tirsdag 3. juni 2008

Lukke på jord

I dag er eg berre lukkeleg. Vi er ferdig med den siste prøva frå månaden som kan samanliknast med skjærsilden. I går (sundag) var eg så lei, eg trudde eg skulle visne. Når vart heilagsundag gjort om til lesesundag? Er det ikkje meininga at helg skal vere helg? Med null motivasjon i kroppen, (tvert i mot kjeks) er det ikkje så lett å lese om økonomisk og kulturell globalisering uansett. Dei to kapittela vi skulle ha prøve i, byrja eg ikkje å lese på før klokka var halv ett om natta. I tillegg klarte eg sjølvsagt å forsvove meg til skulen. Himmelsk! Men eg rakk prøva då, heldigvis... Eg klarar ikkje å tenke karakterar lenger. Kanskje etter sommarferien, men no er eg klar for eit nytt, fint liv i mange lysår framover.

I dag har eg berre slappa av, spelt volleyball, sola meg og bada (!!). Det var årets fyrste i fjorden, og det var deilig! Eg trur Sonja fotograferte:

Eg har nettopp sett verdens fyrste episode av Alley McBeal med mine to, kjære sambuarar, og alt er fint. No høyrer eg introen til Toto sin "Africa" på ny og ny og ny. Mariell introduserte meg for denne songen, og eg likar eigentleg berre introen og alle mellomspela som er av same slag som introen. Veit ikkje kva det minnar om, men ...ahh.

lørdag 31. mai 2008

Tull

No har eg endeleg funne ut kvifor eg alltid må skrive ein tidlegare dato enn det eigentleg er for å få publisert innegg her. Eg hadde tidssona til Kuala Lumpur som instilling. Etter å ha skifta til Oslo, vart sjølvsagt alle tidlegare innlegg litt fortulla. Men eg orkar rett og slett ikkje å forandre på så mange innlegg, så de får ta døgnrytmen min med ei klype salt.

Rot, Foto og Silke.

No har eg og min kjære sambuar, Geir nettopp vore nede på senteret med kjeks og saft. Det seier kanskje seg sjølv at dette vart frukosten. Nam. Ballerina. Eg må forresten sei meg nøgd med utstillinga. Planen min om dingeldangelbilete gjekk i oppfylling, og eg har faktisk fått ros. Kjempekjekt!

Som de kanskje ser, har eg skifta bloggnamn til Silkeschwarzen. Dette av to grunnar:
1) Christine er litt for allment og keisamt.
2) Min andre kjære sambuar, Blingvild kallar meg Silkeschwarzen i ny og ne. Og eg likar det. (For de utanomforståande som ikkje skjønar noko, er Schwarz etternamnet mitt. Difor kallenamnet)

No skal eg rydde rommet mitt. Det har faktisk aldri sett verre ut:



Og ute er det fint vèr. Er det ikkje flott?

torsdag 29. mai 2008

Sandane: I LOVE YOU

Det har vore ein kjekk dag! Trass ei stressande tid med mange prøver og innleveringar, har eg hatt det supert. På skulen vart eg ferdig med fotoprosjektet mitt. Ei stor bør av mine akslar. På laurdag skal klassa stille bileta ut på senteret. Oppe der, veit du. Kom kom!

Fram- og baksida på eit av bileta mine som skal henge ned (frå eit eller anna eg ikkje veit enda) . Tanken er liksom at ein skal få sjå kva som er på innsida. Difor er det ikkje lagt så stor vekt på utsidebiletet. Mine to andre inside pictures er frå ruinen på andre sida av gata, og vårt eige kvite gulehus. Dei får du sjå på laurdag.


Då klokka slo halv fem, fekk vi komme å sjå arbeidsvisning til ein flokk i tredje drama. Dei har eksamen og er kjempeflinke. Lina var ein (for) svett mann i eit bosspann.

På veg ned att frå skulen, fann eg og Fredrik ut at vi skulle hoppe i vasspreiaren, plassert på fotballbana. Dette var kjeks! Og vått. Og deilig. Og kjempemorosamt. Geir var fotograf, men bileta har eg ikkje fått fingrane i enda. Som to vatntunge posar slentra vi oss glade og nøgde ned mot sentrum for å kjøpe is. Den spragleisen som er ny. Og kjempegod. For å kjøle ned beina ein smule meir, putta vi dei i fontena og hadde eit fint liv. Diverre er eg tilbake att på min innehybel, fordi Margot, min kjære norsklærar krev stil frå meg. No skriv eg blogg for å utsetje. Eg har dessutan ete honning- with a twist of orange-melon no. Kjempemessig!

onsdag 28. mai 2008

Livet er godt att, med peanøttsmør på.

Eg er berre nøgd.
Eg har teke teoriprøva for førarkortet, jippiii!
Eg har lagt i sola i dag.
Eg har ete rugsprø m/ peanøttsmør + iskaffi til. mm.
Eg er nesten ferdig med fotoinnleveringa.
Eg skal snart sjå Frustisane.

Til helga skal klassen ha utstilling på senteret med dokuentarfotoseriane våre. Eg gler meg til å sjå alle sluttprodukta. Til helga skal eg òg slappe av, rydde rommet mitt ein gong for alle, og støvsuge resten av hybelen. Utruleg kor mykje skit som poppar fram etter ei (kanskje to...) veke(r). Peace and love, I´m a dove.