lørdag 7. juni 2008

Helg er ei av mine favoritting. Det er avslappande, godt og gjer nesten alle om til dei såkalla slaskane. Klokka er halv eitt, og eg ligg framleis til sengs. Med macen min på fanget og Bob Marley trommande frå naborommet, er eg i overraskande godt humør. I kveld blir det seinfeiring av Blingvild sin bursdag frå april og naboHanna sin bursdag frå i går. Det er slett ingen dum idè, når ein ser ut av vindauget og blir blenda av ei 25 varmegradene som gjer alle så godt. 40 gjestar har takka ja på facebook, og elles kjem det vel en del random peepz dei ikkje har rekna med. Det blir festleg. Kjærasten til bursdagsroomien min, Andreas, har kjøpt seg gummibåt og laga eit sjørøvarflagg han kan ha att med. Ganske søtt, tykkjer eg.

Eitt minus med dagen er:
Alley McBeal sesong to vart nettopp ferdig nedlasta, og eg jubla heilt til eg fann ut at den var på spansk. (eg skriv det med lita skrift, sidan det ikkje er så farleg likevel, når ein har ei kjekk bursdagsfeiring å sjå fram til)




4 kommentarer:

3-2-nuz sa...

Korleis gjekk feiringi?

Silkeschwarzen sa...

Det var kjekt. Men eg fann senga rimeleg tidleg.

Valkyrje sa...

Høyrest fabulous ut. :D

Og booo til spansk audio på Ally McBeal-sesongen.

Silkeschwarzen sa...

Ja, det var deeilig. No er fineveret over. buhu.

Alley McBeal va lite sexy på spansk. Det skal vere sagt. :p