fredag 18. juli 2008

Tristesser.

Mi materialistiske verd fell i grus. I det store og det heile er eg ikkje opptatt av ting og tang. Men der er nokre element som er med på å forme kvardagen min. Desse tinga er:

  • Min kjære iPod. Kva er vel livet utan musikk?
  • Min kjære MacBook. Kva er vel livet utan den, sånn reint generelt?
  • Mitt kjære kamera. Ja, det er berre eit vanleg digitalkamera, men kva er vel livet utan visuelle minner?
  • Min kjære veteranmobil. Kva er vel livet utan å kunne ringje mamma?
  • Mi kjære lommebok. Kva er vel livet utan noko å miste? Ja, heile tida...
Noko trist som er i ferd med å skje no er at tinga mine sakte men sikkert, ein etter ein forsvinn. Først kameraet mitt på kèpfesten til Fred. Og no for eit nokre dagar sidan på Stadt, forsvann iPoden min. Begge heilt sporlaust. Eg er vonbroten. Dessutan er dei grøne hjartebrillene mine frå Roskilde knekte. Eg er knekt.



Mamma gifta seg forresten i hatt. Er den ikkje fin?


*poze*

11 kommentarer:

Anonym sa...

Har du knekt BRILLORNE? Neeei...

Gråsona sa...

Så fin du!

Valkyrje sa...

Gratulerer med lappen (innlegget før), men så trist med alle tinga! :( Forstår deg utruleg godt. Eg klarer ikkje ein gong tenkje på korleis eg hadde reagert, hadde noko skjedd med mine 200+ DVDar (og CDar og bøker og, og, og...).

Valkyrje sa...

Dumt at det skal vere slik, men...

Anonym sa...

ØU BEIBI. :( eg skal leita etter kameraet ditt til eg blør. men me har jo rydda på hybelen, så. men eg skal leite! leiteleiteleite.

lov u.

Anonym sa...

http://www.fredflare.com/customer/product.php?productid=1962&cat=348

?

Silkeschwarzen sa...

Janne: Jaa :(

Gråone: Du òg!

Poirot: Tusen takk! Det er kjempekjempe. Ja, det med tinga er kjempetrist. I allefall iPoden min, der alle livsens tonar befinn seg :(

Hjatrtesmil:Ja, eg kan ikkje forstå kvar elles det kan vere, sjølv om vi har endevendt hybelen til deg og Fred tusen gongar. ikaa. Men du e fin då :) love you.

Valkyrje sa...

Har du ikkje musikken på dataen?

Silkeschwarzen sa...

Ikkje all musikken. Men mesteparten heldigvis :)

Valkyrje sa...

Det var bra. :)

Anonym sa...

Eg kjem framleis ikkje over at du har lappen, eg! Det er helgolandmeg creepy.