benytta meg av Fjordland sin grøt og Toro sine supper og eg har en stor, nei GIGA klessvask eg ikkje har "rukke" å vaske enda.
Uansett, poenget mitt e: eg har ikkje skreve blogg på lenge fordi eg e lat. der.

Eg kan likegodt fortelle at det har vært en fin dag i dag. Den begynte med at eg kom på at eg hadde glømt å sette ut matavfallet (Det fine komme seinare). Vår hybel som har ansvar for å sette ut boss. skulle aldri ha vært sånn. ugh. Ti over åtte tok heile klassen bussen til Førde der vi fikk omvisning på NRK Sogn og Fjordane. Utrolig lærerikt og interessant. Sjefen fortalte oss mykje og vi fikk stille spørsmål. Etterpå fikk vi omvisning i bygget der vi blant anna fikk være til stede under ei radiosending. Etterpå va det H&M og Peppes med jentene. mm. Deretter buss og heim. Daniel har lan med guttane sine på garasjeloftet, mamma e i Førde med pappa og Elisabeth e hos sin fadder/kusine, Anne. På den måten har eg hatt heime-aleine-fest med meg sjøl. Det lika eg. Med dataen på fanget, fyr i peisen og cherry-te til å varme seg med på handane, kosa eg meg i mitt lune hus. Eg e glad eg ikkje e husredd.

I morra e det Rema agajn. Etter det skal eg være på Sandane tre helge på rad. Off. Eg har plana kvar helg fram til jul. Det lika eg ikkje. Dessuten begynne eg å få litt angst for Haustfesten. Det e to uke til vi skal stå på scena og framføre ett program, og vi har ikkje begynt å øve i det heile tatt enda.
Koz -meg.

mandag 8. oktober 2007

Høst + ferie

Ah. Den såkalla høstferien e virkelig nokke eg kan venne meg til. Det va vel egentlig først i dag eg fikk skikkelig smak på den. Eg våkna i ti-tida og hadde en deilig morgen med mamma. I ett-tida dro eg til Hilde på middag og kos. Eg syns det va trist at vi bare fikk vært med kvarandre to korte ganga. Men så e der jo alltid helgene, der vi kan (men som oftast ikkje) besøke kvarandre. Det va herlig i hvertfal. Spesielt i dag, då bare alle va morsomme. Koffor har vi aldri lagt merke til det før? Klokka tre dro ho til flyplassen og eg dro heim. Rett på dataen, of course. Nedlastningsorgie til det fulle! Det va like før eg kasta en forbannelse over sangane mine på iPoden. Sjukt lei. Vendepunktet på den ultimate slakkedagen måtte jo selvfølgelig komme, og i femtida fikk eg heilt saiko vondt i magen. Eg låg på gulvet og vreid meg av smerte. Eg tulla ikkje. Mamma sa eg hadde spist for masse. Det kunne selvfølgelig vært tilfelle, men det va det ikkje. Mamma, som e så snill og god laga varmepose og te til meg, og sammen såg vi Frankie & Johnny (som btw, Elin: du skal få den tilbake snart). Mageknipen gikk over og pannekake med levande lys og mamma (selvfølgelig) stod på menyen. Deilig. No sitte eg atter en gang på der Computer og finne litt musikk.

I går va eg på Rema fra elleve til seks. Min søte kusine, Inger, som òg e begynt å jobbe der va kjempeflink. Mykje flinkare enn meg som måtte slå tusen vare i retur (og glømte å ta vare på lappane), slo inn på feil kasse (nokke som resulterte i stort kluss med oppgjøret) og ikkje visste ka cocktailbær va og at vi hadde det (hallo? saklig å ha cocktailbær på Rema?). Dessuten trodde min romanske kollega at ho va mykje flinkare og meir erfaren enn meg heile dagen, sjøl om eg hadde jobba der mykje lenger enn ho. "Trokk dar, trokk har". Frøken, eg har tatt meg av tippinga før. E ikkje vanskelig å slå inn en ukers lotto.

Seinare på kvelden gikk eg ned (i regnvær) til May Helen der både Simon og Ida var besøkande. Vi prata, spiste (jepp) og såg Million dollar baby. Det vil si: Eg såg Million dollar baby. De andre sovna. På bussen heim møtte eg litt folk som gav meg ferske oppdateringa på sladderet i Florø. Sjokka. Då eg gikk ut av bussen va det regnfritt, og eg begynte å tenke over alle de gangane eg har gått ute om natta og det ikkje har regna når det har regna heile dagen i forkant. Tenk over det! Det regna nesten aldri midt på natta. Stjernehimmelen va forresten òg verdt å nevne. Heilt fantastisk. Såg både Karlsvogna, Lillebjørn og Storebjørn (og mange andre stjerne eg ikkje kunne navn på).

Ellers gleda eg meg bare til å fortsette den potensielt deilige høstferien.

fredag 5. oktober 2007

Holy Friday

To tima til det e skoleslutt. To tima til det e ferie. To tima til eg skal sette meg på bussen heim til fagre Florø. Eg gleda meg stort. Spesielt til å møte igjen Hilde og Daniel. Har snakka med Daniel på telefonen de siste to dagane. Av og til glømme eg bare å kontakte han, og det samme gjør han òg, tror eg. Men når kontakten først e oppstått, blir den vedlikeholdt ei stund framover. Det e fint. Det e så søtt når han ringe, uten å ha en baktanke, men bare vil prate med meg fordi eg e kul. Vi skal henge masse i ferien. Eg skal lese ferdig "Døde menn går på ski", også skal eg begynne på novellesamilinga til Frode Grytten. Eg skal slappe masse av. Men eg skal jobbe litt òg, så eg får litt gryn. Ute e det fint vær, nokke som ikkje e heilt uvanlig på en fredag. Då e det ganske kjekt å reise med buss. Har forresten store plana om å se Family Guy the Movie på vei heim. Ah. No e det tre uke sida sist eg va i Florø. Det e lenge! Men på den andre sida e det mykje kjekkare å komme heim då. Mamma sa vi skulle lage nokke godt i kveld og at ho skulle kjøpe inn ka enn eg måtte ønske. Ih. Tror eg går for gryteretten til ho Ellen. Den e go´.
Har ikkje så mykje meir å skrive no. Gleda meg bare til ferie.

søndag 16. september 2007

Høum

Ja, Florø e en bra plass. Litt rart at helga har gått så fort som den har. Føla liksom ikkje eg har utretta store greiene. Eg har rett og slett bare fulgt planen min (referera til tidligare innlegg) der Stian, Rema, Hilde(, Jesper) og Ann Helen stod på agendaen. Så sånn sett har eg gjort mitt. Slakkehelga som stod på ønskelista fikk eg faktisk òg delvis til. Konge. no skal eg rett og slett bare rydde Bed & Breakfast-rommet mitt og laste ned sanga eg kan høre på bussen på vei (har lyst å si heim) til Sandane.

E ikkje keen på ny skoleuke. Sorry. E allerede lei. Det e trist.

fredag 14. september 2007

ikkje informativt. bare så du veit det.

Eg føla meg ekkel. Håret mitt står til alle kanta og det føles ut som om innvollane mine gjør det samme. Etter en litt ”late night” i går e eg no så dønn trøtt (og sånn) at eg ikkje en gang merka at høretelefonane eg har på meg ikkje e lyd i. Huska ikkje en gang koffor eg tok de på meg. Har ingen musikk på dataen min, grunna byte av data, og iPoden min ligge godt bevart i sekken. mystisk. De to første timane tilbrakte eg med vår alles kjære Margot, dog ”tilbrakte” e litt overdrevent. Då klokka va kvart på ni (15 min etter skolen begynte) måtte eg løpe ut, og blei værande på the ladies room til klokka va halv ti. Merkelig nok kommenterte ikkje lærer-Margot det. No etter god mat og brun Pepsi fra kantina, føla eg meg mykje bedre. Vi har igjen en time med piraten, der eg ikkje gjør nokken ting. Med andre ord: ”selg deg sjølv”-plakaten går retning vest (Florø. Ikkje bra).

Heldigvis e det Florø i dag. Sjøl om eg såg familien i helga, savna eg de grusomt masse no. Eg angra litt på at eg har gjort så mange avtala i helga, though. Eg e så klar for å SLAKKE, at en skulle ikkje tro det. Når eg komme heim i dag skal eg henge med Stian. Han har eg ikkje sett på minst hundre år og skal tilbringe tid med han i dag fordi eg på lørdag skal jobbe og henge med Hilde som eg heller ikkje har sett på hundre år. På søndaga har eg for lenge sida gitt opp å avtale med folk fordi det aldri blir tid til det uansett (står opp seint, pakking, eting, eting, eting, middag, shalom –Sandane). Oppsummert får eg ikkje heilt det eg vil ha i helga: ei REAL (uttalt på norsk, ikkje engelsk) slakkehelg. Men eg må finne meg i det, for det e min egen feil og eg har dessuten lyst til det.

Okei. Eg sitte fremdeles med høretelefonane på meg (uten lyd). Og det på ingen måte ett opprør mot musikken eller lignande. Eg e bare heilt fjern i dag (meir enn vanlig lzm). No skal eg inn på last.fm og sjekke ut kass musikk eg skal laste ned når eg komme heim.


P.z. Må bare få poengtere at eg blir så SINNSYKT irritert av å kvar gang trykke feil på Docken. Tror eg på en eller anna måte må forstørre Firefox-ikonet så eg ikkje trykke på den hersens adresseboka heile tida. Tvungen Avslutning –TO THA BONE!