lørdag 12. april 2008

friday friday friday

Åiåi! Ei arbeidsveke har allereie passert utan ein gong å seie i frå! Ute skin sola, og her inne sit eg og får svett til å svette. Du skjønar kanskje kva eg meinar om du ser på biletet til venstre. Saken er nemleg slik at treningskjeden ”Svett og blid” skal skifte namn til ”sprek og blid”, og vil markere dette ved å lage ein animasjon til heimesida. Ramsøy Design har fått dette oppdraget. Og eg har under dei att fått i oppdrag å lage eit fyrsteutkast til skissene til animasjonen som skal lagast. Den vert etterpå sendt til ein DAN i Australia som skal lage den i Flash. Han er proPro.

Eg har hatt ei herleg veke. Eg må berre ha sagt det. Det er vel kanskje difor den har gått så uendeleg fort. På jobb går det no strålande. Eg har mykje å gjere, og har eit veldig allsidig og variert arbeid og jobbe med. Alt i frå å setje opp romplanar til messer Ramsøy har laga veggdesign til, til heimesider for born med Downs syndrom i Hordaland. Eg har det kjempekjekt. Dessutan har eg det svært koseleg med mine to Ramsøy kollegar. I går fekk eg is av dei. Koz.

På onsdag hadde eg først møte med BOMS, for å høyre om dei likte designet på heimesida. Dette var eg svært spent på, og vart sjølvsagt kjempeletta då ho utbraut: ”Wow”. Hoh, pust ut. ”Eg trodde det kom til å bli heilt bommers, men det her e jo heilt perfekt.” Eg vart så glad. Det einaste negative var det gule rundt bussen. Ho foreslo ei jordklode i stadenfor. Dette har eg fiksa no.

Seinare gjekk eg, Ingvild og Mathilde tur. Ingvild skulle etterkvart på volleyballtrening, så eg og Mathilde gjekk vidare opp på Eidsvågfjellet without. Då vi var komne opp på toppen, ringde Marte og ville vere med. Så vi gjekk ned, henta ho, og gjekk opp att. Då eg fyrst høyrde vi skulle på tur, tenkte eg det var slik ein ”around the block”-tur på asfalt. Ikkje ein fjelltur med gjørmestiar. Så eg kom no gånde med Converse-skoa og ulljakka mi. For å understreke kor upassande antrekket var, kan eg fortelje at eg hadde bark i navlen og snurklesko då eg kom heim att. Men det var no verdt det. Gnagsåra òg. For det var ein kjempefin tur med solnedgong i skyteppe over Bergen by. Nudeli.

I går besøkte eg Hilde i Norheimsund. Det var kjempekoselig, og alle var berre hæppihæppi. Eg fekk verkeleg sansen for internatlivet. Det verkar så kjempekoseleg og sosialt. Samstundes tenkjer eg at det fins visse fellestrekk for hybellivet eg har. Så eg klagar ikkje. Berre beundrar.

No fekk eg nettopp ein til is med sjef. Herlig! Alle er i fredagsmodus og gjer litt som ein vil. Nokon sit på skype, nokon skriv blogg (høh?) og nokon tyt i telefon.

Snart tar eg båten heim att til fagre Florø. Eg skal passe Elisabeth i helga, fordi alle er vekkreist. Det synes eg er greit. Då får eg ein ekstra slant pengar, og kan kanskje skippe jobbhelga eg har så lyst å tilbringe i Bergen for å feire IngvildRoomie. Jihu.

Ein halvtime igjen no...

1 kommentar:

Ingvalid sa...

himmelske hav :) og jordiske luft.