onsdag 18. juni 2008

Mamma er spesiell

Vår kjære lokalavis Firdaposten, har i heile mi Florøiske levetid pryda innsida av postkassa. Det har ikkje gått ein dag (tysdag, torsdag og laurdag for å vere presis) at vi ikkje har hatt henne i hende. Vi har sjølvsagt òg betalt alle rekningar som den gode abonnenten vi er. Likevel får mi kjære mor stadig vekk henvendingar frå søte avisansette som vil verve ho som abonnent. På måndag fekk mamma eit brev i posten, som etter mi meining tok kaka. Det var sjølvsagt frå lokalavisa, underteikna av redaktøren med eit aldri så lite bilete av han poppande opp frå høgre hjørne. Brevet hadde overskrifta: "Du er spesiell". Mor mi er spesiell på mange måtar ho, ingen tvil om det. Det er til dømes få ansette i blindeforbundet (i hennar tid der) som ville teke med seg ein blind mann for å køyre bil (stort ønskje). Men det var ikkje heilt det brevet sikta mot. Mamma var spesiell fordi ho ikkje abonnerte på Firdaposten. Etter å gong på gong berre har ledd av det og sagt: "Eg skjønna ikkje at det e mulig", tok vi no saken i eigne hender, og skreiv eit brev tilbake. Hoho, eg og mor hadde det morosamt kan de tru:

11 kommentarer:

Anonym sa...

åhaha, fantastisk :D Sonja

Anonym sa...

eg elskar mordi. og eg vil besøka deg i ferien.

Silkeschwarzen sa...

Åja, kan ikkje alle kome? :) Eg vil forresten besøke deg òg.

Anonym sa...

jeg ler så jeg griner. du og mammaen din er et fint team. og så så fint design bloggen din har! neiognei, det er noe med mediafolk, altså. :)

Panda sa...

genialt! ^^

Anonym sa...

Jajaja! Fabelaktig! Elska det.

Valkyrje sa...

Hahaha, briljant! :D

Valkyrje sa...

You're funny. :P

Silkeschwarzen sa...

Takk takk, alle saman :D
Vi fekk forresten nettopp svar frå redaktøren som skreiv at han ikkje hadde ledd så mykje på lenge. Hihi.

Anonym sa...

Eg vil komme til deg i Juli :) Kan eg komme til deg i Juli? Det hadde vore fint aa besoekt deg i Juli. Ja. Suss.

Anonym sa...

Hahaha, det der er noe av det beste jeg har sett på lenge :D Hils mordi og si dere er bra.