torsdag 29. mai 2008

Sandane: I LOVE YOU

Det har vore ein kjekk dag! Trass ei stressande tid med mange prøver og innleveringar, har eg hatt det supert. På skulen vart eg ferdig med fotoprosjektet mitt. Ei stor bør av mine akslar. På laurdag skal klassa stille bileta ut på senteret. Oppe der, veit du. Kom kom!

Fram- og baksida på eit av bileta mine som skal henge ned (frå eit eller anna eg ikkje veit enda) . Tanken er liksom at ein skal få sjå kva som er på innsida. Difor er det ikkje lagt så stor vekt på utsidebiletet. Mine to andre inside pictures er frå ruinen på andre sida av gata, og vårt eige kvite gulehus. Dei får du sjå på laurdag.


Då klokka slo halv fem, fekk vi komme å sjå arbeidsvisning til ein flokk i tredje drama. Dei har eksamen og er kjempeflinke. Lina var ein (for) svett mann i eit bosspann.

På veg ned att frå skulen, fann eg og Fredrik ut at vi skulle hoppe i vasspreiaren, plassert på fotballbana. Dette var kjeks! Og vått. Og deilig. Og kjempemorosamt. Geir var fotograf, men bileta har eg ikkje fått fingrane i enda. Som to vatntunge posar slentra vi oss glade og nøgde ned mot sentrum for å kjøpe is. Den spragleisen som er ny. Og kjempegod. For å kjøle ned beina ein smule meir, putta vi dei i fontena og hadde eit fint liv. Diverre er eg tilbake att på min innehybel, fordi Margot, min kjære norsklærar krev stil frå meg. No skriv eg blogg for å utsetje. Eg har dessutan ete honning- with a twist of orange-melon no. Kjempemessig!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulere me teoriprøva! Goe bilde! Eg må få sjå dei andre ein dag ;P

Valkyrje sa...

Korleis gjekk det med stilen? :)

Stilige bilete.

Silkeschwarzen sa...

Inger: Takk takk! No skal eg snart ned og tilføre utstillinga litt kjeks og saft.

Frk. Poirot: Eg tenkte eg måtte belønne meg på førehand av stilen, så eg såg ei episode Desperate Housewifes til batteriet til macen var flatt. Straumsnora hadde eg lagt att på skulen sjølvsagt. Eg er ikkje ein veldig handsriven person :)

Valkyrje sa...

Hehe, kjenner meg igjen. :P "Skal berre sjå den episoden fyrst..." "Å nei, den var jo kjempespanande, kva skjer vidare? No må eg sjå det òg..." And so it goes.

Silkeschwarzen sa...

Nettopp! Eg er plagsomt udisiplinert. Men men :)

Anonym sa...

We should have a great day today.