fredag 25. juli 2008

I'm shutting down...

...i alle fall for ei stund. Blæ!

fredag 18. juli 2008

Tristesser.

Mi materialistiske verd fell i grus. I det store og det heile er eg ikkje opptatt av ting og tang. Men der er nokre element som er med på å forme kvardagen min. Desse tinga er:

  • Min kjære iPod. Kva er vel livet utan musikk?
  • Min kjære MacBook. Kva er vel livet utan den, sånn reint generelt?
  • Mitt kjære kamera. Ja, det er berre eit vanleg digitalkamera, men kva er vel livet utan visuelle minner?
  • Min kjære veteranmobil. Kva er vel livet utan å kunne ringje mamma?
  • Mi kjære lommebok. Kva er vel livet utan noko å miste? Ja, heile tida...
Noko trist som er i ferd med å skje no er at tinga mine sakte men sikkert, ein etter ein forsvinn. Først kameraet mitt på kèpfesten til Fred. Og no for eit nokre dagar sidan på Stadt, forsvann iPoden min. Begge heilt sporlaust. Eg er vonbroten. Dessutan er dei grøne hjartebrillene mine frå Roskilde knekte. Eg er knekt.



Mamma gifta seg forresten i hatt. Er den ikkje fin?


*poze*
Eg har bloggsperre. Klarar ikkje skrive noko fornuftig på ein fornuftig formulert måte. Slik er det. Kanskje det kjem att. Eg veit ei.

Eg har bai de wei fått lappen. Jè! No raggar eg rundt i Florø sine mørke strøk med pappa sin vesle raude. Eine døra fungerar ikkje, men det er greit.

søndag 13. juli 2008

Die Stadt

...eller tvert i mot. Eg har no vore på bygda Stadt sida onsdag kveld. Dette har eg opplevd:

  • lærekøyring
  • strandkos
  • god mat
  • forkyling
  • besøk av Hilde, Helge og Mathilde = kjeks
  • planar om surfing, men heime grunna forkyling, medan besøk surfar
  • mini-roadtrip med besøket
  • Fure
  • krangla + blitt ven att med mama.

I morgon ber det heimatt til Florø, der Daniel og sin sveits-kompis, Jonas befinn seg. På tysdag er eg remakjerring på fulltid og ut veka. Diverre fekk eg dei aller kjipaste vaktene: 15.00-22.15, noko som betyr null sosialt samkvem. Då blir det i tilfelle om natta, sidan alle jobbar frå ni til tre eller noko... Men men, ja ja. Eg er uansett ganske frisk til sinns, og gler meg til å kunne tjene litt gryn i og med at eg er rakablakk etter Roskilde.

koz.

fredag 11. juli 2008

Roskilde og sånn

Ja ja, då var det tilbake til sivilisasjonen. I alle fall for ein augneblunk. Deretter var det rett til Stadt og vår alles kjære Ditlef-Maria-Hus. Her har eg eg mot all fomodning no funne eit nyetablert nettverk eg kunne stjele litt signal frå. Og ja, eg veit; litt sleipt er det. Men når vi helst ikkje vil at det gamle huset vårt skal overteknologerast (?)-eh, ja... - med internett og andre styggedommar, må ein nesten rekne med at noko slikt skjer. Internett-tjuveri altså.

I dag har eg vore på Myresanden og kosa meg. Får eg skjeve med jordbær og sukker på, er eg meir enn lukkeleg. nam nam.

Uansett: grunnen til at eg skulle skrive dette innlegget var eigentleg berre for å hylle Roskilde. Eg har aldri hatt det så kjekt som eg har hatt denne veka på festival. Heile atmosfæren var heilt magisk (utan å virke overdrive positiv). Musikken, folka, telta, butikkane og campen vår. Reisefølget var heilt perfekt! Og vi hadde det kjekt uavbrutt. Eigentleg vil eg ikkje sitje her å sette ord på ei slik storarta oppleving. Det vert for lite dekkjande -uansett. Her er heller litt godiz: (bileta er teke med eingongskamera, difor den sjarmerande, dårlege kvaliteten)