Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg

søndag 13. juli 2008

Die Stadt

...eller tvert i mot. Eg har no vore på bygda Stadt sida onsdag kveld. Dette har eg opplevd:

  • lærekøyring
  • strandkos
  • god mat
  • forkyling
  • besøk av Hilde, Helge og Mathilde = kjeks
  • planar om surfing, men heime grunna forkyling, medan besøk surfar
  • mini-roadtrip med besøket
  • Fure
  • krangla + blitt ven att med mama.

I morgon ber det heimatt til Florø, der Daniel og sin sveits-kompis, Jonas befinn seg. På tysdag er eg remakjerring på fulltid og ut veka. Diverre fekk eg dei aller kjipaste vaktene: 15.00-22.15, noko som betyr null sosialt samkvem. Då blir det i tilfelle om natta, sidan alle jobbar frå ni til tre eller noko... Men men, ja ja. Eg er uansett ganske frisk til sinns, og gler meg til å kunne tjene litt gryn i og med at eg er rakablakk etter Roskilde.

koz.

søndag 15. juni 2008

PIKNIK

Hadde livet vore ein piknik, hadde eg vore uavbrutt lukkeleg. Mat, godisfolk, koz og klemz, og sjølvsagt sol, maur og lydar. Same frå kvar. Piknik kan ein forresten gjennomføre overalt. Har ein dei tidlegare nevnte elementa er ein sikra ei hyggjeleg stund om ein befinn seg i ein skog, grøftekant eller rasteplass.

Klokka halv ni har eg noko kjekst å sjå fram til: PIKNIK. I dag har eg lagt sjela i forarbeidet og laga eit parasolltelt. Akkurat no sit eg her mutters aleine, og nyt dei flagrande teppa som heng ned frå parasollen akkompagnert av Lykke Li. Herleg. Sola er framleis litt varm. I alle fall no når eg tok på meg tjukkesokkar. Om snart kjem deilige florøfolk, og gulrotkaka frå mamma står klar til bruk oppe på kjøkenet.


mandag 24. mars 2008

nam, påske.

Eg kunne hatt ferie minst ei veke til. Det er så fantastisk deilig å ikkje ha nokon skulerelaterte ting å måtte tenkje på, at eg trur eg snart kreperer. Påska har vore heilt perfekt. Eg har vore litt her, og litt der. Og natt til laurdag overnatta Furesøskenborna i hytta på Fure etter ein felles, tradisjonell påskelunsj med resten av slekta. Hytta er svært koseleg utstyrt med turnus og open peis. Noko straum eler varmtvatn fins der ikkje. Men det er litt av sjarmen. Sjølv om eg glatt må innrømme at det å gå på utedo, kanskje ikkje er det kjekkast eg veit. I alle fall ikkje i minusgrader.

No har eg atter ein gong ein aleineheimefest samans med Oliver. Han er ein filosofisk katt, skal de vite. Fann han nettopp nede i vindaugskarmen, medan han i det stille filosofert utover dei tjukke snøflaka som komdalande ned.

I dag kom my mama heim frå Stadt. Daniel er hjå ein Eirik og Elisabeth og pappa er i Sveits i begravelse til Oldemor Elisabeth. Eg og mamma måka heile innkøyrselen som var heilt gjensnødd. Det var ingen enkel sak, men the two powerful ladies managed. Etterpå laga eg snøhole i haugen vi hadde laga. Mamma solte seg i solstolen ved siden av -i en sovepose. Etterpå rydda eg rommet mitt, og reiste til Sandane. Gjorde det samme der. Kjempedeilig å være tilbake. No er eg faktisk klar til skulestart!

onsdag 17. oktober 2007

Eit vått liv


Regn, yr, høljing, nedbør. They all lookalike! Dag inn og dag ut. Æsj. En kan jo sjølvsagt spør seg sjøl: Kor mykje betyr litt regn når du har mat og kjærlighet? Men eg skal si deg en ting, frøken snusfornuftig: "det e ikkje deilig å bli våt på fotane...eller buksa". I mitt tilfelle e det buksa det står på. Eg har nemlig ett par ganske vanntette ekkosko eg bruka klokt, til tross for "mann i lakksko"-look. Det som e litt kjedelig e at det i disse regntunge dager blir lite variasjon i skoveien for min del. Eg kan ikkje en gang bruke de lilla middelalderskoa mine. Eg skal love deg, det e trist. Når det komme til våt bukse-problemet gidde eg liksom ikkje å ta på meg regnbukse kvar gang eg skal ut døra. Det hadde bitt pez. Dessuten har eg ikkje regnbukse for øyeblikket, og eg gidde hvertfall ikkje å ta på meg boblebuksa mi. Fjorårets skikort henge fremdeles på broka, og det hadde sett litt rart ut.

I dag e det onsdag, nokke som vil si at det no e tredje dag på skolen etter den deilige ferien (DEILIGE FERIEN, må bare understreke det). Dagane har gått fort, men likevel føles det ut som om ferien va for leenge sida. bah. I dag e det atter en gang ("our beloved") Q-film som står på agendaen. Dagen i går va like produktiv som dagen før. Eg satt og leika meg i Photoshop store dela av dagen. Etter storefri fant den lille gruppa vår ut at vi kanskje skulle gjøre nokke likevel. Vi jobba heldigvis litt effektivt og fikk skreve ferdig nesten alle tekstane til brosjyra.

For å gå over på ett hyggeligare tema, kan eg med glede fortelle om det koselige skrivegruppemøtet eg va på i går. En flokk fra drama, meg og Mariell fra media og ei fra allmenn va i går vitne til planlegginga av ett forrykande haustfestprogram. Saiko, usaiko og morsomme idea blei skreve ned, og eg tror virkelig vi e havna i rett spor. På den måten befant vår lille flokk seg i den fine stua til Irlinn, knaskande på Jaffa-cakes. ahmm. Eg tror det blir en BRA haustfest.

onsdag 10. oktober 2007


Ferie e det beste eg veit! Akkurat no befinne eg meg på Stadlandet der maling, mat og familie står svært sentralt. Spesielt mat, i og med at det stort sett e det vi leve for. I heile går hjalp vi til hos mormor som nettopp har lagt nytt parkettgulv i stua. Vi brente opp gamle planka og bærte inn alle møblane som låg spredd rundt om kring i huset. Inn i mellom (nokke som vil si minst en gang i timen) va det mat. "For då va vi vel begynt å bli sultne?" Ingen sa neitakk, sjølvsagt. Deilige skillingsbolla, kakao, brownies, heimelaga lefse og smørbrød e alltid populært, på både full eller tom mage. Hos meg va førstnevnte tilfelle. Men det stoppa ikkje meg i å delta på ett herremåltid uten like. Dessuten kan mormor det med kos. Levande lys og fin bordduk -med andre ord: nokke eg, som hybelboer, sette umåtelig stor pris på. Då klokka klang åtte, va eg så stappfull grunna det kontinuerlige matinntaket, at eg bestemte meg for å ta en joggetur. Det tror eg kanskje e det deiligaste eg nokken gang har gjort. De eg møtte på veien, however, kunne ikkje ha stirra meir. Eg har to teoria:
1. Der e tilsammen 1000 innbyggera på Stadt, nokke som kan skape stor nysgjerrighet når det då først komme nokken andre vandrande enn de innfødte.
2.Eg hadde på meg en neon-oransje hettegenser, som muligens kan ha vekt litt oppsikt.

Uansett: Etter min lille joggetur kom eg pustande og pesande tilbake til mitt kjære Ditlef-Maria-Hus, der eg hoppa i dusjen med det samme. Litt seinare iført pysjamas og stor boblejakke gikk eg ned til mormor igjen for å se Grey's Anatomy. Ikkje heilt overraskande, va det ny oppdekning, no med rødvin, Ritz, rosine, lefse (igjen) og BelVita (slankesjokoladen mormor påstår en blir tynnare av, jo meir du spise). Eg va selvfølgelig ikkje vanskelig å be.
Då det endelig, etter en lang dag, va leggetid, kraup eg inn i sovehula mi. Og den bulen eg har fått til her, e faktisk enda bedre enn Ingvild sin. I dette nu ligge eg faktisk her og høre på julesanga. Eg gikk nemlig gjennom alle CDane til mormor i går, der eg faktisk fant en bunke me interessant musikk. Så no holde eg på å imortere samtlige CDa, og har store plana om å lage ei jule-spilleliste vi kan høre på når det blir juleverksted hos oss. For ja: det blir det!

mandag 8. oktober 2007

Høst + ferie

Ah. Den såkalla høstferien e virkelig nokke eg kan venne meg til. Det va vel egentlig først i dag eg fikk skikkelig smak på den. Eg våkna i ti-tida og hadde en deilig morgen med mamma. I ett-tida dro eg til Hilde på middag og kos. Eg syns det va trist at vi bare fikk vært med kvarandre to korte ganga. Men så e der jo alltid helgene, der vi kan (men som oftast ikkje) besøke kvarandre. Det va herlig i hvertfal. Spesielt i dag, då bare alle va morsomme. Koffor har vi aldri lagt merke til det før? Klokka tre dro ho til flyplassen og eg dro heim. Rett på dataen, of course. Nedlastningsorgie til det fulle! Det va like før eg kasta en forbannelse over sangane mine på iPoden. Sjukt lei. Vendepunktet på den ultimate slakkedagen måtte jo selvfølgelig komme, og i femtida fikk eg heilt saiko vondt i magen. Eg låg på gulvet og vreid meg av smerte. Eg tulla ikkje. Mamma sa eg hadde spist for masse. Det kunne selvfølgelig vært tilfelle, men det va det ikkje. Mamma, som e så snill og god laga varmepose og te til meg, og sammen såg vi Frankie & Johnny (som btw, Elin: du skal få den tilbake snart). Mageknipen gikk over og pannekake med levande lys og mamma (selvfølgelig) stod på menyen. Deilig. No sitte eg atter en gang på der Computer og finne litt musikk.

I går va eg på Rema fra elleve til seks. Min søte kusine, Inger, som òg e begynt å jobbe der va kjempeflink. Mykje flinkare enn meg som måtte slå tusen vare i retur (og glømte å ta vare på lappane), slo inn på feil kasse (nokke som resulterte i stort kluss med oppgjøret) og ikkje visste ka cocktailbær va og at vi hadde det (hallo? saklig å ha cocktailbær på Rema?). Dessuten trodde min romanske kollega at ho va mykje flinkare og meir erfaren enn meg heile dagen, sjøl om eg hadde jobba der mykje lenger enn ho. "Trokk dar, trokk har". Frøken, eg har tatt meg av tippinga før. E ikkje vanskelig å slå inn en ukers lotto.

Seinare på kvelden gikk eg ned (i regnvær) til May Helen der både Simon og Ida var besøkande. Vi prata, spiste (jepp) og såg Million dollar baby. Det vil si: Eg såg Million dollar baby. De andre sovna. På bussen heim møtte eg litt folk som gav meg ferske oppdateringa på sladderet i Florø. Sjokka. Då eg gikk ut av bussen va det regnfritt, og eg begynte å tenke over alle de gangane eg har gått ute om natta og det ikkje har regna når det har regna heile dagen i forkant. Tenk over det! Det regna nesten aldri midt på natta. Stjernehimmelen va forresten òg verdt å nevne. Heilt fantastisk. Såg både Karlsvogna, Lillebjørn og Storebjørn (og mange andre stjerne eg ikkje kunne navn på).

Ellers gleda eg meg bare til å fortsette den potensielt deilige høstferien.

fredag 5. oktober 2007

Holy Friday

To tima til det e skoleslutt. To tima til det e ferie. To tima til eg skal sette meg på bussen heim til fagre Florø. Eg gleda meg stort. Spesielt til å møte igjen Hilde og Daniel. Har snakka med Daniel på telefonen de siste to dagane. Av og til glømme eg bare å kontakte han, og det samme gjør han òg, tror eg. Men når kontakten først e oppstått, blir den vedlikeholdt ei stund framover. Det e fint. Det e så søtt når han ringe, uten å ha en baktanke, men bare vil prate med meg fordi eg e kul. Vi skal henge masse i ferien. Eg skal lese ferdig "Døde menn går på ski", også skal eg begynne på novellesamilinga til Frode Grytten. Eg skal slappe masse av. Men eg skal jobbe litt òg, så eg får litt gryn. Ute e det fint vær, nokke som ikkje e heilt uvanlig på en fredag. Då e det ganske kjekt å reise med buss. Har forresten store plana om å se Family Guy the Movie på vei heim. Ah. No e det tre uke sida sist eg va i Florø. Det e lenge! Men på den andre sida e det mykje kjekkare å komme heim då. Mamma sa vi skulle lage nokke godt i kveld og at ho skulle kjøpe inn ka enn eg måtte ønske. Ih. Tror eg går for gryteretten til ho Ellen. Den e go´.
Har ikkje så mykje meir å skrive no. Gleda meg bare til ferie.