I'm shutting down...
...i alle fall for ei stund. Blæ!
fredag 25. juli 2008
fredag 18. juli 2008
Tristesser.
Mi materialistiske verd fell i grus. I det store og det heile er eg ikkje så opptatt av ting og tang. Men der er nokre element som er med på å forme kvardagen min. Desse tinga er:
Mamma gifta seg forresten i hatt. Er den ikkje fin?
- Min kjære iPod. Kva er vel livet utan musikk?
- Min kjære MacBook. Kva er vel livet utan den, sånn reint generelt?
- Mitt kjære kamera. Ja, det er berre eit vanleg digitalkamera, men kva er vel livet utan visuelle minner?
- Min kjære veteranmobil. Kva er vel livet utan å kunne ringje mamma?
- Mi kjære lommebok. Kva er vel livet utan noko å miste? Ja, heile tida...
Mamma gifta seg forresten i hatt. Er den ikkje fin?
søndag 13. juli 2008
Die Stadt
...eller tvert i mot. Eg har no vore på bygda Stadt sida onsdag kveld. Dette har eg opplevd:
I morgon ber det heimatt til Florø, der Daniel og sin sveits-kompis, Jonas befinn seg. På tysdag er eg remakjerring på fulltid og ut veka. Diverre fekk eg dei aller kjipaste vaktene: 15.00-22.15, noko som betyr null sosialt samkvem. Då blir det i tilfelle om natta, sidan alle jobbar frå ni til tre eller noko... Men men, ja ja. Eg er uansett ganske frisk til sinns, og gler meg til å kunne tjene litt gryn i og med at eg er rakablakk etter Roskilde.
koz.
- lærekøyring
- strandkos
- god mat
- forkyling
- besøk av Hilde, Helge og Mathilde = kjeks
- planar om surfing, men heime grunna forkyling, medan besøk surfar
- mini-roadtrip med besøket
- Fure
- krangla + blitt ven att med mama.
I morgon ber det heimatt til Florø, der Daniel og sin sveits-kompis, Jonas befinn seg. På tysdag er eg remakjerring på fulltid og ut veka. Diverre fekk eg dei aller kjipaste vaktene: 15.00-22.15, noko som betyr null sosialt samkvem. Då blir det i tilfelle om natta, sidan alle jobbar frå ni til tre eller noko... Men men, ja ja. Eg er uansett ganske frisk til sinns, og gler meg til å kunne tjene litt gryn i og med at eg er rakablakk etter Roskilde.
koz.
fredag 11. juli 2008
Roskilde og sånn
Ja ja, då var det tilbake til sivilisasjonen. I alle fall for ein augneblunk. Deretter var det rett til Stadt og vår alles kjære Ditlef-Maria-Hus. Her har eg eg mot all fomodning no funne eit nyetablert nettverk eg kunne stjele litt signal frå. Og ja, eg veit; litt sleipt er det. Men når vi helst ikkje vil at det gamle huset vårt skal overteknologerast (?)-eh, ja... - med internett og andre styggedommar, må ein nesten rekne med at noko slikt skjer. Internett-tjuveri altså.
I dag har eg vore på Myresanden og kosa meg. Får eg skjeve med jordbær og sukker på, er eg meir enn lukkeleg. nam nam.
Uansett: grunnen til at eg skulle skrive dette innlegget var eigentleg berre for å hylle Roskilde. Eg har aldri hatt det så kjekt som eg har hatt denne veka på festival. Heile atmosfæren var heilt magisk (utan å virke overdrive positiv). Musikken, folka, telta, butikkane og campen vår. Reisefølget var heilt perfekt! Og vi hadde det kjekt uavbrutt. Eigentleg vil eg ikkje sitje her å sette ord på ei slik storarta oppleving. Det vert for lite dekkjande -uansett. Her er heller litt godiz: (bileta er teke med eingongskamera, difor den sjarmerande, dårlege kvaliteten)

Abonner på:
Innlegg (Atom)