fredag 11. juli 2008

Roskilde og sånn

Ja ja, då var det tilbake til sivilisasjonen. I alle fall for ein augneblunk. Deretter var det rett til Stadt og vår alles kjære Ditlef-Maria-Hus. Her har eg eg mot all fomodning no funne eit nyetablert nettverk eg kunne stjele litt signal frå. Og ja, eg veit; litt sleipt er det. Men når vi helst ikkje vil at det gamle huset vårt skal overteknologerast (?)-eh, ja... - med internett og andre styggedommar, må ein nesten rekne med at noko slikt skjer. Internett-tjuveri altså.

I dag har eg vore på Myresanden og kosa meg. Får eg skjeve med jordbær og sukker på, er eg meir enn lukkeleg. nam nam.

Uansett: grunnen til at eg skulle skrive dette innlegget var eigentleg berre for å hylle Roskilde. Eg har aldri hatt det så kjekt som eg har hatt denne veka på festival. Heile atmosfæren var heilt magisk (utan å virke overdrive positiv). Musikken, folka, telta, butikkane og campen vår. Reisefølget var heilt perfekt! Og vi hadde det kjekt uavbrutt. Eigentleg vil eg ikkje sitje her å sette ord på ei slik storarta oppleving. Det vert for lite dekkjande -uansett. Her er heller litt godiz: (bileta er teke med eingongskamera, difor den sjarmerande, dårlege kvaliteten)




8 kommentarer:

Anonym sa...

Ser ut som dei var tatt på 70-talet:P

Gjort i Orremyra sa...

Ja, Roskjilde - ser ut som det var stor kos der !
Herlig å være på Stadt igjen kan eg forstå :)
Fint i Bodø i dag også men ingen Hoddevikstrand her.
Ok, det er flotte strender her, men berre 13 gr i havet.
Ser ned fra hotellrommet på Tivolien. Kan ikkje forstå at en betaler masse peng for å bli slengt rundt og opp og ned 20 meter i noke som likner en mikservisp for så etterpå å "nyte" softisen og sukkerspinn du nettopp har spist engang til.. Har du sett på makjen?
Eg som blir grønn i fjeset berre av å sikte en båt eller å kjøire i hotell heisen...

Gråsona sa...

Åh! Kunne ikkje blitt bedre bilder, eg elska dei! Haha. Digga uttrykket til Kristine. Ntze!

Ingvalid sa...

syns du eg tok kornet?

Eg tenkte eg kunne komme til deg på Stad ein dag, og kanskje ei natt til veka? Om du framleis er der?

Har Chriz-abstinensar.Er jo tross alt vand å ha deg på hi sida av veggen.

Silkeschwarzen sa...

blingvild/ingvalid: sant? herlig-herlig. og ja, du tok verkeleg kornet. det hadde vore SUPERT om du kom!! men eg reise nok allereie på måndag :/ og har ein del saker og ting som skulle vore gjort før den tid. kan forklare det seinare... men eg kjem vel tilbake att ein gong. og vi skal jo trass alt til årdal. eg har blingiz-abstinensar så det held! :*

gjort i orremyra: åå, min søte vati. RosKJIlde<3

gråsona: jaa, det blei 100 ganga bedre enn venta. akkurat som vi ønska oss, hæ? same procedure next year, james?

Anonym sa...

Etter bildene og tenksen å bedømme har du nok hatt det herlig!
Kjempefint at du fant noe nett å stjele slik at du fikk delt gleden med oss.

Det er sant at sjømonsteret i Loch Ness og Gud ikke er i samme kategori. Jeg begynte å skrive om Nessie og kom over på det spirituelle fordi begge ikke kan bevises. =)

Valkyrje sa...

Høyrdest herrrrleg ut! :D

Panda sa...

aww det høres kjekt ut ^^