Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg

tirsdag 29. januar 2008

Mandag morra blues

Nok ein måndag er her. Dagen vi alltid gler oss til. Eg saknar Helene, merkar eg. Til tross for lite pedagogisk undervising, sprettauge og tre lag tjukke rynker i panna, kjenner eg at det hadde vore godt å sjå ho att. Vi lo mykje meir i klassa enn vi gjer når vi har geJr. Kjipt.

Nattesvevnen vart grådig redusert natt til i dag. Vanvittige draumar og ville hallusinasjonar herja som småkåte måkar rundt i det lille, gusjegrøne soverommet mitt. Ingvild skulle ha meg med på eit eller anna prosjekt, eg skjønte ingenting men måtte hjelpe ho likevel. Eg var ikkje blid då eg vakna. Ikkje resten av dagen heller, når eg tenkjer meg om. Beklagar, kjære medelevar -at eg var så gretten. Kan skjøne det er keisamt å vere morgongretten ein heil dag. Får håpe eg får sove betre etter ei hard aukt aerobic i kveld. Det trur eg. Ellers tyr eg til Valerina, som dessutan ikkje hjelp stort likevel.

Heile forrige veke gjekk til laging av dreiebok, planlegging og filming. Var nesten ikkje på skulen i det heile. Eg syntes det var litt rart då Sonja tidlegare i dag fortalde meg at ho sakna og vere på skulen. Men då eg endelig kom opp på skulen og fikk sitje ved min kjære iMac igjen, forstod eg alt. Det er faktisk min andre heim, dette ukoslege, rotete klasserommet. Det er vel difor eg nok ein gong sit her lenge etter skuletid og puslar med litt av kvart. Eg tok, som de kanskje ser endeleg mot til meg og prøvde meg på html-kodinga på layouten. No er bloggen litt meir min, på ein måte.

Helga var kjempefin. Sosse- og berteselskapet var vellukka, og alle var glade. Likevel fann eg senga rimeleg tidleg. Ikkje veit eg kvifor. På laurdag var eg den ultimate slasken. Med macen godt plassert på fanget, micromat i munnen (og på lakenet...) tilbragte eg heile dagen i den gode senga mi. Det kjendes kjempegodt, men likevel litt usosialt og usunt. Då klokka nesten var seks, heiv eg på meg klede, og sprang på butikken for å kjøpe melk og sjokolade. Den delte eg sjølvsagt med gulehusgjengen, som inviterte meg på vegetartaco. Neste gong skal eg òg bruke tacokrydderet på champignonen. Kjempegodt! Resten av kvelden var det inn, ut, fram og tilbake. Folk kom og folk gjekk. Vi kom og vi gjekk. Vi såg på bilete, og eg slapp inn på Willy. Det var litt keisamt likevel, for eg var ikkje i like godt dansehumør som dei andre. Klokka fem låg alle opp på kvarandre på sofaen til Lina og Ragnhild, så eg tok meg saman og kraup til sengs. Mi seng.

Sundagen var ein smule lik laurdagen. Senga vart igjen hovudbasen, men eg var betre opplagt (pussig nok), og reinska hybelen for alt som heitte kliss, rot og tome Biolakartongar. Michael Jackson med sine "ah" og "chemon"hjalp til. Elles var det film og pølsefrukost med Lina og Ragnhild, planlegging av skitur som ikkje vart noko av grunna mangel av bil. På kvelden var det atter ein gong samling, der bollar og kos stod på agenda.

No er eg svolten, trøtt og iskald. Så Rema er neste stopp, etterfulgt av varm hybel (?) og god middag.

lørdag 3. november 2007

NRK og sånn

No veit eg det e lenge sida eg har skreve. Grunnen e lita tid og mest av alt giddalaushet. Eg har i det siste utvikla en særs lat stil som ikkje passa seg i det heile tatt. E eg tørst, går eg i kantina for å kjøpe meg en kopp kakao i stedenfor å bare dra drikkeflaska mi opp av sekken. (Men så e den kakaoen uvirkelig god. Ikkje min feil). Eg har benytta meg av Fjordland sin grøt og Toro sine supper og eg har en stor, nei GIGA klessvask eg ikkje har "rukke" å vaske enda.
Uansett, poenget mitt e: eg har ikkje skreve blogg på lenge fordi eg e lat. der.

Eg kan likegodt fortelle at det har vært en fin dag i dag. Den begynte med at eg kom på at eg hadde glømt å sette ut matavfallet (Det fine komme seinare). Vår hybel som har ansvar for å sette ut boss. skulle aldri ha vært sånn. ugh. Ti over åtte tok heile klassen bussen til Førde der vi fikk omvisning på NRK Sogn og Fjordane. Utrolig lærerikt og interessant. Sjefen fortalte oss mykje og vi fikk stille spørsmål. Etterpå fikk vi omvisning i bygget der vi blant anna fikk være til stede under ei radiosending. Etterpå va det H&M og Peppes med jentene. mm. Deretter buss og heim. Daniel har lan med guttane sine på garasjeloftet, mamma e i Førde med pappa og Elisabeth e hos sin fadder/kusine, Anne. På den måten har eg hatt heime-aleine-fest med meg sjøl. Det lika eg. Med dataen på fanget, fyr i peisen og cherry-te til å varme seg med på handane, kosa eg meg i mitt lune hus. Eg e glad eg ikkje e husredd.

I morra e det Rema agajn. Etter det skal eg være på Sandane tre helge på rad. Off. Eg har plana kvar helg fram til jul. Det lika eg ikkje. Dessuten begynne eg å få litt angst for Haustfesten. Det e to uke til vi skal stå på scena og framføre ett program, og vi har ikkje begynt å øve i det heile tatt enda.
Koz -meg.

onsdag 29. august 2007

Ondarta bloggsvulst under rask spreiing

No har det seg sånn at både Ingvild og Mona (i tillegg til resterande Mariell og Sonja som allerede e eldre, aktive bloggera) har fått seg blogg. Og det e jo i grunnen bare fryd og gammen. Men på den andre sida litt frustrerande for meg. For det første, så går vi alle fem i samme klasse. Og på den måten oppleve de nøyaktig samme tinga. For det andre, så henge vi med kvarandre heile tida uten om skolen. Og på den måten (igjen) oppleve vi de nøyaktig samme tinga. For eksempel så hadde vi ett Photoshop-kurs i går med en Johnny Depp look alike. Det som e litt kjipt e at de fire andre friendza mine har skreve nøyaktig det samme. Johnny Depp - BOOM! Taken. Photoshop - BOOM! Taken. Så mitt problem no e at mine potenseielle innlegg allerede e tatt! Eg må komme med nokke meir perosnlig. Kva gjer Christine når ho er aleine? Jo det skal eg fortelle deg, min gode venn! I går då eg va heeilt aleine va eg i ett ganske godt humør. Muligens påvirka av den hemmelige filmen klanen (-Sonja) såg. Eg vaska speilet og vasken + disken på badet (Ingvild: Du kan si takk når du lese ditta! Det e greit). Etter ei lita vaskerunde blei eg så gira av det effektive vinduspusset at eg tok og vaska begge vindua mine på rommet mitt. Og la meg påpeike at det va ingen enkel jobb! Eg vaska først begge vindua på innsida, og måtte etterpå åpne vindua (der e to lag med rute) og vaske inni vinduet, skjønna? Der såg det ut som om det aldri va blitt vaska før. Det såg faktisk ut som om nokken hadde brent ett bål inni vinduet mitt. Ukult, men på den andre sida kult siden det blei reint. Så på den måten hang Christine Svart 10 meter over bakken ut ett stort vindu og pussa til John Legend fra skraphøgtalera fra Kina-Jalla-Shappe fra Portugal.

Eg kan forresten meddele at eg har en liten gladnyhet og komme med. I går ettermiddag, heilt uten forvarsel, ringte det meg en mann med ett 578... nr. som eg med det første trodde kom fra Stadt. Det gjorde han ikkje. Det va trafikkskolemannen som endelig hadde gravd opp lista fra jorda og funne meg og Mona på den. Hallo! Vi meldte oss på i MAI! Men ok! Bedre sent enn aldri. Så 17. september blir det kurs på meg og Mona. Og ja, det e traffikalt grunnkurs. Men hey -kanskje det e ei meining bak det heile. Kanskje det e"ment to be" at vi skal tilbringe ett mangfold tima med søte fjortenåringa. Kanskje femtemåringa. Kanskje...

I dag etter skolen skal eg rett ned på fotobutikken og hente bildene eg har sent til framkalling. Eg har kjøpt to store paspatur-ting som skal hengast rett på veggen med mine to bilete! Det blir bra. Koz Klemz KGIDOVM (for de som ikkje forstod: Kjempeglad i deg òg, vennen min.) Ja.

onsdag 22. august 2007

!!!!!!!!

Ja, folkens! No e eg ganske så pissed. Fordi mamma og pappa ved ett uhell leste ett av blogginnlegga mine, ville de at eg skulle gi de adressa til min blogg. Eg tenkte då at eg kunne lage en "foreldrevennlig" blogg, så de kunne få se ka som skjedde med meg. Eg oppretta en ny blogg, men fant fort ut at den va tilknytta min gamle, nokke som betydde at heile vitsen va vekke. For å då skulle slette den nye bloggen gikk eg innpå nokke eg aldri burde ha gått inn på og sletta BEGGE bloggane, inkludert den eg har skreve på ett halvt år no! Og ja: Eg e pissed off! I tillegg holde vi på med en presentasjon til i morra og det e kjedelig. På den andre sida, når eg ser ting litt på avstand, e det kanskje greit å begynne en ny blogg no når skoleåret fremdeles e friskt.

Når klokka blir 21.40 e det opp til Mariell for Grey´s og bananer. Eg gler meg.