onsdag 4. juni 2008

Bananolje og bingo

Everything is great! Dagen i dag har vore så avslappande ein dag kan bli. Vi henta ned att bileta våre frå utstillinga på senteret, og skulle no henge dei opp på skulen. Det var litt enklare sagt enn gjort med mine bilete, som skal sjåast tosidig, hengande ned frå ei grein. Med andre ord vart eg ståande sjanglande to meter oppe i lufta i ei gardintrapp for å surre greina, eller eigentleg fiskesnøret, rundt ei lampe. Også midt i gangen då... Folk kjem til å gå rett i dei. Om dei er litt distré. Slik som meg...

Etter skulen gjekk eg og Blingvild ned på brygga for å steike oss. Sonja kom etterkvart og laga enda betre stemning med iPodhøgtalera og sololje frå USA. Den lukta banan. Og eg ville helst ete den framfor å smøre meg inn med den. Nedturen kom då eigaren av brygga kom og kasta oss vekk. Njaja... kasta og kasta, han sa i alle fall vi måtte ta oss ei pause. Han skulle nemleg fikse brygga. Han hadde eit brekkjarn i handa, så vi var kvikt påkledde og bortevekk. Vi kjem att imorgon.

Eg kan òg meddele at eg i løpet av denne dagen for fyrste gong spelte radiobingo. Det var kjemmorosamt, og Sonja vann faktisk 300 kr. Eg var to ruter frå å få gullrekke (7000 kr). Det kunne eg hatt mykje glede av! hoho.

I morgon er det førebuingsdag til tverrfagleg mediumeksamen. Eg grugledar meg. Det gjekk så fint på tentamen, at eg ikkje har særleg med nervar att i kroppen. Enda, visstnok. Det vert spanande å sjå kva tema eg trekk. Sist var det film. Det har eg ikkje noko i mot å få igjen.

6 kommentarer:

Anonym sa...

eg synest den nye bloggen din er jævla stilege;)

Silkeschwarzen:)

Valkyrje sa...

LUKKE TIL! :D

Frank Jaeger sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Frank Jaeger sa...

På Roskilde har jeg aldri vært, men har fått dette tipset: Husk teip.

Frank Jaeger sa...

Antagelig fordi ting har for vane å bli ødelagt, og teip fikser som kjent alt. Nå mener jeg såklart feit MacGyver-teip, ikke noe pinglete maskeringsteip-greier.

Anonym sa...

Eg låvvar ditt nye design! Det er så sommarsleg og fresht. Du gløymde å nevne at du holdt på å gjere ende på meg ved å miste gardintrappa i hovudet på meg, hehe.