mandag 26. mai 2008

Så sinnsjukt konge at det var like fint vèr i dag som i går. Verkeleg. Ja, det synes eg faktisk, utan å overdrive. NEI! Eg hatar det. Og i dette deilige veret måtte eg sjølvsagt setje meg inn fordi konsentasjonen som i utgangasunktet var dårleg, vart dobbelt så dårleg utandørs med trampoline-hoppande småkidz, hyggelege naboar og koseOliver som eg elskar. På kjøkenet som var min nye puggebase, vart eg plutseleg nyfiken på alt snikksnacks som var gøymd i skapet. Ellers tenkte eg over ting som ikkje var saklege i forhold til prøva eller noko anna, for såvidt.

No er eg i grunnen berre sint. Eg er kjempesint. For det fyrste har eg ikkje oversikt over prøva i det heile. For det andre har vi alt for mykje å gjere på skulen. For det tredje har eg i det siste hatt ein tendens til å komme på kant med folk i heimbyen. Dette er jo sjølvsagt supert. I allefall når det er nokon av dine næraste.

No er det alt for langt på natt for meg. Eg trur ikkje eg for sove, men eg får give it a shot. Shalom.

søndag 25. mai 2008

Stripping, "lesing", og jobbing.

Ein laurdag er til ende, og eg kjenner den ikkje var fylt med "dag", om du skjønar kva eg meiner. Det har liksom ikkje gått ein dag for meg enda. Eg tenkjer no at eg skal leggje meg, og i morgon er det laurdag. Då er det ikkje kult at det er sundag. For eg har faktisk ikkje byrja å øve på prøva (den GIGA prøva) vi skal ha på måndag i mediekommunikasjon. Og ja, eg er klar over at alle hadde planar om å lese heile helga (inkludert meg), og eg hatar at eg ikkje har fått gjort det enda. Til mitt forsvar jobba eg frå 12.00 til 20.30 i dag. Eg var ein helgen og byta vakt med min kjære fetter, Endre fordi han skulle få besøk av kjærasten sin. Eg tykte eg heller måtte vere romantisk, framfor anti, så eg sa sjølvsagt ja, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å, som sagt, lese. (ja, eg veit eg er snill).

Eg trur dessutan mamma heller vil ha meg som heimeverande kosedyr, framfor suksessfull kvinne. Pappa òg, forresten. Dei bestikk meg, slik at eg faktisk ikkje kan lese! "Men Christinee? Vi har leigd Varg Veum, og kjøpt snop og laga pizza og sånn. Du kan jo lese litt ittepå, eller?" Jada, det skjedde. No skriv eg blogg istadenfor. Dei vil til og med ha meg med på øyvandring i morgon. Og ja, det freistar enormt. Ah, men... trist nok, så skal, og må eg faktisk lese i heile morgon, sidan eg ikkje har byrja før. Typisk meg. Men sånn er det altså blitt. No skal det ikkje skrivast meir om det. Då blir eg berre sint.

Eg kan heller fortelje om min sære/interessante/morosame draum eg hadde natt til i dag. Eg drøymde nemleg at eg skulle vere med skulen til veslesystera mi i ei framsyning dei tidlegare har hatt, men i fantasien si verd, skulle setjast opp att. Framsyninga heiter Sirkus Torvmyrano, og seier seg sjølv at dette var ei sirkusframsyning. Heile barnehagen, små- og storskulen deltok, og no i denne nye framsyninga skulle altså eg vere med. Men eg var verken akrobat, sjonglør eler klovn. Eg skulle strippe. Kan du tenkje deg? Saman med barneskulen. Og som musikk til denne vesle seansen, skulle altså ein liten gut frå småtrinnet spele hardingfele -på einhjulsykkel. Eg forstår ikkje korleis det går an. Skulle gjerne ringt min amerikanske, draumetydande grandunkel Arthur, i Sveits og spurt kva dette tyder. Eg er nyfiken som ein fiken. Det verste var eigentleg at eg trudde på heile strippesirkuset då eg vakna opp i dag tidleg. Eg byrja heilt på alvor å tenkje ut moglege løysningar for jobbinga, slik at fekk rekke begge deler. Hoh, eg er glad ikkje alt eg tenkjer/drøymer skjer i røynda.

Som avsluttande ord, vil eg gjerne seie at eg kunne ønske eg ikkje jobba eller hadde prøve å lese til i dag. Det var så fint vêr. Og eg hadde lyst å spytte på dei som kom inn på Rema med shorts og solkremduft. Æsj! Men kva gjer ein vel ikkje for pengar?

mandag 19. mai 2008

No milk today, all the money spent on trelim

Enda ein måndag har entra kalenderen, og eg er budd på ei veke utan like. Heilårsmappa eg burde byrja på ein gong i forrige veke, har eg altså (overraskande nok) ikkje teke i hende. Dette er sjølvsagt kjipt, i og med at eg på denne måten ikkje vil ha eit liv dei neste fire dagane. Ikkje somn heller, for den del. Og er det noko eg verkeleg treng no, så er det nettopp det. Dagar langt tilbake i forrige veke, har vore sterkt prega av rangling og lite seng, og behovet mitt har samla seg opp til ein stor somnklump, som ikkje kan utløysast. Augeloka mine byrjar å flimre når eg sit i ro eit par sekundar. Not cool.

Eit anna bekymringsverdig tema er økonomien min. Følar den berre dalar og dalar. Eg loggar meg inn på nettbanken min, og ser berre raudt. Med det meiner eg alle dei utgåande summane som poppar opp i trynet på meg. Berre i dag har eg brukt mange hundre kroner på ting som legetime, (enda ein) hostesaft og trelim (må lime skapet mitt). I tillegg må eg betale husleiga mi på 2000 kr om eit par dagar. Livet er jamen ikkje lett. Tenk om eg hadde vore rik. Det hadde vore Qlt (ref. SMS-boka).

I dag har eg vore svært effektiv, og har snart oppretta ei ny Ditlef-Maria heimeside. Det er ein del av årsmappa. Difor effektiviteten. No må eg lage resten av galleriet. Herman´s Hermit får meg til å jobbe i fortare.

P.s. Eg fekk 5 på mediatentamen!! Joho.

søndag 11. mai 2008

Forsvinn!

I snart ein månad har eg vandra omkring som ein slimsnegle med hostetiks, og mest sansynleg smitta halve Sandane og Florø med forkjølinga mi. Ekstra kjipt er det no når fineværet endeleg har gjort sin entrè, og ein gjerne vil sitje ute lettkledd rundt grillen med softis i eine handa og solkrem i hi. Den kalde brisen som kjennes deilig der og då, tenkjer ein kanskje ikkje skapar ein trivselhage for bakteriane i halsen. Ein jubel bryt laus, og dei formeira seg nesten like mykje som Sogn og Fjordingane gjer i løpet av ein vår (ja, eg leste statistikk i eit magasin).

No ligg eg her trygt og godt i mi eiga seng i Florø, og er klar for å sjå ein episode Sex and the city før eg tilkallar Herr Blund. Etter å ha prata med mamzèn i telefon (dei er på Stadt), har eg no gjort alt ho har sagt eg skal gjer. "Dæ du gjer æ å henge ei eddikfille ved siden av senga. Det hjalp alltid då du va lita. So finne du dæi en varmepose med kokande vatn som du legge på bringa. Noke du òg kan gjer e å legge den store, grøne puta onde overmadrassa, so du ligge litt opp med haude´, ogso legge du dæi med en einaste gong (sovn æ den beste medisinen)."

No ventar Carrie på meg. God natt.

lørdag 3. mai 2008

Stadt er godt

No sit eg i mitt nydelege Ditlef-Maria-Hus med macen på fanget, omringa av stearinlys og god stemning, -avslappa stemning. Det er så herleg å vere her. Ein er liksom så langt i frå alt, og tankane vert berre att der dei opprinneleg vart til. Stadt er i seg sjølv ein fredeleg plass, der sauer, born og måkar går hand i hand.

Huset, eller rettare sagt rønna vi kjøpte under tvil i 2003, har vorte ei perle. Det tykkjer i alle fall eg. Det er eit uendeleg prosjekt, som aldri kan verte ferdig, men eg elskar det. I dag har vi laga plen. Det har det siste året berre vore ein ujamn brun flekk, fordi vi i fjor sommar og utover hausten renoverte huset på utsida. No, derimot er tida inne for ny innsats, og eg trur det vert bra! I fem og ein halv time har vi plukka stein, luka ugras, lagt ny jord og strødd grasfrø. Eg gler meg til og sjå resultatet, og etterpå kunne rulle meg i graset.

Etter ein helteinnsats i hagen, køyrde eg og pappa på tur, så eg ikkje skal stryke når eg ein gong skal på oppkøyring. Det nektar eg –foreløpig. I første omgang er det no teorien som står for tur. Jaja, den tid, den sorg.