tirsdag 29. januar 2008

Mandag morra blues

Nok ein måndag er her. Dagen vi alltid gler oss til. Eg saknar Helene, merkar eg. Til tross for lite pedagogisk undervising, sprettauge og tre lag tjukke rynker i panna, kjenner eg at det hadde vore godt å sjå ho att. Vi lo mykje meir i klassa enn vi gjer når vi har geJr. Kjipt.

Nattesvevnen vart grådig redusert natt til i dag. Vanvittige draumar og ville hallusinasjonar herja som småkåte måkar rundt i det lille, gusjegrøne soverommet mitt. Ingvild skulle ha meg med på eit eller anna prosjekt, eg skjønte ingenting men måtte hjelpe ho likevel. Eg var ikkje blid då eg vakna. Ikkje resten av dagen heller, når eg tenkjer meg om. Beklagar, kjære medelevar -at eg var så gretten. Kan skjøne det er keisamt å vere morgongretten ein heil dag. Får håpe eg får sove betre etter ei hard aukt aerobic i kveld. Det trur eg. Ellers tyr eg til Valerina, som dessutan ikkje hjelp stort likevel.

Heile forrige veke gjekk til laging av dreiebok, planlegging og filming. Var nesten ikkje på skulen i det heile. Eg syntes det var litt rart då Sonja tidlegare i dag fortalde meg at ho sakna og vere på skulen. Men då eg endelig kom opp på skulen og fikk sitje ved min kjære iMac igjen, forstod eg alt. Det er faktisk min andre heim, dette ukoslege, rotete klasserommet. Det er vel difor eg nok ein gong sit her lenge etter skuletid og puslar med litt av kvart. Eg tok, som de kanskje ser endeleg mot til meg og prøvde meg på html-kodinga på layouten. No er bloggen litt meir min, på ein måte.

Helga var kjempefin. Sosse- og berteselskapet var vellukka, og alle var glade. Likevel fann eg senga rimeleg tidleg. Ikkje veit eg kvifor. På laurdag var eg den ultimate slasken. Med macen godt plassert på fanget, micromat i munnen (og på lakenet...) tilbragte eg heile dagen i den gode senga mi. Det kjendes kjempegodt, men likevel litt usosialt og usunt. Då klokka nesten var seks, heiv eg på meg klede, og sprang på butikken for å kjøpe melk og sjokolade. Den delte eg sjølvsagt med gulehusgjengen, som inviterte meg på vegetartaco. Neste gong skal eg òg bruke tacokrydderet på champignonen. Kjempegodt! Resten av kvelden var det inn, ut, fram og tilbake. Folk kom og folk gjekk. Vi kom og vi gjekk. Vi såg på bilete, og eg slapp inn på Willy. Det var litt keisamt likevel, for eg var ikkje i like godt dansehumør som dei andre. Klokka fem låg alle opp på kvarandre på sofaen til Lina og Ragnhild, så eg tok meg saman og kraup til sengs. Mi seng.

Sundagen var ein smule lik laurdagen. Senga vart igjen hovudbasen, men eg var betre opplagt (pussig nok), og reinska hybelen for alt som heitte kliss, rot og tome Biolakartongar. Michael Jackson med sine "ah" og "chemon"hjalp til. Elles var det film og pølsefrukost med Lina og Ragnhild, planlegging av skitur som ikkje vart noko av grunna mangel av bil. På kvelden var det atter ein gong samling, der bollar og kos stod på agenda.

No er eg svolten, trøtt og iskald. Så Rema er neste stopp, etterfulgt av varm hybel (?) og god middag.

Ingen kommentarer: