Hadde livet vore ein piknik, hadde eg vore uavbrutt lukkeleg. Mat, godisfolk, koz og klemz, og sjølvsagt sol, maur og lydar. Same frå kvar. Piknik kan ein forresten gjennomføre overalt. Har ein dei tidlegare nevnte elementa er ein sikra ei hyggjeleg stund om ein befinn seg i ein skog, grøftekant eller rasteplass.
Klokka halv ni har eg noko kjekst å sjå fram til: PIKNIK. I dag har eg lagt sjela i forarbeidet og laga eit parasolltelt. Akkurat no sit eg her mutters aleine, og nyt dei flagrande teppa som heng ned frå parasollen akkompagnert av Lykke Li. Herleg. Sola er framleis litt varm. I alle fall no når eg tok på meg tjukkesokkar. Om snart kjem deilige florøfolk, og gulrotkaka frå mamma står klar til bruk oppe på kjøkenet.
Viser innlegg med etiketten Latskap. Vis alle innlegg

søndag 15. juni 2008
søndag 8. juni 2008
Film ++
Eg vakna i nitida, slik eg alltid gjer når eg helst vil sove lenge, og fann eine kompisen til Andreas snorkande på kjøkenet. Sjølv om vi har ei rimeleg god kjøkenseng til disposisjon, valde godaste Mario sjølvsagt å leggje seg i ein halvpløsete gummibåt. Eg oversåg det glatt og overdøyvde snorkinga med min biblioteklånte film: "Så om i himmelen". I to timar og ti minutt var eg klistra til skjermen, medan den nydelege filmen rulla. Akk, er berre alt eg har å sei. Den var så fin. Og Gabriellas song var enda finare enn eg hadde høyrt. Kos-, grin-, og musikkoppfyllande anbefaling. Sjå den om du ikkje har sett den, og om du har; sjå den igjen!Etter filmen gjekk eg bort til Sonja. Eg fekk is til frukost. ihi. Vi såg ein film til. Like greit når eg fyrst var i gong. "What happens in Vegas", var det no som pryda skjermen. Ikkje heilt optimal, men betre enn venta. Tittelen og coveret avslørar vel eigentleg det meste.
Etter Sonja stakk eg heim att for å bu meg til eksamen. (Ja, du las rett.) Sensor vart nemleg sjuk på fredag, så den munnlege delen vart sjølvsagt flytta til måndag. Og eg som hadde budd meg på ei utan-skule-i-det-heile-helg. Heilagsundag kjem visst aldri tilbake. Om eg er skikkeleg heldig, kjem eg vel opp til munnleg neste veke, slik at eg må bruke neste sundag til skule -igjen.

Klokka ni gikk eg bort til Heffe. Gjett kva vi gjorde. Nei, ikkje det. Vi såg FILM. Jehei. Blue Streak. Eg elskar den. Vart litt blank i augene då eg kjende melankolien stige i meg. Ingen andre enn meg og min bror bjørnen, Daniel har høyrt om den. Også hadde Heffe den. Konge! Eg hadde gifta meg med Martin Lawrence om eg kunne.
No skal eg krype til køys. I morgon tidleg skal eg på "bykøyring" i Førde. Staz.
mandag 26. mai 2008
Så sinnsjukt konge at det var like fint vèr i dag som i går. Verkeleg. Ja, det synes eg faktisk, utan å overdrive. NEI! Eg hatar det. Og i dette deilige veret måtte eg sjølvsagt setje meg inn fordi konsentasjonen som i utgangasunktet var dårleg, vart dobbelt så dårleg utandørs med trampoline-hoppande småkidz, hyggelege naboar og koseOliver som eg elskar. På kjøkenet som var min nye puggebase, vart eg plutseleg nyfiken på alt snikksnacks som var gøymd i skapet. Ellers tenkte eg over ting som ikkje var saklege i forhold til prøva eller noko anna, for såvidt.
No er eg i grunnen berre sint. Eg er kjempesint. For det fyrste har eg ikkje oversikt over prøva i det heile. For det andre har vi alt for mykje å gjere på skulen. For det tredje har eg i det siste hatt ein tendens til å komme på kant med folk i heimbyen. Dette er jo sjølvsagt supert. I allefall når det er nokon av dine næraste.
No er det alt for langt på natt for meg. Eg trur ikkje eg for sove, men eg får give it a shot. Shalom.

søndag 25. mai 2008
Stripping, "lesing", og jobbing.
Ein laurdag er til ende, og eg kjenner den ikkje var fylt med "dag", om du skjønar kva eg meiner. Det har liksom ikkje gått ein dag for meg enda. Eg tenkjer no at eg skal leggje meg, og i morgon er det laurdag. Då er det ikkje kult at det er sundag. For eg har faktisk ikkje byrja å øve på prøva (den GIGA prøva) vi skal ha på måndag i mediekommunikasjon. Og ja, eg er klar over at alle hadde planar om å lese heile helga (inkludert meg), og eg hatar at eg ikkje har fått gjort det enda. Til mitt forsvar jobba eg frå 12.00 til 20.30 i dag. Eg var ein helgen og byta vakt med min kjære fetter, Endre fordi han skulle få besøk av kjærasten sin. Eg tykte eg heller måtte vere romantisk, framfor anti, så eg sa sjølvsagt ja, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å, som sagt, lese. (ja, eg veit eg er snill).
Eg trur dessutan mamma heller vil ha meg som heimeverande kosedyr, framfor suksessfull kvinne. Pappa òg, forresten. Dei bestikk meg, slik at eg faktisk ikkje kan lese! "Men Christinee? Vi har leigd Varg Veum, og kjøpt snop og laga pizza og sånn. Du kan jo lese litt ittepå, eller?" Jada, det skjedde. No skriv eg blogg istadenfor. Dei vil til og med ha meg med på øyvandring i morgon. Og ja, det freistar enormt. Ah, men... trist nok, så skal, og må eg faktisk lese i heile morgon, sidan eg ikkje har byrja før. Typisk meg. Men sånn er det altså blitt. No skal det ikkje skrivast meir om det. Då blir eg berre sint.
Eg kan heller fortelje om min sære/interessante/morosame draum eg hadde natt til i dag. Eg drøymde nemleg at eg skulle vere med skulen til veslesystera mi i ei framsyning dei tidlegare har hatt, men i fantasien si verd, skulle setjast opp att. Framsyninga heiter Sirkus Torvmyrano, og seier seg sjølv at dette var ei sirkusframsyning. Heile barnehagen, små- og storskulen deltok, og no i denne nye framsyninga skulle altså eg vere med. Men eg var verken akrobat, sjonglør eler klovn. Eg skulle strippe. Kan du tenkje deg? Saman med barneskulen. Og som musikk til denne vesle seansen, skulle altså ein liten gut frå småtrinnet spele hardingfele -på einhjulsykkel. Eg forstår ikkje korleis det går an. Skulle gjerne ringt min amerikanske, draumetydande grandunkel Arthur, i Sveits og spurt kva dette tyder. Eg er nyfiken som ein fiken. Det verste var eigentleg at eg trudde på heile strippesirkuset då eg vakna opp i dag tidleg. Eg byrja heilt på alvor å tenkje ut moglege løysningar for jobbinga, slik at fekk rekke begge deler. Hoh, eg er glad ikkje alt eg tenkjer/drøymer skjer i røynda.
Som avsluttande ord, vil eg gjerne seie at eg kunne ønske eg ikkje jobba eller hadde prøve å lese til i dag. Det var så fint vêr. Og eg hadde lyst å spytte på dei som kom inn på Rema med shorts og solkremduft. Æsj! Men kva gjer ein vel ikkje for pengar?

torsdag 6. mars 2008
Nei, har du sett.
For inntil eit par dagar sidan trudde eg våren var i gang for fult. Ikkje meir snø, ikkje meir kulde, og mykje meir sol og varme. I går tidlig vakna eg til ei kvit verd. Eg måtte kave meg gjennom høge brøytekantar av teit snø og myse med augene for ikkje å bli heilt snøblind. (Ja, eg veit det skjer på ein heilt anna måte på ekte.) Eg gruar meg til all snøen smeltar igjen. Då kjem det sikkert ei tsunamibølga av overflødig vatn frå snøtida. Hurgh.
Ellers kan eg informere alle og ein kvar om at eg hadde køyretime i dag. På Eid. Det var lærerikt, snøfullt og irriterande. Med sistnemde siktar eg til dei fire telefonsamtalane læreren min svarte på på rad, medan eg køyrde i sentrum og skulle passe meg for alt mogeleg. Fytti grisen så distraherande. Etterpå kom han med: ”Eg gjorde det bevisst for å få deg til å lære og køyre sjølvstendig.” Kiss my natural schwarz ass. Han nevnte ikkje det med ”bevisst telefonsvaring” før eg brakte det på bane då han dynka meg med kritikk for køyringa mi. Eg blei ganske sur, skal eg innrømme, og det skjer ikkje ofte i den samanheng!
I heile dag har eg vore ei real apeslenge og daffa rundt på hybelen min. Etter skulen var eg heilt utmatta, og måtte rett heim for å få meg seng og føde. Kvelden i går vart litt sein, i og med at eg var fast bestemt (opphengt) i å lese ferdig den siste Harry Potter boka. Kjempespanande, dog klisjèslutten eg hadde frykta litt for, dukka opp in the end, after all. Heldigvis kan eg no utan distrakjsonar lese boka vi har i norsk: "Ut og stjæle hester" av Per Petterson. Den er utruleg bra hittil. Full fokus no.
Uansett. Tilbake til min forbigåtte dag. Eg laga meg først av alt ein funky middag eg fekk servert i italia, med squash, tunfisk og hermetiske tomatar. Sjølv la eg til fullkornsnudlar, som forresten var svært tasty. I stadenfor ein middagslur etter maten, måtte eg sjølvsagt plage Geir til døde. Han blir aldri sint, noko som gjer det morsommare for meg, og kjipare for han. Eg slutta og mase då eg fekk Milky Way, og han lasta ned PacMan til Xboxen sin. Resten av ettermiddagen gjekk stort sett i L Word episodar, som i løpet av dei siste nettene har lasta seg ned på macen. Sjølv om Elin og Sonja e way ahead of meg, skal eg nok ta dei igjen. Berre vent til påska. Då blir det maraton i tømmerkottet mitt på Stadt.
I dag skulle eg:
I dag har eg:

- rydde rommet
- vaske rommet
- lage squashmiddag
- gjere engelsklekse
- lese to kapittel i "Ut og stjæle hester"
- gå på step
- skrive Italia-rapport
- slappe litt av
- sjå 1 episode av The L Word
I dag har eg:
- laga squashmiddag
- slappa masse av
- droppa steppen
- sett 4 episoda av The L Word
- lest to kapittel i "Ut og stjele hester" (faktisk)
- sett på engelskleksa
fredag 8. februar 2008
Lathans
Eg er no offisielt ein lathans! Eg utset alt som kan utsetjast, og skippar alt som kan skippast. Denne veka har eg:
No sit eg på mitt deilige, men støvete soverom, med Magnet på øyrene for å overdøyve superhøg trancemusikk frå Ingvild sitt soverom. Ho har besøk av Andreas. Lurar på kva dei prøvar å overdøyve. Heldigvis er det ikkje berre eg som ikkje har byrja på den hersens rapporten.
Hippiekostymet til helga heng på veggen og klar til bruk. På laurdag brakar det nemlig laust på min vesle hybel. 30 stk festlege vener kjem på hippiefeiringa av mitt attande år. Det vert kjempekjekt! Daniel, min bror og AnnLehen kjem òg. I morgon skal eg kanskje til Førde for å møte dei. Pluss mamma då. Ho skal dit på ferie med pappa, som flyg der. Vi skal ete noko godt saman, sidan eg ikkje skal heim på over ein månad. Mamma tykkjer det er litt drygt. Eg òg eigentleg. Men vil ein ha hippiefest, reise til Italia og få med seg Kaizers, er ein naudd å gjere nokre ofringar.
Æsj! No kom eg på at vi skulle lese eit Bjørneboe essay til i morgon. Norsk. Med Margot. Eg får vel gjer det då.
- ikkje byrja på rapporten (som skal inn i morgon).
- sett litt for mykje "Desperate housewifes". Eg må jo sjå episodane eg ikkje har sett før den nye sesongen har premiere neste tysdag!
- vore mykje hjå Mona, noko som har resultert i kosing/utsetting i stadenfor rydding og lekser.
- ikkje ete snop (on the bright side, liksom. Berre sånn btw).
No sit eg på mitt deilige, men støvete soverom, med Magnet på øyrene for å overdøyve superhøg trancemusikk frå Ingvild sitt soverom. Ho har besøk av Andreas. Lurar på kva dei prøvar å overdøyve. Heldigvis er det ikkje berre eg som ikkje har byrja på den hersens rapporten.
Hippiekostymet til helga heng på veggen og klar til bruk. På laurdag brakar det nemlig laust på min vesle hybel. 30 stk festlege vener kjem på hippiefeiringa av mitt attande år. Det vert kjempekjekt! Daniel, min bror og AnnLehen kjem òg. I morgon skal eg kanskje til Førde for å møte dei. Pluss mamma då. Ho skal dit på ferie med pappa, som flyg der. Vi skal ete noko godt saman, sidan eg ikkje skal heim på over ein månad. Mamma tykkjer det er litt drygt. Eg òg eigentleg. Men vil ein ha hippiefest, reise til Italia og få med seg Kaizers, er ein naudd å gjere nokre ofringar.
Æsj! No kom eg på at vi skulle lese eit Bjørneboe essay til i morgon. Norsk. Med Margot. Eg får vel gjer det då.
lørdag 3. november 2007
NRK og sånn
No veit eg det e lenge sida eg har skreve. Grunnen e lita tid og mest av alt giddalaushet. Eg har i det siste utvikla en særs lat stil som ikkje passa seg i det heile tatt. E eg tørst, går eg i kantina for å kjøpe meg en kopp kakao i stedenfor å bare dra drikkeflaska mi opp av sekken. (Men så e den kakaoen uvirkelig god. Ikkje min feil). Eg har benytta meg av Fjordland sin grøt og Toro sine supper og eg har en stor, nei GIGA klessvask eg ikkje har "rukke" å vaske enda.
Uansett, poenget mitt e: eg har ikkje skreve blogg på lenge fordi eg e lat. der.
Eg kan likegodt fortelle at det har vært en fin dag i dag. Den begynte med at eg kom på at eg hadde glømt å sette ut matavfallet (Det fine komme seinare). Vår hybel som har ansvar for å sette ut boss. skulle aldri ha vært sånn. ugh. Ti over åtte tok heile klassen bussen til Førde der vi fikk omvisning på NRK Sogn og Fjordane. Utrolig lærerikt og interessant. Sjefen fortalte oss mykje og vi fikk stille spørsmål. Etterpå fikk vi omvisning i bygget der vi blant anna fikk være til stede under ei radiosending. Etterpå va det H&M og Peppes med jentene. mm. Deretter buss og heim. Daniel har lan med guttane sine på garasjeloftet, mamma e i Førde med pappa og Elisabeth e hos sin fadder/kusine, Anne. På den måten har eg hatt heime-aleine-fest med meg sjøl. Det lika eg. Med dataen på fanget, fyr i peisen og cherry-te til å varme seg med på handane, kosa eg meg i mitt lune hus. Eg e glad eg ikkje e husredd.
I morra e det Rema agajn. Etter det skal eg være på Sandane tre helge på rad. Off. Eg har plana kvar helg fram til jul. Det lika eg ikkje. Dessuten begynne eg å få litt angst for Haustfesten. Det e to uke til vi skal stå på scena og framføre ett program, og vi har ikkje begynt å øve i det heile tatt enda.

Koz -meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)