
Etter filmen gjekk eg bort til Sonja. Eg fekk is til frukost. ihi. Vi såg ein film til. Like greit når eg fyrst var i gong. "What happens in Vegas", var det no som pryda skjermen. Ikkje heilt optimal, men betre enn venta. Tittelen og coveret avslørar vel eigentleg det meste.
Etter Sonja stakk eg heim att for å bu meg til eksamen. (Ja, du las rett.) Sensor vart nemleg sjuk på fredag, så den munnlege delen vart sjølvsagt flytta til måndag. Og eg som hadde budd meg på ei utan-skule-i-det-heile-helg. Heilagsundag kjem visst aldri tilbake. Om eg er skikkeleg heldig, kjem eg vel opp til munnleg neste veke, slik at eg må bruke neste sundag til skule -igjen.

Klokka ni gikk eg bort til Heffe. Gjett kva vi gjorde. Nei, ikkje det. Vi såg FILM. Jehei. Blue Streak. Eg elskar den. Vart litt blank i augene då eg kjende melankolien stige i meg. Ingen andre enn meg og min bror bjørnen, Daniel har høyrt om den. Også hadde Heffe den. Konge! Eg hadde gifta meg med Martin Lawrence om eg kunne.
No skal eg krype til køys. I morgon tidleg skal eg på "bykøyring" i Førde. Staz.
6 kommentarer:
Jaaaa ny layout! Vi elska den!
oh oh oh. eg elskar min bror bjørnen, eg. filmen altså, ikkje daniel. sjølv om han er ein knakande fin kar han òg.
Oooh, gorgeous layout.
Så koseleg med filmdag. :)
"nei, ikkje det".
Då fekk eg det avkrefta. Hadde nemleg mine mistankar. Mehehi.
"nei, ikkje det".
Då fekk eg det avkrefta. Hadde nemleg mine mistankar. Mehehi.
apfel & piri: TAKK. Eg elska dokke!
hjartesmil: Min bror bjørn er fin, daniel er finare <3
Poirot: Takk takk :) Eg har sett film heile veka. Augene mine er firkanta.
Dean: hihi, ja eg er ein luring.
Legg inn en kommentar