søndag 11. mai 2008

Forsvinn!

I snart ein månad har eg vandra omkring som ein slimsnegle med hostetiks, og mest sansynleg smitta halve Sandane og Florø med forkjølinga mi. Ekstra kjipt er det no når fineværet endeleg har gjort sin entrè, og ein gjerne vil sitje ute lettkledd rundt grillen med softis i eine handa og solkrem i hi. Den kalde brisen som kjennes deilig der og då, tenkjer ein kanskje ikkje skapar ein trivselhage for bakteriane i halsen. Ein jubel bryt laus, og dei formeira seg nesten like mykje som Sogn og Fjordingane gjer i løpet av ein vår (ja, eg leste statistikk i eit magasin).

No ligg eg her trygt og godt i mi eiga seng i Florø, og er klar for å sjå ein episode Sex and the city før eg tilkallar Herr Blund. Etter å ha prata med mamzèn i telefon (dei er på Stadt), har eg no gjort alt ho har sagt eg skal gjer. "Dæ du gjer æ å henge ei eddikfille ved siden av senga. Det hjalp alltid då du va lita. So finne du dæi en varmepose med kokande vatn som du legge på bringa. Noke du òg kan gjer e å legge den store, grøne puta onde overmadrassa, so du ligge litt opp med haude´, ogso legge du dæi med en einaste gong (sovn æ den beste medisinen)."

No ventar Carrie på meg. God natt.

1 kommentar:

Janne sa...

Eg og er sjuk! Kan hende eg skal prøve nokre av triksa til di kjære mor?